Av Peter Franklin, Unherd. Omsett av saksyndig.
Forventa levealder i USA ligg langt bak den i Europa.
Dei fleste britar innser at USA er rikare enn Storbritannia. Men akkurat kor mykje rikare har framleis krafta til å sjokkere. I 2021 var amerikansk BNP per innbyggjar 69 185 dollar [om lag 726 000 kroner; oms.an.], medan britar måtte greie seg med berre 46 542 [rundt 488 000 kroner]. Faktisk, når ein ser delstat for delstat er USA rikare enn nesten heile Europa. Berre spesialtilfelle slik som Noreg, Danmark og Sveits gjer det betre.
Derimot, før europeiske leiarar føler seg for underlegne, er der eit hår i suppa – trass deira overlegne rikdom, lever amerikanarar vesentleg kortare. Faktisk, som diagrammet ovanfor frå NPR viser, blir forventa levealder-gapet mellom USA og samanliknbare land stadig større.
Eller, for å bruke ei direkte samanlikning mellom USA og Storbritannia, var forventa levealder for menn 73,2 år samanlikna med 78,7 år for deira britiske motstykke. Skilnaden mellom amerikanske og britiske kvinner var noko mindre, men framleis markert – fyrstnemnde hadde forventa levealder på 79,1 år og sistnemnde 82,8 år.
Noko av dette er på grunn av covid-relaterte faktorar. Derimot viser den langsiktige trenden at aldersgapet auka til og med før pandemien.
Kanskje kan vi skulde på langsiktige faktorar slik som ulikskap. Berre fordi USA har eit høgare BNP per hovud enn mesteparten av Europa, tydar ikkje det at rikdommen er jamt fordelt. Derimot kan ikkje dette vere heile – eller til og med den viktigaste – forklaringa. Som NPR-artikkelen gjer tydeleg om ein samanliknar likt for likt – altso rike amerikanarar mot rike europearar etc. – går tala framleis i disfavør av USA.
Sanneleg, nylege nyheiter som viser at forventa levealder no er større i Kina, strekar under det faktum at amerikanarar berre kan forvente å leve so lenge som borgarane i land med middelinntekt, for ikkje å snakke om Europa eller Japan.
So kanskje er problemet at dei har for mykje pengar – og for mange usunne vanar å bruke dei på. Trass alt er dette eit land der ein republikansk presidentkandidat ein gong skreiv ei bok med tittelen Quit digging your grave with a knife and fork. Og likevel, om ein kontrollerer for faktorar til som helseskadeleg overvekt og røyking, er den langsiktige evidensen at amerikanarar likevel døyr tidlegare.
So er sjølve USA dårleg for helsa di? På ein måte, ja. Og det er fordi dette er eit land som er meistrar i å leggje metodane for sjølvøydelegging i nevane på folk – bokstavleg tala når det gjeld skytevåpen, legemiddel og bilratt.
I USA er drap med skytevåpen per hovud 22 gonger høgare enn i EU. Den amerikanske opioid-epidemien har ingen europeisk ekvivalent – hovudsakleg fordi europeiske helseomsorgssystem ikkje deler ut kraftige smertestillande som om dei var drops, som førebudde befolkninga på den ulovlege fentanyl-handelen. I mellomtida er dødsraten på vegane 12,4 per 100 000 menneske i USA samanlikna med 2,9 i Storbritannia.
Der er mange ting ein kan beundre med det amerikanske folket. Ikkje minst at so mange av dei avfeiar tryggleiksideologien. Likevel er der ein pris å betale for aktløyse – og amerikanarar i alle samfunnslag betaler dyrt.