Ein tilstand av endelause kriser: Staten viglar opp til massehysteri

Av John og Nisha Whitehead, Rutherford Institute. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

«Dette landet har hatt eit nasjonalt nervesamanbrot sidan 11.september. Ein nasjon av menneske braut plutseleg saman, marknadsøkonomien går i dass, og dei blir truga på kvar side av ein ukjent, nifs fiende. Men eg trur ikkje frykt er ein so effektiv måte å handtere ting – å respondere på realiteten. Frykt er berre eit anna ord for uvit.» – Hunter S. Thompson, gonzo-journalist.

Vi har blitt forsøkskaninar i eit nådelaust kalkulert, omhyggjeleg orkestrert, nifst kaldblodig eksperiment i korleis kontrollere ei befolkning og avansere ein politisk agenda utan særleg opposisjon frå borgarskapen.

Dette er tankekontroll i si mest vondsinna form.

Med alarmerande jamne mellomrom blir nasjonen gjenstand til bølgjer av vald som terroriserer folket, destabiliserer landet og gjev regjeringa meir rettferdiggjering til å slå ned på, stengje ned og innføre endå meir autoritær politikk i den sokalla nasjonale tryggleiken sitt namn, og utan altfor mange protestar frå borgarskapen.

Ta til dømes denne siste skyteepisoden i Nashville i delstaten Tennessee.

Den 28-årige skyttaren (ein openbert forstyrra transperson som hadde fleire militær-våpen) opna eld på ein kristen grunnskule, og drap tre barn og tre vaksne.

Allereie peiker ein med fingrar og kamplinjer blir teikna.

Dei som ønskjer tryggleik for ein kvar pris står og roper etter fleire våpenkontrolltiltak (om ikkje eit regelrett forbod mot åtaksskytevåpen for ikkje-militære og ikkje-politi), utbreidd mentalhelsekartlegging av den generelle befolkninga, fleire trugselvurderingar og åtvaringar om trendar i åtferda, fleire overvakingskamera med ansiktsgjenkjenningsevne, fleire «Sjå noko, gjer noko»-program med mål om å gjere amerikanarar om til tystarar og spionar, fleire metalldetektorar og apparat som kan gjennomlyse heile kroppen, fleire omfartande skvadronar av militarisert politi som har makt til å utføre vilkårlege undersøkingar av vesker og ryggsekkar, fleire fusjonssenter for å sentralisere og plukke frå kvarandre informasjon for politibyrå, og meir overvaking av alt amerikanarar seier og gjer, kor dei reiser, kva dei kjøper og kva dei bruker tida si på.

Dette er alt del av djupstaten sin meisterplan.

Spør dykk sjølve: kvifor blir vi bombarderte med kriser, distraksjonar, falske nyheiter og reality-TV-politikk? Vi blir kondisjonert som lab-rotter på ein jamn diett av brød-og-sirkus-politikk og ei endelaus bølgje av kriser.

Gjennomsnittspersonen, som er fanga i denne «notidas krise», har vanskar med å følgje med og hugse alle «hendingane», om dei er fabrikkerte eller ikkje, som dukkar opp nøyaktig i rute for å halde oss distraherte, vrangførestilte, underhaldne og isolerte frå røyndommen.

Som etterforskingsjournalisten Mike Adams peiker på:

«Dette psykologiske bombardementet er retta primært via hovudstraumsmedia som går til åtak på sjåaren kvar time med bilete av vald, krig, emosjonar og konflikt. Fordi det menneskelege nervesystemet er laga for å fokusere på umiddelbare trugslar akkompagnert av bilete av vald, får sjåarar av hovudstraumsmedia merksemda og dei mentale ressursane sine dregne mot den endelause ‘notidas krise’, som dei aldri får pusterom frå til å anvende logikk, fornuft eller historisk kontekst.»

Professor Jacques Ellul studerte dette fenomenet av overveldande nyheiter, korttidsminne og bruken av propaganda for å avansere skjulte agendaer. «Éin tanke driv vekk ein annan; gamle fakta blir jakta av nye,» skreiv Ellul.

Medan alt dette skjer held regjeringa fram med å samle seg meir makt og autoritet over borgarskapen.

Når vi blir bombarderte med endelaus nyheitsdekning og nyheitssyklusar som endrar seg med nokre dagars mellomrom, er det vanskeleg å halde seg fokusert på éin ting – nemleg å halde regjeringa ansvarleg for å følgje lover og reglar – og makta som rår forstår dette.

