Korleis dei overbeviste Trump om å stengje ned

Av Jeffrey A. Tucker, Brownstone Institute. Omsett av saksyndig.

Eit vedvarande mysterium i tre år er korleis Donald Trump vart den presidenten som stengde ned det amerikanske samfunnet på grunn av noko som viste seg å vere eit handterleg luftvegsvirus, noko som sette i gang ei ufatteleg krise med bølgjer av destruktivt nedfall som held fram den dag i dag.

Lat oss ta ein gjennomgang av tidslinja og kome med nokre velfunderte spekulasjonar rundt det som skjedde.

9.mars 2020 meinte Trump framleis at viruset kunne handterast ved hjelp av normale metodar.

To dagar seinare endra han tonen. Han var klar til å bruke den fulle makta til den føderale regjeringa i ein krig mot viruset.

Kva endra seg? Deborah Birx skriv i boka si at ein venn av Trump døydde på eit New York-sjukehus og at det er det som fekk han til å endre meining. Jared Kushner rapporterer at han rett og slett lytta til fornuft. Mike Pence seier at han vart overtala ved at staben hans ikkje ville respektere han lenger [om han ikkje endra meining; oms.an.]. Det er ingen tvil (og basert på alle eksisterande rapportar) at han fann seg sjølv omringa av «pålitelege rådgjevarar» som utgjorde rundt fem menneske (inkludert Mike Pence og Pfizer-styremedlem Scott Gottlieb).

Berre ei veke seinare kom Trump med ordren om å stengje alle «innandørs- og utandørsarenaer der folk møtest», noko som sette i gang den største regimeendringa i amerikansk historie som var stikk i strid med alle rettar og fridommar som amerikanarar tidlegare hadde teke for gjevne. Det var det ultimate i politisk triangulering: slik som John F. Kennedy kutta i skattar, Nixon opna Kina og Clinton reformerte velferd, stengde Trump ned den økonomien han lovde å gjenopplive. Denne handlinga forvirra kritikarar på alle sider.

Ein månad seinare sa Trump at avgjerda hans om å «skru av» økonomien redda millionar av liv, og påstod seinare til og med at han hadde redda milliardar. Han har enno til gode å innrømme feil.

Sjølv so seint som 23.juni det året, kravde Trump ære for å ha følgt alle Fauci sine tilrådingar. Han ønskte å vete kvifor dei «elskar han og hatar meg».

Noko i denne historia har liksom aldri gjeve meining. Korleis kunne éin person ha blitt so overtala av ei handfull andre slik som Fauci, Birx, Pence og Kushner og vennene hans? Han må då vitterleg ha hatt andre informasjonskjelder – eit anna scenario eller etterretning – som var med på å påverke hans katastrofale avgjerd.

I éin versjon av hendingane, peikte rådgjevarane hans rett og slett på den påståtte suksessen til Xi Jinping i å innføre nedstengingar i Wuhan, som Verdas helseorganisasjon hevda hadde stoppa smitten og fått viruset under kontroll. Kanskje rådgjevarane hans smigra Trump med observasjonen om at han er minst like stor som Kinas president, so han burde vere modig og innføre den same politikken i USA.

Eit problem med dette scenarioet er timinga. Møta på Det ovale kontor som fann stad før denne ordren 16.mars 2020, skjedde i helga 14. og 15. Det var allereie tydeleg innan den 11. at Trump var klar for nedstengingar. Dette var same dag som Fauci sitt bevisst villeiande vitnesbyrd til House Oversight Committee, der han skaka rommet med spådommar om blodbad verdig ein Hollywood-film.

Den 12. stengde Trump for alle reiser frå Europa, Storbritannia og Australia, noko som førde til enorme oppsamlingar av menneske på internasjonale flyplassar. Den 13. kom Department of Health and Human Services med eit konfidensielt dokument som overførde kontrollen av pandemipolitikken frå CDC til Det nasjonale tryggleiksrådet [National Security Council] og til slutt Department of Homeland Security. Innan den tida Trump møtte Fauci og Birx den legendariske helga, var landet allereie underlagt kvasi-militærlov.

Ved å isolere datoen i denne bana, er det tydeleg at kva enn som skjedde som fekk Trump til å skifte meining, fann stad 10.mars 2020, dagen etter Twitter-meldinga der han skreiv at der ikkje burde kome nokon nedstengingar, og éin dag før Fauci sitt vitnesbyrd.

Det som skjedde krinsar høgst sannsynleg rundt den mest vesentlege oppdaginga vi har gjort i løpet av tre års etterforsking: Det var Debbie Lerman som fyrst knekte koden: Covid-politikken vart ikkje laga av folkehelsebyråkratar, men av sektoren for nasjonal tryggleik i den administrative staten. Ho har vidare forklart at dette skjedde på grunn av to kritiske trekk i responsen: 1) trua om at dette viruset kom frå ein laboratorielekkasje, og 2) vaksinen var biotryggleiks-mottiltaket som vart pressa fram av desse same folka som løysinga.

Når vi veit dette får vi større innsikt inn i 1) kvifor Trump skifta meining, 2) kvifor han aldri har forklart denne monumentale avgjerda og elles fullstendig unngår emnet, og 3) kvifor det har vore so uuthaldeleg vanskeleg å finne noko som helst informasjon om desse mystiske få dagane, anna enn det som blir lirt av seg i bøker laga for å tene pengar for forfattarar slik som Birx, Pence og Kushner.

Basert på ei rekkje andrehands-rapportar, alle tilgjengelege spor vi har samla, og tidskonteksten, ser følgjande scenario mest sannsynleg ut. 10.mars, og som respons på Trump si avfeiande Twitter-melding dagen før, kom nokre pålitelege kjelder i og rundt Det nasjonale tryggleiksrådet (Matthew Pottinger og Michael Callahan, til dømes), og truleg med involvering frå enkelte frå den militære kommandoen med fleire, til Trump for å fortelje han topphemmeleg informasjon.

