Av Josefine Bru for Saksyndig.
Kjeldene mine innan etterretning og den hemmelege norske motstandsrørsla indikerer at stadig fleire likesinna går saman og dannar parallellsamfunn. Namnet antydar at desse personane held fram å leve i resten av samfunnet, men at dei har ein «back-up»-plan i tilfelle den frykta og lenge venta kollapsen av vår noverande gjeldsskapande fiat-økonomi finn stad. Detaljert informasjon om desse samfunna har vore særs vanskeleg for både Saksyndig-redaktøren og meg å oppdrive, ettersom dei ikkje heilt stoler på oss.
Grunnen til denne mistilliten er det faktum at vi driv ein nyheitsblogg, som ivrig kringkastar det som er meint å vere topphemmeleg informasjon. Dei vi kallar «parallellgjengen» ønskjer å halde absolutt all informasjon om det dei driv med skjult, spesielt overfor statens mange spionar, tystarar og nedrige kloakkrotter. Det vesle vi har greidd å samle, antydar at parallellsamfunna er bygd opp over same lesten – dei er påfallande like kvarandre, mest sannsynleg fordi «parallellgjengen» har funne ein måte å kommunisere på som ikkje kan sporast av etterretningstenestene eller PST. Det burde eg vete, fordi eg har kjelder som jobbar som dobbeltagentar i nemnde organ!
Fellestrekket er at fleire aktørar går saman og kjøper opp gardsbruk som ligg aude til. Tilkomstvegen er ofte fleire kilometer lang, og det er privat veg. Altso må eigaren til dømes brøyte om vinteren. Å kome seg til desse gardsbruka er difor gjort vanskeleg med vilje. Dei har i tillegg greidd å finne område som framleis ligg utanfor rekkjevidda til 5G-tårn, der det knapt er mobildekning. Eller verre. Det finst utruleg nok framleis stader i Noreg der ein aldri fekk tilgang til analoge TV- og radiosignal. Vi snakkar verkeleg aude stader.
Grunnen til at aude gardbruk er valt, er at dette vesle «samfunnet» (som eigentleg berre består av ei eismal hushaldning) då kan vere so sjølvforsynt som mogleg. Dette blir då logiske stader å trekkje seg tilbake når den forventa dommedag finn stad. Informasjonen vi per dags dato har tilgjengeleg, er at desse personane bruker friperiodar på å reise til eigedommen og halde den ved like, og sjå etter avlingane. Å kjøpe opp og halde ved like gardbruk er ein tidkrevjande og dyr affære, so desse menneska er høgst sannsynleg i full jobb. Ein godt betalt jobb kombinert med temmeleg lange friperiodar.
Det er éi yrkesgruppe som her utpeiker seg: Nordsjø-arbeidarar. Desse tener godt, og har ein turnus der dei jobbar to veker på, og har fire veker av. Desse har teknisk know-how, og har gjerne vakse opp på gardsbruk der dei har lært å hanskast med husdyr og avlingar. Informasjon som eg har fått av Saksyndig-redaktøren, som sjølv jobbar innan helse, er at mange arbeidsstader, spesielt i bufellesskap for psykisk utviklingshemma, har innført det som blir kalla «Nordsjø-turnus». Personalet er på jobb samanhengande i opptil ei veke, før dei har to-tre veker fri. Nattevakter i helsesektoren er òg kjent for å på grunn av tariffavtalebestemt snittrekning jobbe intenst i periodar (opptil fem nattevakter ei veke, tilsvarande 50 timar), men har tilsvarande friperiodar.
Vår kvalifiserte gjetting er ikkje teke ut av det blå. Nordsjø-arbeid er til tider farleg, men godt betalt. Og helsepersonell med lange friperiodar vil vere uvurderlege å ha i eit parallellsamfunn om uhellet skulle skje. Vi mistenkjer òg at personar med militærerfaring, til dømes frå feltsjukehus under oppdrag i utlandet, er med, for dei vil vere dei einaste som er formelt kvalifiserte til å utføre til dømes kirurgi.