Likevel, som John Lennon minner oss på, «ingenting er ekte», spesielt ikkje i politikkens verd.

Med andre ord er alt falskt, altso fabrikkert, altso manipulert for å forvrengje røyndommen.

Mykje som det fabrikkerte universet i Peter Weir sin 1998-film The Truman Show, der livet til ein mann dannar grunnlag for eit omfattande TV-show som har som mål å selje produkt og få gode omtalar, har den politiske scena i USA regressert til ei omfattande kalibrert utøving i korleis manipulere, polarisere, propagandere og kontrollere ei befolkning.

Dette er magien bak reality-TV-programmeringa som passerer for politikk i dag.

So lenge vi blir distraherte, underhaldne, stundom forbanna, alltid polariserte, men stort sett ikkje-involverte og fornøgde med å forbli i sjåarstolen, vil vi aldri kunne presentere ein samla front mot tyranni (eller statleg korrupsjon eller inkompetanse) i noka form.

Dess meir som blir retta mot oss, dess meir tilbøyelege er vi til å lene oss tilbake i våre komfortable lenestolar og bli passive sjåarar, heller enn å aktivt delta når dei urovekkjande, skremmande hendingane utspeler seg.

Røyndom og fiksjon blandar seg når alt rundt oss blir underhaldningsfôr.

Vi treng til og med ikkje å skifte kanal når temaet blir for monotont. Det syt programmerarane (konsern-media) for.

«Det er lett å leve med auka lukka,» seier Lennon, og det er nøyaktig det reality-TV som kamuflerer seg som amerikansk politikk programmerer borgarskapen til å gjere: navigere verda med auga lukka.

So lenge vi er sjåarar, vil vi aldri bli gjerarar.

Studiar antydar at dess meir reality-TV folk ser – og eg har det synspunktet at alt er reality-TV, inkludert underhaldningsnyheiter – dess vanskelegare blir det å skilje mellom kva som er ekte og kva som er nøye oppkonstruert farse.

«Vi, folket» ser mykje TV.

I gjennomsnitt bruker amerikanarar fem timar per dag på å sjå TV. Innan vi når 65 år, ser vi meir enn 50 timar TV i veka, og det talet aukar når vi blir eldre. Og reality-TV-programmering fangar konsekvent den største prosentdelen av TV-sjåarar kvar sesong til ein rate av nesten 2 til 1.

Dette lover ikkje godt for ein borgarskap som er i stand til å sile gjennom meisterleg produsert propaganda for å tenkje kritisk om dagens tema, om det er eller ikkje er falske nyheiter servert av statlege byrå eller utanlandske organ.

Dei som ser på reality-program har tendens til å sjå på det dei ser som «norma». Altso, dei som ser program karakterisert av lyging, aggresjon og vondskap ser ikkje berre på slik åtferd som akseptabel og underhaldande, men dei aper òg etter det mediet.

Dette er sant same om reality-programmeringa handlar om galskapen til kjendisar i Det kvite hus, i styrerommet eller på soverommet.

Det er eit fenomen som blir kalla «humilitainment».

Terminologien vart laga av medieekspertane Brad White og Sara Booker, og refererer til tendensen sjåarar har til å nyte nokon andre si audmjuking, liding og smerte.

«Humilitainment» forklarer i stor grad ikkje berre kvifor amerikanske TV-sjåarar er so fikserte på reality-TV-programmering, men òg korleis amerikanske borgarar, som i stor grad er isolerte frå det som faktisk skjer i verda rundt seg av lag av teknologi, underhaldning og andre distraksjonar, blir programmerte til å akseptere brutaliteten, overvakinga og den umenneskeleggjerande behandlinga gjort av den amerikanske politistaten når ting skjer med andre menneske.

Konsekvensane for framtida til sivilt engasjement, politisk diskurs og sjølvstyre er utruleg deprimerande og demoraliserande.

Dette er det som skjer når ein heil nasjon – bombardert av reality-TV-programmering, statleg propaganda og underhaldningsnyheiter – blir systematisk desensitiverte og akklimatiserte til fellene til ein stat som opererer gjennom fiat og snakkar i eit språk av tvang.

Til sjuande og sist har reality-programma, underhaldningsnyheitene, overvakingssamfunnet, det militariserte politiet og det politiske teateret eitt felles mål: å halde oss splitta, distraherte, fanga og ute av stand til å ta ei aktiv rolle rundt det å styre oss sjølve.

