Av Katherine Hamilton, Breitbart. Omsett av saksyndig.
Ein New York-mann som læst som han er ein jentebaby er skulda for å gjentekne gonger bryte seg inn i ein barnehage og stele bleier og morsmjølkerstatning, rapporterte WHAM torsdag [23.mars 2023].
Sheriff-kontoret i Monroe fylke annonserte at dei arresterte 65-årige Daniel Seeler 18.februar kort tid etter at han visstnok braut seg inn i Inspire! Leaning and Childcare i Clarkson.
Leiaren for senteret fortalde tenestepersonar at hendingane byrja då ein tilsett fann 120 dollar og ein lapp, visstnok frå Seeler, som spurde om barnehagen hadde vaksenbleier, og om dei ville «spele med» han, ifølgje rapporten. Personalet fann 200 dollar og ein liknande lapp neste veke. Etter den fyrste hendinga fekk leiaren installert overvakingskamera, og varsla politiet.
Overvakingssystemet varsla personalet 11.februar om mistenkjeleg aktivitet i barnehagen. Leiaren sa at då ho kom dit, fann ho meir pengar og ein annan lapp, og nokon hadde rota gjennom bleiebøtta.
«Leiaren sa at lappen hadde informasjon om storleik på bukser, sko, BH-ar og kjolar, og at mannen indikerte at han likte å spele jentebaby og kalle seg sjølv ‘Baby Danielle’,» ifølgje rapporten.
Neste laurdag varsla overvakingssystemet personalet igjen. Leiaren ringde 911 [naudnummeret] og såg at videoen visstnok viste Seeler «leike med bleier og setje dei saman for å lage ei større ei,» står det i rapporten.
«Ho sa at mannen gjekk inn på badet, trekte ned buksene, tok på seg bleia og deretter trekte buksene over, før han sprang ut av bygningen,» ifølgje rapporten. «Ho sa at ho seinare fann ut at nokon hadde drukke ei halv flaske morsmjølkerstatning, brukt ei smekke og stole tre bleier.»
Seeler vedgjekk å ha brote seg inn i barnehagen og sa at han strevde med ei avhengigheit, ifølgje politiet. Han står overfor sikting for brotsverk og ulovleg ferdsel på privat eigedom, og vart sleppt ut frå fengsel på det vilkår at han møter i retten.
«Tony D’Agostino, eigaren av barnehagen, sa at Seeler ikkje var kjent av nokon i personalgruppa. D’Agostino sa at barnehagen samarbeider med etterforskinga og er fokusert på tryggleiken til barna. Han sa at barnehagen har gjort endringar for å auke tryggleiken, inkludert dørlåsar,» står det i rapporten.