Førestill dykk ei scene frå Get Smart [ein parodi på spionsjangeren, både TV-serie og film; oms.an.] med Cone of Silence, til dømes. Desse er hendingane i livet til statsstyrekunst som sprøyter inn i mektige folk den kjensla av dei er fabelaktige. Lagnaden til heile samfunnet kviler på skuldrene deira og avgjerdene dei tek på dette punktet. Naturlegvis sver dei intenst hemmeleghald etter at dei har blitt gjort kjent med denne episke avsløringa.

Avsløringa var at viruset ikkje var eit skuleeksempel på eit virus, men no langt meir trugande og skrekkeleg. Det kom frå eit forskingslaboratorium i Wuhan. Det kunne faktisk vere eit biovåpen. Dette er grunnen til at Xi måtte gjere ekstreme ting for å beskytte folket sitt. USA burde gjere det same, sa dei, og der er ei løysing tilgjengeleg òg, som blir nøye vakta av militæret.

Det ser ut til at viruset allereie hadde hamna på kartet, slik at ein kunne lage ein vaksine for å beskytte folket. Takka vere 20 års forsking på mRNA-plattformer, fortalde dei han, kunne denne vaksinen bli rulla ut på berre nokre månader, ikkje fleire år. Dette tydar at Trump kan stengje ned og distribuere vaksinar for å redde alle frå Kina-viruset, i god tid til det komande presidentvalet. Å gjere dette ville ikkje berre sikre at han vart gjenvalt, men garantere at han ville gå over i historia som ein av dei mest storslegne amerikanske presidentane nokosinne.

Dette møtet kan berre ha vart ein time eller to – og kan ha inkludert ein parade av toppklarterte personar innan nasjonal tryggleik – men det var nok til å overbevise Trump. Trass alt hadde han kjempa mot Kina dei to siste åra, og innført tariffar og kome med alle former for trugslar. Det var lett å tru på det punktet at Kina kan ha sett i verk biologisk krigføring som gjengjelding. Det er grunnen til at han tok avgjerda om å bruke alle maktene til presidentembetet for å påtvinge nedstenging under unntakslover.

For å vere sikker tillèt ikkje Grunnlova han å overstyre makta til delstatane, men med vekta til embetet komplett med nok midlar og overtaling, kunne han få det til å skje. Og altso tok han den lagnadstunge avgjerda som ikkje berre øydela presidentembetet hans, men landet òg, og påførde skadar som vil vare ein generasjon.

Det tok berre nokre veker før Trump fatta mistanke om kva som hadde skjedd. I veker og månader veksla han mellom å tru at han hadde blitt lurt, og at han hadde gjort det rette. Han hadde allereie godkjent 30 fleire dagar med nedstengingar og til og med protestert aggressivt mot delstatane Florida og Georgia for at dei gjenopna. Han gjekk so langt som å påstå at ingen delstat kunne opne utan hans godkjenning.

Han skifta ikkje fullstendig meining før august, då Scott Atlas avslørte heile bløffen til han.

Der er eit anna fascinerande trekk til dette fullstendig plausible scenarioet. Sjølv då Trumps rådgjevarar sa til han at dette kunne vere eit biovåpen som hadde leke frå laboratoriet i Kina, hadde vi Anthony Fauci og kompisane hans som gjekk ut av sine gode skinn for å nekte at det var ein lablekkasje (sjølv om dei trudde at det var det). Dette skapte ein interessant situasjon. NIH og dei som omgav Fauci insisterte offentleg på at viruset hadde zoonotisk opphav [at det vart overført frå dyr til menneske; oms.an.], sjølv medan Trumps sirkel fortalde til presidenten at det burde sjåast på som eit biovåpen.

Fauci tilhøyrde begge leirar, som antyda at Trump særs sannsynleg visst om Fauci sitt bedrag heile tida: den «noble løgna» for å beskytte folket frå å finne ut sanninga. Trump måtte finne seg i det.

Medan han gradvis følgde nedstengingsordrane og overtakinga gjort av Department of Homeland Security, i samarbeid med eit svært fiendtleg CDC, miste Trump makt og påverknad over si eiga regjering, som er grunnen til at hans siste Twitter-meldingar der han oppmoda til gjenopning fall for dauve øyre. For å leggje nok ein spikar til kista, kom ikkje vaksinane i tide for presidentvalet. Dette er fordi Fauci sjølv forseinka utrullinga til etter valet, med den påstand om at forsøka ikkje var rasemessig mangfaldige nok. Altso mislykkast Trumps manøver fullstendig, trass alle lovnadene til dei rundt seg om at dette var ein garantert måte å bli gjenvalt.

Når det er sagt, kan ikkje dette scenarioet bevisast fordi heile hendinga – visseleg det mest dramatiske politiske trekket på minst ein generasjon, og ein med ufattelege kostnader for landet – forblir skuggelagt av hemmelegheit. Ikkje eingong senator Rand Paul kan få tak i informasjonen han treng fordi den framleis er hemmelegstempla. Dersom nokon trur at Biden si godkjenning av offentleggjering av dokument vil vise det vi treng, er den personen naiv. Trass dette passar scenarioet ovanfor alle tilgjengelege fakta, og det er bekrefta av andrehandsrapportar frå innsida av Det kvite hus.

Det er nok for ein fabelaktig film eller eit skodespel med Shakespeare-liknande nivå av tragedie. Og den dag i dag snakkar ingen av hovudaktørane ope om det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s