Vi kjenner til den omtrentlege plasseringa til fleire parallellsamfunn i Vestland og Rogaland fylke. Nærare detaljar om plassering kjenner vi ikkje til – dei nektar å fortelje oss nokon ting. Begge fylka har derimot fleire område der det ikkje er spor av sivilisasjon i ein omkrins på fleire mil – ein kan vandre rundt i vekevis utan å møte ei levande sjel. Døme på slike stader er dei indre delane av gamle Hordaland (til dømes Eksingedalen) og Sogn og Fjordane (til dømes dei indre delane av Sognefjorden og fjellheimen opptil fylkesgrensa austover). Dei indre delane av Rogaland er òg bortimot folketomme og særs uvegsame. Område med tett skog blir ofte òg favorisert, sidan husa og avlingane dermed kan gøymast vekk under tett vegetasjon. Dette gjer det vanskeleg for til dømes fly, helikopter og spaningsballongar å finne slike hemmelege eigedommar.
Det ser ut til at oppkjøp av slike gardsbruk blir gjort «under bordet». Bustadannonsar reflekterer ikkje oppkjøp av slike gardsbruk. Kanskje blir dette gjort for å snike seg unna det nye EU-kravet om at alle bustader skal ha energimerke D eller betre innan få år? Kanskje vegrar eigedomsmeklarar seg for å reise ut i ingenmannsland og ta på seg å selje det som i beste fall er eit oppussingsobjekt? (Og når ein meklar bruker ordet «oppussingsobjekt», tydar det at huset omtrent held på å falle frå kvarandre!) Hypotesen vår er ikkje so søkt, sidan privat kjøp og sal av eigedom (framleis) er lovleg i Noreg. Faktisk kan det stundom lønne seg å selje privat, sidan ein då unngår meklaren som det høgst fordyrande mellomleddet. Det er mogleg at dei betaler kontant, eller ved hjelp av kryptovaluta.
Saksyndig-redaktøren var snublande nær ved å bli invitert til å kome og besøke eit parallellsamfunn i dei indre delane av Rogaland fylke. Det fann stad ein telefonsamtale i desember 2021, like etter at han hadde starta nyheitsbloggen. Vedkomande fekk av ukjende årsaker derimot kalde føter, og lét seg ikkje lenger kontakte over telefon. Både han og eg har mistanke om at ein aktør innan uavhengige media kan ha nemnt i vanvare overfor vedkomande at redaktøren dreiv ein nyheitsblogg, og at faren for eksponering difor var stor.
Sjølv har eg eit aude gardsbruk som eg av og til reiser til. Dette er min back-up når alt går den vegen høna sparkar. Det består av eit gammalt hus, ei lita løe og ein åkerlapp som eg no har fått bygt eit drivhus over. Tilkomstvegen er smal og kronglete, og heile 11 kilometer lang. Min privatbil har eg ståande i eit lite skur ved hovudvegen, og bruker traktor for å kome meg opp til eigedommen. Om vinteren bruker eg plog og kjettingar. Eigedommen er formelt registrert som ein feriebustad.
Eg kallar staden Vonheim, håpets heim. Jordkjellaren inneheld mat og jod-tablettar til eit opphald på tre år. Sjølv ikkje Saksyndig-redaktøren veit nøyaktig kor det ligg hen. Eg sjølv kjøpte eigedommen privat av eit gammalt ektepar som hadde budd på garden i seksti år, men som no hadde blitt for skrøpelege til å bu der. Alle fire ungane hadde sagt frå seg arveretten (dei var ikkje på talefot, diverre). Dei flytta saman i omsorgsbustad, og eg vart gardeigar. Med eigedommen følgjer jaktløyve, so eg ser føre meg at eg kjem til å gå på jakt i fjellheimen med gevær for å skaffe meg mat. I verste fall.
Dersom Saksyndig-redaktøren ikkje har andre alternativ, kjem eg til å tilby han å flytte til Vonheim saman med meg. Han veit ikkje om planane mine, og kjem nok til å bli overraska når han les denne artikkelen over påske.