Frå Covid til CBDC: Vegen til full kontroll

Av Josh Stylman, henta frå Brownstone Institute, publisert 21.november 2022. Omsett av saksyndig.

Kommentar frå saksyndig: Denne artikkelen vart publisert i november i fjor, men er etter mitt syn høgaktuell i desse bankkollaps-tider.

Det har ei stund sett innlysande ut at det noverande fiat-pengesystemet i bestefall er ustabilt. I verste fall er det eit pyramidespel som har gått ut på dato. Dersom det er tilfellet, mistenkjer eg at sentralbankierane og 0,1% veit dette og kan vere førebudd på å bringe inn det nye systemet før det gamle kollapsar av seg sjølv – til og med medan dei plyndrar det medan det går under ved hjelp av den mest betydelege overføringa av rikdom i menneskehistoria.

For alle som følgjer med på desse trendande, verkar det innlysande at Central Bank Digital Currency (CBDC) [sentralbankstyrt digitalvaluta] vil bli det nye systemet.

Kvar indikasjon seier at CBDC vil dukke opp i næraste framtid. I går [20.november 2022] erklærte fleire globale bankar ein partnarskap med Federal Reserve [den amerikanske, privateigde sentralbanken] for å setje i gang eit pilotprosjekt for digitale dollar. Med tanke på at kredittkort og debetkort, betalingsappar og andre nettbaserte betalingssystem er å finne overalt, har digitale pengar uunngåeleg vore i kjømda ganske lenge. Risikoen ligg ikkje i den elektroniske delen, det er uunngåeleg – det er det faktum at ein sentralbank vil ha oversyn over den digitale valutaen.

Frå min ståstad er det umogleg å overdrive risikoen som CBDC presenterer. Om det er ein utopisk visjon basert på gode intensjonar, eller eit nifst komplott for å knuse suvereniteten vår, kan resultatet bli det same: kontroll. Ein sentralbankstyrt digitalvaluta har alle bakdelane til fiatpengar, pluss dei tillagde laga av overvaking og programmeringsevne styrt av staten.

So mange folk på Team Reality [«røyndomslaget»] har sannsynlegvis kjent seg som dissidentar dei siste åra, fordi dei rett og slett utfordrar alt som ligg utanfor flokkmentaliteten. Å stille spørsmål ved eller tale mot forteljinga om tema inkludert det sannsynlege opphavet til covid-viruset, kor brukelege PCR-testar er, risiko for mesteparten av befolkninga, fordelar med tidleg behandling, fordelar med naturleg immunitet, tryggleiken og effektiviteten til vaksinane, for- og bakdelar med munnbind/nedstengingar, og kor nyttige vaksinepass er, skapte eit miljø der folk vart stigmatiserte, framandgjorde eller regelrett sensurert. Førestill dykk eit pengesystem som har innbakte trekk som sosialt styrer korleis vi lever. Til dømes:

Helse: «Du tok ikkje siste oppfriskningsdose… sorry, men du får ikkje tilgang til offentlege stader.»

Energi: «Du brukte energikvoten din denne månaden… sorry, men din elektriske bil vil ikkje starte.»

Mat: «Du åt for mykje kjøt denne veka… sorry, du kan berre bruke pengar på planter (eller insekt).»

Sparepengar: «Dersom du ikkje tek rasjonane dine snart… sorry, pengane dine vil gå ut på dato i slutten av månaden.»

Ytringsfridom: «Du delte informasjon vi er ueinige i… sorry, algoritmen vår bøteleggjer deg.» (PayPal har allereie byrja å gjere dette)

Dersom CBDC til sjuande og sist blir det nye pengesystemet, vil kjernetrekka deira gjere det slik at regjeringar i verda ikkje lenger vil trenge noko slikt som ei global helsekrise for å trykkje pengar eller stengje ned samfunnet. Kodelinjer kan forme åtferda vår og sikre at vi blir tvinga til å halde oss heime. Heile plattforma vil bli designa for å støyte frå seg arbeid som ikkje lenger blir sett på som naudsynt. Medan eg fyrst trudde at dei statsstyrte farmakologiske inngrepa var ein isolert, akutt trugsel i denne æraen, har det blitt innlysande at dei berre var éin av tentaklane til eit mykje større uhyre. Kva enn slags krefter som antydar denne retninga til verda (eg ser på dykk, Davos), har dei avslørt seg sjølve som nådelause i sin kamp for å halde frykt og makt gåande for alltid.

