Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Medan tilsette i selskapet strevde for å få endane til å møtast under den fabrikkerte Wuhan koronavirus (covid-19)-«pandemien», var den amerikanske kornblandingskjempa Kellogg’s opptekne med å love 91 millionar dollar i donasjonar til Black Lives Matter (BLM)-rørsla som øydela landet i kjølvatnet av George Floyd-psy-op-en.
Ein ny database frå det konservative Claremont Institute avslører at Kellogg’s skapte ei «Racial Equity 2030 Global Challenge» [«ei global 2030-utfordring relatert til rase-utfallslikskap»; omtrentleg omsetjing] i 2020 som fekk ein pengeinjeksjon av 90 millionar dollar for å «vere pådrivar for innovative og handlingsverdige løysingar for å byggje ei framtid med rase-utfallslikskap».
«Som dei ansvarlege for framtida til barna våre, må vi kollektivt stå overfor den primære utfordringa i vår tid: rase-utfallslikskap,» fastslo W.K. Kellogg Foundation si verje og styreleiar Cathann Kress i ein promovideo om kampanjen, som vart lansert i samband med feiringa av stiftinga sin 90-årsdag.
«I oktober 2022 vart fem mottakarar utpeikte til å motta til saman 80 millionar i løpet av dei neste åtte åra, med sluttidspunkt i 2030, som er W.K. Kellogg Foundation sin 100-årsdag,» står det å lese på stiftinga si nettsie.
(Relatert: Visste du at Kellogg Foundation òg betaler ulovlege innvandrarar 500 dollar i månaden berre for å vere ikkje-kvite og ikkje-amerikanske?)
Kellogg’s hatar både kvite menneske og sine eigne tilsette
På den tida då alt dette skjedde, vart Kellogg’s sine tilsette meir og meir frustrerte over dårleg betaling, avgrensa ferietid og andre arbeidsplassproblem. Rundt 1400 tilsette i fire delstatar, i Michigan, Nebraska, Pennsylvania og Tennessee, gjekk ut i ein nesten tre månader lang streik for å protestere mot selskapet si elendige behandling av sine tilsette.
Ifølgje fagforeiningstillitsvalde var desse 1400 Kellogg’s-tilsette opprørte over selskapet sitt lagdelte frynsegodesystem, som inkluderte arbeidsveker frå 72 til 84 timar og knapt nok fritid. Under den streiken stengde Kellogg’s fullstendig for helseytingar, noko som tvinga arbeidarane til å betale skyhøge eigenandelar for å behalde desse [sokalla COBRA premiums].
Dette gjorde det spesielt vanskeleg for Kellogg’s-tilsette med før-eksisterande tilstandar slik som kreft å halde fram med å leve, men selskapet kunne ikkje ha brydd seg mindre, so lenge BLM fekk opp i nevane fleire titals millionar dollar for at selskapet skulle kunne vise solidaritet for Floyds død.
I mellomtida bestemte Kellogg’s seg for å dele ut nok ein million til NAACP, pengar som burde ha gått til dei tilsette i staden. Kellogg’s sa at pengane var ei passande gåve til NAACP på grunn av deira forplikting til å «bekjempe rasisme».
«Kellogg Company si gåve på ein million dollar kjem i tillegg til midlane som W.K. Kellogg Foundation gjev til NAACP, inkludert 1,15 millionar i 2020,» erklærte Kellogg Company-leiar og adm.dir. Steve Cahillane stolt. «NAACP er ein av dei mange ankerorganisasjonane for rase-utfallslikskap som WKKF [Kellogg’s-stiftinga] støttar.»
Hugs at desse 91 millionar dollarane vart delte ut av Kellogg’s midt oppi den mest destruktive bølgja av politisk vald på meir enn hundre år. Byar i heile USA vart brende ned av BLM-terroristar, og Kellogg’s lønte dei med millionar medan dei hånlo av behova til sine eigne tilsette.
Ingenting av dette var godt nok for BLM-gjengen, derimot. Aktivistar hadde visstnok selskapet som mål etter pengegåvene på grunn av dei «tre kvite gutane» som figurerer som teiknefigur-maskotar på Rice Krispies-øskjer. Å vise noko som helst kvitt, påstod aktivistane, er «rasistisk» og Kellogg’s må stå fram som angrande syndarar.
BLM-aktivist og tidlegare medlem av det britiske parlamentet, Fiona Onasanya, skulda Kellogg’s for «kvitt overherredømme» for å ha dei kvite figurane på øskjene, som ho tydelegvis meiner alle burde vere svarte eller brune – kva som helst anna enn kvitt.
«Coco Pops og Rice Krispies har den same samansetninga (bortsett frå det faktum at [Coco Pops] er brune og har sjokoladesmak)… so eg lurte på kvifor Rice Krispies har tre kvite gutar som representantar for merket og Coco Pops har ein ape?» klaga Onasanya på Twitter.