Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News og Brighteon. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Kvar gong regjeringa lover å gjere dykk «tryggare», bli merksame på intensjonane bak. Det medieforsterka hysteriet over TikTok – ei sosialmedie-videoplattform som er bygt og styrt av kommunist-Kina – har gjeve maktopportunistane i Washington D.C. ei dekkhistorie for å prøve å kontrollere alle ytringar på nettet gjennom introduksjonen av S.686 RESTRICT Act, sponsa av ein ivrig motstandar av ytringsfridom frå venstresida, senator Mark Warner.
Lovforslaget, som vart introdusert 7.mars 2023, bruker TikTok sin popularitet som ei orsaking for å gjere ulovlege amerikanskstyrte nettsider, plattformer og bloggar som rett og slett berre er ueinige med det statlege regimet når det gjeld bokstavleg tala kvart einaste emne: vaksinar, Russland, val, bankkollapsar, valuta, transkjønnsideologi, klimaendring og so bortetter.
Potensialet som dette lovforslaget har til å bli brukt som våpen, er endelaust, sidan det kan anvendast på alt som berre vagt kan vurderast som å vere i «interessa til nasjonal tryggleik» i USA.
Lovforslaget seier eksplisitt at staten kan handheve «kvart eit formildingstiltak» mot «alle personar» eller «all eigedom» ved å rett og slett bestemme at ein artikkel, video, podcast, plattform eller andre innhaldseiningar inneheld innhald som dei ikkje likar.
Dette er ikkje ei lov som har som mål kinesiske kommunistar eller TikTok… det er ei lov som har amerikanarar som mål, og som trugar dei med ubetinga fengsel dersom dei seier noko som det rådande regimet ikkje likar.
Under den føreslegne lova kan kvart eit innhald som regimet bestemmer at utgjer ein risiko overfor «tryggleiken til personar i USA», bli fjerna ved hjelp av alle tilgjengelege tiltak, inkludert det at Department of Homeland Security tek domene, eller andre former for sabotasje (altso «formilding») som kan inkludere at staten går til åtak på datasentralar eller utfører attentat på amerikanarar.
For å tilinkjegjere alt kriste innhald på nettet, kan Biden-regimet rett og slett erklære at sitat frå Bibelen set i fare «tryggleiken» til transsamfunnet, og at det difor må fjernast ved hjelp av alle naudsynte metodar. Vi vil bokstavleg tala sjå den amerikanske staten brenne ned kyrkjer for å øydeleggje nettvertsdatasentralar som er lokaliserte der. (Den amerikanske staten har styrt sabotasjeoperasjonar mot mat- og energiinfrastruktur i minst to år no, so dette er ikkje søkt i det heile.)
Alle dykkar aktiva kan bli tekne utan nokon som helst lovleg rettsgang
Dei som berre blir vurdert å bryte RESTRICT Act – fullstendig utan rettshøyringar eller høve til juridisk forsvar – kan risikere å få alle sine aktiva, eigendelar, datamaskiner, nettsider, serverar, bankkontoar, databasar og andre gjenstandar konfiskerte med våpenmakt av regjeringa, med null moglegheit til å bestride dette juridisk.
Desto verre forbyr lova spesifikt FOIA-førespurnader (informasjonsfridoms-førespurnader jf. den amerikanske offentleglova) frå å bli lydde, for å sikre seg at den tyranniske regjeringa kan halde lista av RESIST Act-mål hemmeleg.
Det den amerikanske regjeringa gjorde med Julian Assange, er dei no i ferd med å gjere med millionar av amerikanske borgarar. Kanskje til og med deg.
Ifølgje sjølve lovforslaget, gjev RESTRICT Act styresmaktene makt til å ta eller «formilde» (altso øydeleggje eller sabotere) alt nedanfor:
- Nettvertstenester
- Skybaserte eller distribuerte data eller datalagring
- Maskinlæring, føreseiande analyse, og datavitskapsprodukt og tenester, inkludert dei som involverer det å tilby tenester for å assistere ein part med å gjere bruk av, handtere eller halde vedlike fritt tilgjengeleg programvare [open-source software]
- Styrte tenester
- Tenester som leverer innhald
Dette vil naturlegvis inkludere alle nettsider, inkludert alle e-commerce-nettsider. Dermed, dersom du sel noko staten ikkje likar, kan dei konfiskere alle dine bankkontoar, nettdomene, selskapstenarar, produktlager og alt anna som dei vurderer som relatert.
RESTRICT Act vil kriminalisere all desentralisert kryptovaluta (til dømes Bitcoin, Ethereum, etc.)
I tillegg trugar RESTRICT Act med total statleg kontroll over kryptovaluta og andre teknologiar slik som kvantum-kryptografi, som er ein lovande teknologi som kan late privatpersonar hindre korrupte statar i å spionere på deira private meldingar.
For å forby Bitcoin treng regjeringa berre å hevde at nokon i Russland eller Kina bruker Bitcoin for å utføre ei eller anna form for skrekkeleg (falsk flagg) terrorisme i USA, og at Bitcoin tillét at åtaket kunne finansierast. Ved hjelp av éi einaste erklæring, kan Bitcoin bli forbode i heile landet, og alle som utfører transaksjonar med Bitcoin kan stå overfor 20 års fengsel (i tillegg til total konfiskering av alle lommebøker, datamaskiner, bankkontoar, hus, osb.).
