Neste PLANDEMI? CDC åtvarar at Marburg-viruset er på veg

Av Ramon Tomey, Natural News. Omsett av saksyndig.

Centers for Disease Control and Prevention (CDC) åtvara at den neste «plandemien» i form av Marburg-viruset snart vil kome.

Åtvaringa deira kom etter eit utbrot av Marburg-virussjukdom (MVD [Marburg virus disease]) i to afrikanske nasjonar – Ekvatorial-Guinea i Vest-Afrika og Tanzania i Aust-Afrika. CDC responderte ved å sende sitt National Center for Emerging and Zoonotic Infectious Diseases til begge landa. Dei oppmoda òg reisande i dei to landa om å unngå kontakt med sjuke menneske og helsefasilitetar i dei råka områda, og om å vere obs på symptom i tre veker etter at dei forlét områda.

Ifølgje folkehelsebyrået kan MVD spreie gjennom «blodet eller kroppsvæskene til ein person som er infisert med eller som har døydd av» sjukdommen. Bortsett frå desse, kan viruset òg spreie seg ved hjelp av kontaminerte gjenstandar eller gjennom kontakt med dyr slik som flaggermus.

Klinisk diagnose av MVD kan vere vanskeleg, spesielt dersom berre eitt tilfelle er involvert. Dette er fordi mange av symptoma på MVD likar på dei som ein finn i andre sjukdommar slik som malaria, tyfus, Lassa-feber eller Ebola.

Verdas helseorganisasjon (WHO) bekrefta eit MVD-utbrot i Tanzania, med åtte offisielle tilfelle og fem dødsfall. Dei bekrefta òg ein liknande situasjon i Ekvatorial-Guinea med ni offisielle tilfelle av MVD i tillegg til 20 sannsynlege tilfelle, der alle har døydd.

Ifølgje globalhelseorganet har tre av dei råka provinsane i Ekvatorial-Guinea – Kie-Ntem, Litoral og Centre Sur – «internasjonale grenser med Kamerun og Gabon». WHO heldt fram «Befolkningsrørsler over grensene skjer ofte, og grensene er svært porøse. Sjølv om ingen MVD-tilfelle har blitt rapporterte utanfor Ekvatorial-Guinea, kan risikoen for spreiing internasjonalt ikkje utelukkast.»

Nok ein vaksine under utvikling for plandemien

«Sjølv om ingen vaksinar eller antivirale behandlingar er godkjende som behandling for viruset, kan støttande behandling [gjennom] rehydrering med væsketilførsel oralt eller venøst, og behandling av spesifikke symptom gjere overlevingssjansen betre,» kommenterte WHO. «Ei rekkje potensielle behandlingar blir evaluerte – inkludert blodprodukt, immunterapi og legemiddelterapi».

National Institutes of Health (NIH) rapporterte i januar at menneskeforsøk for ein MVD-vaksine verkar «lovande». Derimot kan ein ikkje anna enn å vere skeptisk, med tanke på at NIH òg spelte ei rolle i utviklinga av Wuhan koronavirus (Covid-19)-vaksinen som er assosiert med ein myriade av skadar.

Ei pressemelding frå NIH la ut om MVD-vaksinen, som brukte eit «modifisert sjimpanse-adenovirus» og «eit glykoprotein funne på overflata av» Marburg-viruset for å indusere ein immunrespons. Injeksjonen vart utvikla ved Vaccine Research Center of the National Institute of Allergy and Infectious Diseases (NIAID), underlagt NIH. Før han gjekk av med pensjon i desember 2022, tente eksperten på smittsame sjukdommar, dr. Anthony Fauci som direktør i NIAID. (Relatert: Fauci-virus: Sjokkerande ny evidens beviser at covid-19 byrja med dr. Anthony Fauci og NIAID.)

NIH-pressemeldinga påstod at «der var ingen alvorlege biverknader» under vaksineforsøket og at «den eksperimentelle vaksinen vart godt tolerert». Den påstod òg at MVD-vaksinen «såg ut til å indusere sterk, langvarig immunitet» – der 95% av forsøksdeltakarane framviste ein robust antistoffrespons etter vaksinasjon og 70% framleis hadde den robuste responsen etter 48 veker.

«Vaksinen utvikla av forskarar ved NIAID… kan ein dag bli eit viktig verktøy for å respondere på Marburg-virusutbrotet,» slo pressemeldinga fast. Derimot stilte ein reportasje frå En-Volve seg tvilande til dette: «Dersom dette blir eit utbreitt problem, kjem det til å bli vanskeleg å førestille seg at det ikkje er nok ein bløffdemi».

Sjå advokat Todd Callender åtvare Maria Zeee om at Marburg er den neste «plandemien» her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s