Av Niamh Harris, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Folk på innsida av Det kvite hus har visstnok innrømt at Biden er for gammal til å reise, og at det skal leggjast føringar på hans internasjonale reiser.
So nyleg som februar vart Biden erklært frisk av Kvite hus-legen Kevin O’Connor, som sa: «Biden ‘er framleis frisk nok til å tene’, og utfører fullt ut alle sine plikter utan unntak eller tilpassing.»
«President Biden er framleis ein frisk 80-årig mann i full vigør, som er i stand til å vellykka utføre pliktene til presidentembetet, inkludert dei som øvste leiar, statsoverhovud og høgstkommanderande,» skreiv O’Connor i ei helseoppsummering.
Dei siste nyheitene inneber at presidenten vil takke nei til invitasjonen om å oververe den historiske kroninga av kong Charles i mai. Tidlegare rapportar har antyda at Biden var ut av stand til å kome på hendinga på grunn av andre «forpliktingar».
The Gateway Pundit rapporterer: Dette burde verkeleg ikkje kome som ei overrasking for nokon. Fyren er fullstendig fortapt medan hans lovgjevarar øydelegg landet.
Via GraphicW:
«Joe Biden vil takke nei til ein invitasjon om å oververe kroninga av kong Charles III av Storbritannia i London i mai. Ifølgje The Daily Telegraph, kjem fyrstedame Jill Biden til å vere til stade under seremonien i staden for den amerikanske presidenten.
Ifølgje publikasjonen er utanlandsturar svært utmattande for den 80-årige amerikanske presidenten, so Washington-administrasjonen prøver å redusere talet på dei til eit minimum, slik at berre dei mest naudsynte utanlandsturane blir igjen på reiseplanen.»
Kjelder har peikt på at han etter planen skal besøke Nord-Irland og delta på eit arrangement seinare denne månaden [april], men dei som står nær presidenten (80), ivrar òg for å leggje føringar på hans internasjonale rørsler for å unngå at han blir for trøytt til å utføre sine plikter i heimlandet.
Herr Biden er om kort tid venta å erklære sin intensjon om å stille som kandidat i 2024-presidentvalet, og skal òg reise til G7-toppmøtet i Japan neste månad.
Ei nær kjelde til diskusjonane rundt tilstadeveringa hasn på kroninga sa: «Fyren er 80. Dei utporsjonerer aktivitetane hans på ein temmeleg gjennomtenkt måte.»