Av Niamh Harris, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Amerikanske etterretningsbyrå stod mest sannsynleg bak sabotasjen av Nord Stream-gassrøyrleidningane, ifølgje den russiske presidenten Vladimir Putin.
Under eit intervju med Russia 24 TV på laurdag [25.mars 2023] sa den russiske leiaren òg at han er heilt einig i konklusjonane som er gjort av den amerikanske journalistveteranen Seymour Hersh.
InfoWars rapporterer: Det ville ha vore «særs vanskeleg» å kaste lys over heile sanninga, innrømte den russiske presidenten i kommentarar til journalist Pavel Zarubin i Kreml. Likevel uttrykte Putin sitt håp om at på eitt punkt i tida «vil det endeleg bli avslørt kva som vart gjort og korleis».
Den russiske leiaren siterte deretter Hersh, og kalla han «ein amerikansk journalist som nyleg vart nokso framtredande i verda», og sa at han «utførde ei etterforsking og… konkluderte at dette smellet vart orkestrert av den amerikanske etterretningstenesta».
«Eg er heilt einig i desse konklusjonane,» la Putin til. Han utbroderte ikkje vidare om Russland sit på bevis som kan støtte denne ståstaden.
I februar publiserte Hersh ei bombe av ein reportasje om sabotasjen på Nord Stream 1 og 2-gassrøyrleidningane, og skulda Washington for å orkestrere åtaket. USA har nekta ansvar for det. I mars påstod Hersh vidare at CIA og den tyske etterretningstenesta, BND, hadde fått i oppdrag å dekkje over Washington si involvering ved å kome med ei alternativ historie til media.
Dei to etterretningstenestene dikta deretter visstnok opp ei historie om «svarte operasjonar» av ei «pro-ukrainsk gruppe» ifølgje Hersh. Denne versjonen vart so publisert av fleire tyske og amerikanske medieformidlarar.
Moskva avviste rapportane om at ei ukrainsk gruppe stod bak eksplosjonen som «ein koordinert bløffekampanje frå media».