Den store utskiftinga: Europaparlamentet stemmer for å importere millionar av innvandrarar

Av Amy Mek, RAIR Foundation USA. Omsett av saksyndig.

«Det europeiske parlamentet har no stemt for å importere millionar av innvandrarar, ei avgjerd som det store fleirtalet av borgarar i medlemsstatane er sterkt imot. Dette er både manglande respekt for demokratiet, og eit monstrøst bedrag av vanlege folk.»

EU-parlamentet sin Komité for sivile fridommar, rettferd og heimaffærar stemte på provisjonane i den nye EU-migrasjonspakta no i veka. Somme stemmelister vart ikkje sette i omløp før seint på kvelden dagen før avstemminga, somme til og med ikkje før nokre få timar før. Seansen var tilsvarande kaotisk, der medlemmer av EU-parlamentet (MEP-ar) knapt var i stand til å avgjere kva dei stemte over.

Ifølgje dei aksepterte rapportane, vil innvandrarar berre måtte ha tre års lovleg opphald i staden for fem for å få arbeid og langvarig opphaldsløyve. Dei burde òg bli i stand til å flytte til andre EU-medlemsstatar. Lovleg opphald i ulike medlemsstatar og sesongarbeid og opptrening etter eigne kall [vocational training] burde alle telje med i dei fastslegne tre åra med opphald.

Innvandrarar treng ikkje å vise til kunnskap om språket eller kulturen i landet dei buset seg i. Språkferdigheiter burde berre vere tilstrekkjelege for å bestille eit hotellrom eller bestille noko på ein restaurant – og sjølv då må medlemsstatane tilby språkkurs.

Asylprosedyrar skal få kortare saksbehandlingstid: avgjerda om ein søknad for langvarig opphald burde ikkje ta lenger enn 60 dagar. I tillegg, so fort slektningane deira har fått arbeidsløyve, kan innvandrarane sine familiemedlemmer automatisk bli med dei, uavhengig av eigen status.

Dr. Nicolaus Fest, medlem i Komité for sivile fridommar, rettferd og heimaffærar for AfD-delegasjonen i EU-parlamentet, kommenterer følgjande:

«Dersom de trur at dette er ein kopi av 2018 Marrakesh Pact on Global Migration, har de rett; den er nøyaktig den same. EU-parlamentet har no stemt for å importere millionar av innvandrarar, ei avgjerd som fleirtalet av borgarane i medlemsstatane er sterkt imot. Dette er både manglande respekt for demokratiet og eit monstrøst bedrag av vanlege folk.»

Han uttrykte òg bekymring over manglande krav til språk- og kulturkunnskapar, so vel som dei akselererte asylprosedyrane og automatisk familiegjenforeining for innvandrarar med arbeidsløyve.

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s