Av Christina Maas, Reclaim the Net. Omsett av saksyndig.
Fleire autokratiske avsløringar.
Den kanadiske regjeringa svartelista 201 selskap som var sympatetiske overfor Freedom Convoy, ei gruppe lastebilsjåførar som deltok i ein protest mot vaksinepåbod og andre Covid-19-tiltak.
Regjeringa sendte visstnok denne svartelista på e-post til utanlandske bankar, ifølgje Blacklock’s Reporter.
RCMP [Royal Canadian Mounted Police; det føderale og nasjonale politiet i Canada; oms.an.] la ingen føringar på distribusjonen av denne svartelista, som reiser bekymringar om privatliv og staten si makt til å sperre bankkontoar.
Ifølgje rapporten distribuerte finansminister Chrystia Freelands kontor denne svartelista i hemmelegheit til fleire organ, inkludert nettbaserte investeringsselskap og private finansrådgjevarar.
Føremålet med svartelista var å få ein slutt på handel med utpeikte personar, og å avgjere om dei sat på eller hadde kontroll over eigedom eigd på vegner av ein utpeikt person.
Freedom Convoy-demonstrasjonane, òg kjent som Canadian Trucker Protest, var ein serie med demonstrasjonar knytt til sivile rettar som fann stad i Canada i januar 2022. Demonstrasjonane vart organisert av ei gruppe lastebilsjåførar som var motstandarar av Covid-19-vaksinepåbodet og annan statleg politikk relatert til pandemien som tok livet av føretak og levebrød.
Ved å bruke Emergencies Act, gav regjeringa seg sjølv makt til å sperre bankkontoane til dei som deltok i demonstrasjonen og deira støttespelarar.