Sjå bak det politiske teateret, reality-TV-skodespelet, alle distraksjonane og avleiingane, og det mangevrengjande, neglebitande dramaet, og du vil sjå at det er system i galskapen.

Korleis endrar du måten folk tenkjer på? Du byrjar med å endre orda dei bruker.

I totalitære regime – altso politistatar – der konformitet og lydigheit blir handheva med ladde skytevåpen, dikterer staten kva ord som kan brukast og ikkje brukast.

I land der politistaten gøymer seg bak ei godsinna maske og kler seg sjølv ut som toleranse, sensurerer borgarane seg sjølve, bruker orda som politi og tankar for å tilpasse seg diktata til masseminnet.

Sjølv når motiva bak denne rigid kalibrerte reorienteringa av samfunnsspråket ser ut til å ha gode hensikter – å fråråde rasisme, fordømme vald, avvise diskriminering og hat – er enderesultatet uunngåeleg det same: intoleranse, indoktrinering, infantilisme, svekking av ytringsfridommen og demoniseringa av synspunkt som går mot den kulturelle eliten.

Å merkje noko som «falske nyheiter» er ein meisterleg måte å avfeie sanning som kan gå imot herskarmakta si eiga forteljing.

Som George Orwell gjenkjende: «I tider med universelt bedrag, er det å fortelje sanninga ei revolusjonær handling.»

Orwell forstod so altfor godt makta språket har til å manipulere massane. I Orwells 1984 kvittar Big Brother seg med alle dei uønskte og unaudsynte orda og meiningane, og gjekk til og med so langt som å rutinemessig omskrive historia og straffe «tankekriminalitet».

I denne dystopiske framtidsvisjonen tener Tankepolitiet som auga og øyra til Big Brother, medan Fredsministeriet har å gjere med krig og forsvar, Overflodsministeriet har å gjere med økonomiske affærar (rasjonering og utsvelting), Kjærleiksministeriet har å gjere med lov og orden (tortur og hjernevask) og Sanningsministeriet har å gjere med nyheiter, underhaldning, utdanning og kunst (propaganda). Mottoet til Oceania: KRIG ER FRED, FRIDOM ER SLAVERI, UVIT ER STYRKE.

Orwells Big Brother stolte på Newspeak for å eliminere uønskte ord, frårøve slike ord for uortodokse meiningar og gjere uavhengig, ikkje-statsgodkjente tankar heilt unaudsynte.

Der vi står no er ved skiljevegen til Oldspeak (der ord har tydingar, og idear kan vere farlege) og Newspeak (der berre det som er «trygt» og «akseptert» av fleirtalet er lov).

Sanning går ofte tapt når vi ikkje greier å skilje mellom meining og fakta, og det er faren vi no står overfor som eit samfunn. Alle som lit utelukkande på TV/kabel-TV-nyheitsvertar og politiske kommentatorar for faktisk kunnskap om verda, gjer ein alvorleg feil.

Uheldigvis, sidan amerikanarar i stor grad har blitt ikkje-lesarar, har TV blitt deira primære kjelde for sokalla «nyheiter». Det at dei lit på TV-nyheiter har gjeve vekst til nyheitspersonlegdommar som er so populære at deira digre publikum stoler på kvart ord dei seier.

I vår mediealder er desse den nye makta som rår.

Likevel, medan desse personlegdommane ofte deler ut nyheiter slik som preikarar deler ut religion, med makt og visse, er dei lit meir enn talerøyr for propaganda og annonser leverte under dekket underhaldning og nyheiter.

Med tanke på at nyheiter blir brukt som underhaldning, er det ikkje rart at sjåarar i stor grad har mist evna til å tenkje kritisk og analytisk og differensiere mellom sanning og propaganda, spesielt når den kjem i form av falske nyheiter og politikarar.

Essensen er rett og slett denne: amerikanarar burde vere varsame med å late andre – same om dei er TV-nyheitsvertar, politiske kommentatorar eller mediekonsern – gjere tenkinga for dei.

Ei befolkning som ikkje kan tenkje sjølve er ei befolkning med ryggen mot verda: stumme overfor valde tenestepersonar som nektar å representere oss, hjelpelause overfor politibrutalitet, makteslause overfor militariserte taktikkar og teknologi som behandlar oss som fiendesoldatar på slagmarka, og nakne overfor statleg overvaking som ser og høyrer alt.

Dersom vi held fram med å lene oss tilbake og tape oss sjølve i politisk programmering, vil vi forbli eit fanga publikum til ein farse som blir meir absurd for kvart minutt som går.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s