Eg er fullt klar over at dette må høyrast sprøtt ut, spesielt for alle som ikkje har følgt med på denne trenden ei stund. For nokre få år sidan ville eg ha trudd at dette var absurd, men etter å ha sett regjeringa sine løgner, bedrag og korleis dei grafsar til seg kontroll, har eg byrja å frykte at dette kan vere det vi er på veg mot.

Når du tek til etterretning at vaksinepåbod ikkje hadde noko medisinsk rettferdiggjerande føremål, er det fullstendig plausibelt at dei rett og slett var ein inngangsportal til å normalisere eit «Papieren, bitte»-samfunn. I New York by, der eg budde inntil nyleg, aksepterte folk flest vaksinepass og elska mobilappen Excelsior Pass fordi den var beleileg. Kor mange vil føle det på same måten om digitale pengar, som utan tvil vil kome med sin del av fordelar?

Sentralbankstyrt digitalvaluta vil late regjeringar innføre ovanfrå-og-ned-kontroll, slik som det kinesiske sosialkreditt-poengsystemet. Somme sentralbankierar seier til og med den stille delen høgt. Om dette er målet med programmet eller ikkje, har der nokosinne vore ei tid i historia der regjeringar avviste den makta dei blir gjevne? På dette stadiet er ikkje dette ein tinnfoliehatt-spekulasjon heller. Der finst mange døme på korleis denne typen finansdrivne tvang allereie er på veg.

«No ber regjeringa folk om å søkje etter My Number-kort av plast utstyrt med microchippar og bilete, å bli linka til førarkortet og dei offentlege helseforsikringane. Helseforsikringskort som no er i bruk, men som ikkje har bilete, vil bli utfasa seint i 2024. folk vil måtte bruke My Number-kort i staden.» Kjelde

«Det nye passet vil garantere tildelinga av drivstoffkvoter på vekebasis. Ein QR-kode vil bli gjeven for kvart National Identity Card-nummer (NIC), so fort registreringsnummeret på køyretøyet og andre detaljar blir verifiserte.» Kjelde

«Ifølgje ein reportasje frå 9News Queensland, har departementet bestemt at uvaksinerte lærarar som har fått lov til å vende tilbake til jobben sin etter å ha blitt permittert utan betaling, vil måtte tole nok eit finansielt skot for baugen, med ‘lønnsreduksjon’ i ein periode på 18 veker.» Kjelde

«Forsøket, som er friviljug, vil bruke ansiktsgjenkjenning til å identifisere menneske og kor mange billettar dei har. Teknologien kan bli utvida til å dekkje automatiserte kjøp i kioskar, restaurantar og barar.» Kjelde

«Som del av planar som allereie er annonserte av Regjeringa, vil Uganda byrje å hauste inn DNA og biometriske data frå sine borgarar når korta deira går ut i 2024 for å bli brukt i deira redesigna digital-ID-program.» Kjelde

Dette er berre toppen av isfjellet, og det er globalt. Som vi såg med nedstengingane, er Kina modellen som blir forsøkt oppnådd i Vesten. Slik som med snikinnføringa av helserelaterte autoritære tiltak, lurer ikkje-valde globalistar med finansielle interesser i bakgrunnen.

Når det gjeld alt dette, ville eg ha elska å ta feil. Derimot, fram til der finst bevis, må vi vere mistenksame overfor alle som held fram denne farlege vegen, same kva motivasjonen deira er.

For eit djupare dykk inn i dette temaet, tilrår eg sterkt dette essayet av Fabio Vighi om Long Covid pengepolitikk. Edward Dowd har òg snakka omfattande om forholdet mellom pengesystemet og covid, inkludert under denne augeopnande presentasjonen. Vidare har den utmerka Maajid Nawaz dekt drivkreftene bak CBDC. Andre, slik som Marty Bent, Saifedean Ammous og Allen Farrington, har vore føregangspersonar i å identifisere desse risikoane. Eg deler deira vurdering i å innså at Bitcoin sannsynlegvis løyser dette.

Om de enno ikkje har lagt merke til det, har eit primært tema dei siste tre åra (minst) vore «fridom versus kontroll», so det er ikkje ei overdriving å antyde at framtida må bli desentralisert dersom vi ønskjer å sikre oss at barna våre veks opp i ei fri verd.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s