Henta frå RT.com. Omsett av saksyndig.
Regjeringa i Zimbabwe vil gjerne bli medlem i BRICS-økonomiblokka, sa talsmannen i det herskande partiet ZANU-PF onsdag [15.mars 2023].
«Vi gjorde det tydeleg at vi gjerne vil bli ein medlem av BRICS,» sa Cristopher Mutsvangwa til det russiske nyheitsbyrået RIA Novosti.
Embetsmannen la til at landet hans er interessert i å utvikle alternativ til det vestleg-dominerte betalingsnettverket SWIFT. Utifrå hans synspunkt kan BRICS bidra til det.
Mutsvangwa skildra BRICS som ei ny kraft i internasjonale relasjonar, og sa at han håper at deira vekst og ekspansjon vil halde fram.
Dei fem BRICS-nasjonane – Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika – utgjer meir enn 40% av verdas befolkning og nesten ein fjerdedel av det globale BNP.
Tidlegare i år sa den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov at «meir enn eit dusin» nasjonar har uttrykt interesse i å gå inn i BRICS-alliansen.
Desse inkluderer Algerie, Argentina, Bahrain, Bangladesh, Indonesia, Iran, Egypt, Mexico, Nigeria, Pakistan, Sudan, Syria, Tyrkia, Dei sameinte arabiske emirata, Venezuela og Zimbabwe.