Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Ein høgprofilert forskar på kunstig intelligens (AI) åtvarar at med mindre alle avanserte AI-system og tilknytte program straks blir stengde ned, vil menneskeheita til slutt bli utrydda av dei livsøydeleggjande robotane som av dei blir sleppte laus.
Eliezer Yudkowsky, medgrunnleggjar av Machine Intelligence Research Institute (MIRI), skreiv ein meiningsartikkel for TIME Magazine denne veka, der han forklarte risikoane som er involvert i skapinga av desse syntetiske livsformene. Han skreiv at:
«Det mest sannsynlege resultatet av å byggje eit overmenneskeleg smart AI, under alt som liknar noverande omstende, er at bokstavleg tala alle på Jorda vil døy.»
Dette er ei alvorleg åtvaring som andre no òg seier, når dei kjem til den nifse konklusjonen at agendaen ikkje vil stoppe med GPT-4-«chatbotar» og andre tilsynelatande ufarlege AI-program. Sanninga er at desse AI-systema blir besette av demonar med ein antimenneskeleg agenda, og altso difor må stoppast straks før det er for seint.
(Relatert: Elon Musk og andre milliardærar har skrive under på ein petisjon der dei krev at utviklinga av all AI straks blir sett på pause.)
AI-system kan allereie «få DNA på e-post» som dei kan forvandle til «kunstige livsformer», seier Yudkowsky
I likskap med Musk vil Yudkowsky at alle AI-laboratorium stoppar opp, i minst dei neste seks månadene, alle AI-opptreningsprogram som er kraftigare enn GPT-4. Han kommenterte òg petisjonen, og fastslo at den «ber om for lite for å løyse» problema som den raske og ukontrollerte utviklinga av AI-system utgjer.
Desse AI-systema «bryr seg ikkje om oss eller sansande liv generelt», argumenterer Yudkowsky, og la til at for å overleve eit møte med ein, må ein person ha «presisjon og førebuing og nytt vitskapleg innsyn» som, generelt, menneskeheita manglar.
«Ein tilstrekkjeleg intelligent AI vil ikkje vere inne i datamaskiner lenge,» la han til, og forklarte vidare at det allereie er mogleg å sende på e-post DNA-trådar til eit laboratorium som kan produsere protein slik at AI «kan byggje kunstige livsformer eller gå rett over til postbiologisk molekylær produksjon».
Det er same greia du finn i Terminator-filmserien, men på ekte, med andre ord. Og det skjer raskare enn mange innser, sidan media distraherer alle med omtrent kvart einaste andre tema som finst under sola.
«Der kan ikkje finnast unntak, inkludert for stat og militære,» seier Yudkowsky om korleis AI-system må stoppast umiddelbart.
«Dersom etterretning seier at eit land utanfor avtalen byggjer ein GPU (graphics processing unit / «grafikk-prosesserande eining»)-hop, ver mindre redde for ein væpna konflikt mellom nasjonar, enn for at moratoriet blir brote; ver viljuge til å øydeleggje eit ulydig datasenter gjennom luftåtak».
Det å få alle land i verda med på å stoppe AI kan derimot vise seg å bli utfordrande. Er det i det heile teke mogleg å regulere noko slikt, spesielt når det finn stad i nokre av dei audaste områda i verda, utanfor kontrollen eller til og med kjennskapen til politiet?
Yudkowsky ser på AI som slik ein formidabel trugsel at han meiner det burde bli gjort «eksplisitt i internasjonalt diplomati at hindring av AI-utryddingsscenario må få prioritet over det å hindre ein fullskala atomkrig».
I kommentarfeltet spøkte nokon med at «fyrst var det romvesen, so var det ein zombie-apokalypse, og no er det Terminator-robotane», der implikasjonen er at kanskje Yudkowsky og hans likesinna overdriv AI-trugselen.
«Aprilsnarr-dagen,» spøkte ein annan.
«Det har vore eit vel anerkjent og akseptert faktum at teknologiske og biologiske produkt allereie har blitt utvikla og opererer innåt i det militære komplekset i mange år før folket vart klar over det!» antyda ein annan. «Er desse menneskeliknande bioformene med kunstig intelligens allereie blant oss?»
Vil verda bli overteken av demonbesette AI-robotar?