Av Zoey Sky, Natural News. Omsett av saksyndig.
Tysklands føderale helseminister Karl Lauterbach, som er kjent for si aggressive fremjing av massevaksinasjon og streng nedstengingspolitikk, innrømte nyleg at Wuhan koronavirus (covid-19)-«vaksinar» sanneleg hadde samband med uventa biverknader.
Lauterbach, ein politikar frå Det tyske sosialdemokratiske partiet (SPD), hevda fyrst at covid-19-«vaksinar» hadde negative biverknader tilbake på sommaren 2021.
Tyske statlege data viser at meir enn 330 000 menneske i landet har covid-19-«vaksine»-relaterte skadar. Mange av dei inkluderer unge menneske som har lidd alvorlege biverknader.
I eit intervju med den offentlege TV-kanalen ZDF sitt program «Today Journal» på sundag 12.mars, sa Lauterbach at ein av kvar 10 000 individ lid alvorlege biverknader. Han la til at legemiddela for å behandle «post-vaksinasjon[skade]» enno ikkje er tilgjengelege. Desto verre er krav til helseforsikringsselskap om dekning særs avgrensa i Tyskland.
Etter å ha prøvd å ro seg unna, vart Lauterbach spurt om ein påstand han kom med i ei Twitter-melding i 2021. I innlegget sitt sa han at vaksinasjon var «utan biverknader».
Lauterbach prøvde deretter å endre samtaleemnet ved å leggje til at det var ei overdriving han gjorde i «ein uheldig tweet». Likevel er embetsmannen bestemt på at han ikkje ser nokon feil frå Helseministeriet si side. Han påstod òg at alvorlege biverknader på grunn av «vaksinane» er sjeldne.
«Alvorleg vaksinasjonsskade, basert på data frå Paul Ehrlich-instituttet eller den europeiske autorisasjonsautoriteten, førekjem med mindre enn éin per 10 000 vaksinasjonar. So det er ikkje slik at vaksineskade er so vanleg,» sa Lauterbach.
Tyske brukarar gjekk ut på sosiale media og kritiserte Lauterbach. Til dømes tok professor Stefan Homburg ved Universitetet i Hannover Lauterbach for å seie at han var «fullstendig klar over» den dokumenterte vaksinasjonsskaden; likevel nekta han for dei og pressa på for massevaksinasjon.
Menneske som er skadde av vaksinar planlegg å saksøkje produsentane
Ifølgje nyheiter frå Die Welt, jobbar folk som er alvorleg skadde av covid-19-«vaksinar» saman for å saksøkje vaksineprodusentane. Derimot er oddsa ofte i mot dei som lid av vaksineskadar fordi produsentar ofte kan gøyme seg bak juridisk vern.
Mange av desse offera, slik som 20-årige Alina Adams, var heilt friske før dei vart vaksinerte. Adams vart sjuk ein dag etter at ho fekk vaksinen. No sit Adams for det meste i rullestol, og har blitt diagnostisert med «post-vaksine-syndrom».
Homburg utfordra òg dei offisielle tala frå Lauterbach, som hevda at det berre var eitt alvorleg tilfelle per 10 000.
«På 1:10 000 speler Lauterbach ned risikoen for alvorleg vaksineskade. Hans eige ministerium antek 1:5000 utan urapporterte tilfelle, noko som utgjer 1:1250 med fire dosar,» sa Homburg.
Folk krev no at vaksineprodusentane tek på seg noko av den finansielle børa blant menneske som opplever uventa biverknader på grunn av covid-19-«vaksinar». (Relatert: WHO-varslar: Globalistmarionettar vil ha full kontroll over menneskeheita gjennom iverksetjing av covid-19-pandemitraktat.)
I intervjuet nemnde Lauterbach at han ber om at farmasøytiske selskap blir med på erstatningsutbetaling til offera.
Han annonserte at han starta eit program med ministeriet sitt for å etterforske konsekvensane av «Long covid og post-vac (vaksineskade)» og for å forbetre omsorga for menneske som lid av vaksineskadar.
Paul Ehrlich-instituttet har motteke minst 333 492 mistenkte tilfelle av uventa biverknader og 50 833 mistenkte tilfelle av alvorlege uventa biverknader «etter grunnleggjande immunisering pluss oppfriskningsdose» til og med desember 2022. Alvorlege biverknader knytt til covid-19-«vaksinar» inkluderer hjartebetennelse, nevrologisk skade og lamming.
Sjå denne videoen for meir informasjon om biverknadene av covid-19-«vaksinane».