[…]
I praksis er RESTRICT Act eit forsøk på å ta total kontroll over heile den nettbaserte økonomien, ytringar på nettet og fridom på nettet.
Det burde bli kalla ONLINE TYRANNI Act, sidan det er manifestasjonen av absolutt tyranni over det amerikanske folket.
Tyrannane som sit med makta ønskjer å sikre seg at all spionasje blir utført av dei, ikkje av Kina
Dei maktkåte tyrannane i Washington D.C. er faktisk ikkje motstandarar av at appar og programvaresystem spionerer på dykk. Trass alt, takka vere Twitter-filene og andre lekkasjar, veit vi no at både Det kvite hus og Department of Homeland Security bokstavleg tala gav Facebook, Google, YouTube, Twitter og andre nettplattformer ordre om å sensurere ei lang liste nettsider og personar som stilte spørsmål ved tryggleiken til covid-«vaksinane».
Tyrannane i Washington ønskjer so absolutt å spionere på det amerikanske folket og sensurere alle ytringar dei ikkje likar. Dei gjer det i skrivande stund. Dei er ikkje motstandarar av at TikTok spionerer på det amerikanske folket; dei ønskjer berre å vere dei som tek seg av spionasjen og sensuren.
Hykleriet nådde sitt høgdepunkt i det amerikanske Huset nyleg, då medlemmer av Kongressen grilla TikTok-adm.dir. Shou Zi Chew om hans engasjement i undertrykkinga av ytringsfridommen til kinesiske borgarar, medan dei såg ut til å vere fullstendig tonedauve overfor den amerikanske regjeringa sin pågåande sensur av det amerikanske folket.
Det er nesten som om amerikanske lovgjevarar ikkje har peiling på at det amerikanske imperiet sensurerer det amerikanske folket på nøyaktig same måte som kommunist-Kina sensurerer sitt eige folk. Med RESTRICT Act, ønskjer den amerikanske regjeringa å monopolisere sensur og overvakingsmakt i sine eigne hender. Dette handlar ikkje om å gjere slutt på sensur, det handlar om å utvide den til å dekkje alle nettsider, tenester og appar.
Alle politiske kommentarar kan bli vurdert som «valforstyrring» dersom det rådande regimet ikkje likar det
RESTRICT Act påkallar den vide definisjonen på «valforstyrring» [engelsk election interference] for å rettferdiggjere bokstavleg tala kvar einaste handling som staten ønskjer å utføre mot ein publiserar eller plattform dei mislikar. Desse handlingane kan inkludere taking av bankkontoar, taking av domenenamn, taking av nettenarar og so vidare, og slike tyranniske handlingar kan setjast i verk mot ein person fordi vedkomande gjer ingenting anna enn å dele eit eismalt meme relatert til val.
For å ta eit døme: Meme-skaparen Douglass Mackey vart nettopp funnen skuldig i eit alvorleg brotsverk – valforstyrring – for eit morosamt meme som han distribuerte om Hillary Clinton under 2016-presidentvalet. Justisdepartementet straffeforfølgde Mackey på grunn av memet og kunne lett overbevise ein jury av hjernevaska liberale til å dømme Mackey for den sjølvsame typen av meme-spøkar som Demokratane jamleg distribuerte mot Trump og andre. Men gjennom selektiv straffeforfølging står Mackey no overfor ti års fengsel.
Dette er eit tilfelle der rettssystemet blir brukt som våpen – ei form for statleg terrorisme mot folket – som kjem til å bli eskalert til ein faktor av tusen under RESTRICT Act.
Lova vil peike seg ut som mål alle som berre kritiserte ein Demokrat-kandidat, eller som publiserte noko om ein kandidat som det rådande regimet påstår er uriktig. Det vil berre krevje ein «faktasjekk» mot innhaldet ditt for å få deg erklært som delaktig i «valforstyrring», og deretter kan staten konfiskere alt du eig og har, inkludert nettdomena dine, bankkontoane, datamaskinene, mobiltelefonen og til og med huset ditt om du publiserte memet derifrå.
RESCTRICT Act forvandlar USA til kommunist-Kina
Medan RESTRICT Act påstår å hindre Kina i å spionere på amerikanarar, forvandlar den bokstavleg tala USA til kommunist-Kina ved å byggje opp ein massiv overvakings- og sensur-politistat mot alle amerikanarar.
[…]
Lova gjev òg staten makt til å gå til målretta åtak mot heile nettplattformer, inkludert domenenamn, sky-data, databasar, nettverk som leverer innhald [CDNs; content delivery network) med fleire.
Tyranniet omfattar bokstavleg tala alle kjende system for data og e-handel som eksisterer, inkludert dataspel. […]
Dette tydar at der ikkje finst nokon nettsider, appar, transaksjonar, programvarer eller tenester som ikkje er truga av RESTRICT Act.
[…]
Dersom regimet avgjer at dei ikkje likar det du publiserer eller driv med, kan dei med andre ord rett og slett ta det, stengje det ned, konfiskere alle dine aktiva og stilne deg, fullstendig utan nokon som helst rettsleg prosess eller høve for juridisk forsvar.
Dette er tyranni på steroidar. Dersom det blir sett i verk, vil det tyde slutten på republikken… og slutten på menneskeleg fridom for den vestlege sivilisasjonen.