Dei avviser globalisme: Ungarn og Italia vedtek lover for å beskytte borgarar mot bruken av insekt i mat

Av «Vlad Tepes», RAIR Foundation USA. Omsett av saksyndig.

Globalistar prøver å hjernevaske borgarar med sin miljø- og ernæringspropaganda for å kontrollere matvala til borgarane.

Ungarn har sett i verk strengare reglar mot den hemmelege insektifiseringa av matvarer. Landbruksminister István Nagy erklærte på si sosialmedieside at dei no krev at matvarer som inneheld insektprotein blir merkt med «Åtvaring! Matvara inneheld insektprotein», og må plasserast skild frå andre produkt.

Ministeren la vekt på at regjeringa ønskjer å beskytte ungarske konsumentar frå matvarer som inneheld insektprotein som er godkjent av Brüssel i Den europeiske union (EU) gjennom strenge merkings- og fråskiljingsreglar.

Ungarn var den einaste medlemsstaten som ikkje støtta EUs intensjon om å tillate at insekt blir marknadsført som matvarer og matvareingrediensar i EU.

Han la til at Europakommisjonen set ungararane sine gastronomiske tradisjonar og matvanar i fare. Det er grunnen til at landbruksministeren har fått gjennom tillegg til matmerkingsregelverket for å tilby nøyaktig og sannferdig informasjon til konsumentane.

Produkt som inneheld insektprotein vil vere tydelege å skilje ut og liggje for seg sjølv i butikkhyllene. Emballasje og merke som ikkje lyder regelverket kan halde fram å brukast i tre månader, og produkt med slik emballasje eller merking kan vere på marknaden i maksimalt tre månader. István Nagy peikte òg på at ingen bøter for manglande lydigheit til det utvida regelverket vil bli gjevne i 90 dagar.

Han peikte på at representative undersøkingar gjort av Det nasjonale kontor for matkjede-tryggleik tydeleg viser at sidan 2016, har proporsjonen av menneske i Ungarn som ikkje ønskjer å ete insekt auka med 2,4%.

Dei som føretrekkjer å kjøpe mat av ungarsk opphav ønskjer ikkje å ete insekt. I tillegg streka han under på at ungarske bønder alltid tilbyr den ungarske befolkninga matvarer av høg og god kvalitet, og som er ferske, so det er ingen grunn til å frykte verken matmangel eller proteinmangel.

Han sa òg at regelverket ikkje påverkar tilsetjingsstoff som er laga av insekt, som har blitt omfattande brukt av matindustrien, men at det gjeld insekt [i seg sjølv] brukt som ingrediensar.

Italia forbyr insektmjøl i pasta

Italia har forbode bruken av insektmjøl i pastaen sin, rapporterer The Times. «Den aukande bruken i matlaging av mjøl laga av grashopper og insektlarver har blitt møtt av ilter motstand i Italia, der regjeringa kjem til å forby bruken av det i pizza og pasta og skilje det frå andre matvarer i butikkhyllene.»

Som eit teikn på frykt for at insekt kan bli assosiert med italiensk mattradisjon, heldt tre regeringsministrar ein pressekonferanse i Roma for å formidle fire dekret som har som mål å gjere slutt på bruken av insekt. «Fundamentalt blir ikkje desse mjøltypane forveksla med mat laga i Italia,» sa landbruksminister Francesco Lollobrigida.

Som RAIR Foundation USA tidlegare har rapportert, har ikkje-valde, sjølvutnemnde globalistar kjempa i årevis for at vestlege skal ete insekt. Dei håper å hjernevaske borgarane med miljø- og ernæringsforteljingar for å kontrollere matvala deira. «Fullspekka med vitamin, protein og mineral, blir mjøl laga av grashopper i aukande grad sett på som ein økologisk måte å få i seg næringsstoff, og marknaden er spådd å nå 3,5 milliardar dollar innan 2029.» EU har allereie godkjent matvarer laga av grashopper, biller og larver. I januar vart mjølormlarver lagt til lista.

Derimot er alle dei nemnde insekta lista opp i dei italienske dekreta, og dermed blir det kravd at alle produkt som inneheld dei, blir merkte med stor skrift og lagt for seg sjølv i butikkhyllene, skild frå andre matvarer.

«Den som ønskjer å ete desse produkta kan det, men dei som ikkje ønskjer det, og eg kan tenkje meg at det gjeld dei aller fleste italienarar, vil kunne velje,» sa Lollobrigida.

Orazio Schillaci, helseministeren, sa at lovverket òg ville forby bruken av insektmjøltypar i «typiske» italienske produkt slik som pizza og pasta.

I eit vidare forsøk på å fremje italiensk mat, informerte regjeringa på torsdag [23.mars 2023] at dei ville føreslå at italiensk mattradisjon vart lagt til Unesco si verdsarvliste.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s