Studie viser at CDC vilt overdreiv kor alvorleg covid var

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Ein ny studie har funne ut at det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC) ikkje fortalde sanninga, nesten ikkje i det heile, under Wuhan koronavirus (Covid-19)-«pandemien».

CDC gjorde minst 25 ulike statistiske eller numeriske «feil» gjennom sagaen som resulterte i at alvorlegheitsgrada til den fabrikkerte krisa vart massivt overdriven, fann artikkelen ut.

Av dei 25 tilfella av «feil» som vart identifiserte, overdreiv 20 av dei vilt kor alvorleg bløffdemien var. Artikkelen det er snakk om vart publisert før fagfellevurdering 23.mars av Social Science Research Network (SSRN).

«CDC har uttrykt betydeleg bekymring knytt til Covid-19-feilinformasjon,» skreiv forfattarane av studien. «For at CDC skal vere ei truverdig kjelde til informasjon, må dei forbetre nøyaktigheita til dei dataa dei kjem med.»

Når CDC vart bedne om å kommentere funna, var dei ikkje å finne nokon stad, og valde dermed å forbli stille. (Relatert: Hugsar de den gongen CDC laug om eit utbrot av meslingar som fann stad berre blant barn som allereie hadde blitt «vaksinerte» mot meslingar?)

Barn vart høgst negativt påverka av CDC sine statistiske og numeriske «feil»

I midten av 2021, som eitt døme, kom CDC, som den gongen var leia av Rochelle Walensky, med falske påstandar om at fire prosent av alle «covid»-dødsfall skjedde blant barn.

Denne påstanden vart brukt til å presse Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksinar» på barn, som når sant skal seiast grunnleggjande hadde null prosent – rundt 0,04%, for å vere meir presis – risiko for å «få» covid og døy av det.

CDC vart gjort merksame på denne feilen og retta den i det stille – men skaden hadde allereie skjedd. Walensky gjekk òg hen og laug under ein pressekonferanse i Det kvite hus om talet barnedødsfall av covid, der ho påstod at det på den tida var 745 tilfelle.

Walensky og andre CDC-embetsfolk laug òg tidleg i 2022 ved å feilaktig hevde at covid er blant topp fem-dødsårsakane blant barn, og siterte ein dårleg utført sutide der CDC samla data heller enn å analysere data direkte. CDC har framleis ikkje kome med dementi av denne løgna.

Nok ein serie «feil» gjort av CDC inkluderer ein påstand i 2022 om at sjukehusinnleggingar av barn med covid «auka igjen». Det viser seg at dette var fullstendig dikta opp, og at barna hadde det heilt fint – men dette stoppa ikkje Walensky frå å stå og lyge om det so nyleg som 9.februar 2023, då ho stod føre Kongressen og laug under eid.

Det viser seg at mesteparten av «feila» som CDC gjorde gjennom sagaen hadde med barn å gjere, eller involverte dei. Walensky og andre ser ut til å ha hatt amerikanske barn i sikte når det gjaldt maskering, «vaksinasjon» og andre former for tyranni, der dei brukte bedragerske data og andre falske påstandar å trekkje folks barn inn i denne psykologiske operasjonen.

«Desse feila antydar at CDC konsekvent overdriv påverknaden Covid-19 har på barn,» erklærer den nye studien.

Dr. Vinay Prasad, epidemiolog ved Universitetet i California, San Francisco (UCSF), og ein av hovudforfattarane i studien, klargjorde at CDC sine feil «ikkje er tolkingsfeil eller preferanse, men demonstrativt uriktige tal».

«Det er skremmande at CDC har gjort desse feila og i somme tilfelle ikkje kome med korrigeringar, og til og med gjenteke feila,» skreiv Prasad på Twitter der han refererte til studien sin og det den fann.

Ha i mente at studien si identifisering av 25 CDC-«feil» ikkje er uttømmande, sidan der sannsynlegvis finst mange fleire der ute som enno ikkje har blitt identifiserte.

«Medan dette ikkje er ei fullstendig liste, er det bekymringsverdig at organisasjonen som har fått i oppgåve å analysere covid-data og kome med tilrådingar om policy har gjort slike elementære feil gjennom pandemien,» sa Kelley Krohnert, ein annan medforfattar av studien og forskar frå delstaten Georgia.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s