NASA slepper ei bombe av ei anna verd: Innrømmer (visstnok) at månelandingane var forfalska

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Sjå òg «Saksyndig om konspirasjonsteoriar, del 3: Har menneske aldri vore på månen?», publisert 16.august 2022, og «NASA-insider tilstår på dødsleiet: ‘Eg hjelpte til med å filme den falske månelandinga i 1969’» publisert 17.september 2022.

Visste du at NASA endeleg har avslørt sanninga om dei falske månelandingane? Hovudstraumsmedia rapporterte knapt nok om dei oppsiktsvekkjande avsløringane, so folk flest vart ikkje noko klokare av det som NASA har drive og innrømt dei siste 12 månadene.

Sanninga er rett og slett at NASA har so godt som innrømt at landingane var falske, og alle som jobbar i romindustrien og har nokon som helst kunnskap om rakettvitskap, har stille akseptert at heile greia var eit spel. So kvifor i helvete snakkar ingen om dette?

Vi reiste bokstavleg tala ikkje til månen i 1969 og, til denne dag, har ingen menneske – amerikanarar, russarar, kinesarar eller dei gamle egyptarane – vore forbi den lågare jordbana som ligg om lag 1000 miles [1609 kilometer] over havnivå.

Det stemmer, ingen menneske har nokosinne vore høgare enn 1600 kilometer over havnivået… Bortsett frå dei gongene vi «reiste til månen», som er 386 000 kilometer unna. Og veit du kva, vi gjorde det i 1969! På den tida då ei datamaskin med reknekrafta til ein lommekalkulator var på storleik med eit hus. Vi hadde ikkje eingong teknologien til å lage videospelarar den gongen. Vi hadde til og med ikkje mikrobølgjer.

Spoler ein til i dag, over 50 år seinare, har ein iPhone 12 større reknekraft enn kvar einaste datamaskin på Jorda i 1969 kombinert.

Og trass dette… påstår NASA at vi ikkje kan reise tilbake til månen fordi vi har «mist teknologien» til å fare dit. Tydelegvis vart denne «øydelagt», men dei vil ikkje fortelje oss korleis eller kvifor.

Hmmm… Dette verkar då legitimt.

NASA, som er leie over at folk ber om å få analysere dei originale opptaka frå månelandinga, innrømmer at dei har MIST dei. So endra historia seg og no påstår dei at dei har spelt over dei originale månelandingsopptaka på grunn av budsjettkutt.

Tydelegvis har dei sidan funne dei originale opptaka i eit hageskur i ein forstad til Las Vegas. Beleileg for NASA vart dei ikkje funne i ein Hollywood-kjellar brukt av Stanley Kubrick.

Fordi, lat oss innsjå det, kor sannsynleg er det at NASA faktisk kunne spele over dei originale opptaka av menneskeheita si største bragd? På grunn av budsjettkutt – seriøst?

Og det faktum at TV-sendinga, som vart sett av fleire hundre millionar, ikkje vart sendt direkte til TV-stasjonar, men som heller var ei projisering av kringkastinga på ein vegg, som deretter vart spelt inn og sendt ut, høyrest ikkje ut som om NASA prøver å dekkje over spora sine eller noko i den dur.

Lat oss innsjå fakta. Alt som vart gjort for 50 år sidan er tusen gonger billegare og enklare å gjere i dag. Forventar dei verkeleg at vi skal tru at vi reiste til månen i denne skiten for 50 år sidan? Eg har sett skur bygd av heimlause i slummen som har meir isolasjon. Eg har sett gallakostyme som ser meir solide ut enn det.

Det heile er so usannsynleg. Kven filma hendinga frå utsida av kapselen? Korleis kan det amerikanske flagget vaie? Kvifor ser skuggane ut som dei er resultatet av fleire lyskjelder? Kvifor er bokstaven C synleg på ein av steinane (som tilfeldigvis ser ut som ein rekvisitt på eit filmsett)?

Og ikkje gløym den gongen NASA-astronaut Alan Shepard visstnok lurte med seg ei golfkølle og nokre ballar om bord på Apollo 14 og spelte golf på månen. Vent no litt, korleis kan du lure med deg ei golfkølle om bord på eit romfartøy når kvar kubikkcentimeter og tomme er gjort rekneskap for?

Han lurte den opp i ræva si, tydelegvis.

Verkeleg, lat oss tenkje over dette rasjonelt. I 1969 sendte vi eit knøttlite uteliggjartelt dekt i aluminiumsfolie 386 000 kilometer vekk til ein presis destinasjon, når til og med ein feilmargin på ein tusendels meter når som helst under oppskytinga ville ha fått skipet til å bomme på månen med tusenvis av kilometer… Og likevel landa vi der, vi spelte golf… Og no kan vi ikkje eingong få menneske høgare opp enn 1600 kilometer over sjønivå.

Kanskje burde siste ordet gå til Buzz Aldrin. Ifølgje Buzz reiste vi ikkje til månen i det heile! Men han stoppa ikkje der. Lytt til kva han har å seie om dei fleire hundre millionane over heile verda som vart påverka av månelandinga. Det blir kalla massedanningspsykose. Eliten har brukt denne teknikken til å hjernevaske massane sidan 1969.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s