Tilstanden til samfunnet vårt har aldri vore so dårleg, og det kjem berre til å bli verre

Av Michael Snyder, End of the American Dream. Omsett av saksyndig.

Mange menneske verkar sjokkerte over at sjølve liminga i samfunnet sakte, men sikkert går opp rundt oss, men sanninga er at dette ikkje burde kome som noka overrasking for nokon. Det vi er vitne til er rett og slett at lovene rundt årsak og effekt trer i kraft. Vi har avvist verdiane som denne nasjonen vart grunnlagde på, og vi har erstatta dei med nye «verdiar» som er diametralt motsette av dei gamle verdiane. So no lever vi i eit helveteshol som vi sjølv har laga. So godt som kvar einaste form for vondskap som de kan førestille dykk eksploderer rundt om i samfunnet vårt, og brotsverksratane har raskt stige over heile nasjonen.

Lat meg gje dykk eit døme på kva eg snakkar om. Sist veke vart CashApp-grunnleggjar Bob Lee brutalt stukken i hel medan han gjekk tur gjennom eit av dei rikaste nabolaga i San Francisco:

«Tobarnsfaren Lee (43) vart stukken med kniv fleire gonger i brystet tidleg tysdag morgon medan han spaserte gjennom den progressive byen sitt velhaldne Rincon Hill-nabolag medan han var på forretningsreise.»

Han antok truleg at det framleis var greitt å spasere gjennom dei «trygge» delane av San Francisco midt på svarte natta.

Uheldigvis kryr heile byen no av rovdyr, og so langt i 2023 er valdsbrotsverk eit endå større problem enn det var i fjor:

«Sidan pandemien har kriminalitet eskalert i the Golden City. Drap har gått opp 20% det siste året, ran har stige 14%, mordbrann har gått opp 6%, og overfall klatra litt opp med 2%.»

På dette punktet kan ingen nekte for sanninga.

San Francisco er ein av dei mest framgangsrike byane i heile landet, men sjølv om byen sym i fjell av pengar, er valdskriminaliteten fullstendig ute av kontroll.

Faktisk sa Twitter-leiar Elon Musk at han personleg kjenner «mange menneske» som har «blitt alvorleg overfallne»:

«Adm.dir. i Twitter og Tesla, Elon Musk, var blant ei rekkje tech-leiarar som kom med kritikk av lovløysa i kjølvatnet av nedslaktinga av Lee, og skreiv på Twitter: ‘Mange menneske som eg kjenner har blitt alvorleg overfallne. Valdskriminaliteten i San Francisco er frykteleg, og sjølv og gjerningspersonane blir tekne, blir dei ofte sleppte fri med éin gong’.»

Eg har inga aning om kvifor so mange politikarar trur at det å sleppe valdskriminelle tilbake i gatene er ein god idé.

I Los Angeles blir det for tida vurdert ein utruleg toskete plan for å «ut-innsetje» [engelsk decarcerate, frå de- og incarcerate «setje i fengsel»] fengsel i LA:

«Los Angeles County Board of Supervisors vurderer ein plan for å ‘ut-innsetje’ fengsel ved å sleppe fri alle med 50 000 dollar eller mindre i kausjon, viser bydokument.

Eit agendapunkt har blitt lagt til styret sitt tysdagsmøte med tittelen ‘Los Angeles fylke vil ta konkret neste steg for å tømme og ut-innsetje fylkesfengsla i Los Angeles’, har Fox News funne ut.

Tiltaket vart introdusert av Supervisor-ane Lindsey Horvath og Hilda Solis, begge Demokratar, og har berre éin offentleg kommentar festa til det.»

Kva trur de denne planen vil gjere med valdskriminalitetsstatistikken i Los Angeles?

Svaret er openbert.

Kvar avgjerd har konsekvensar, og samfunnet vårt har blitt eit mareritt på grunn av tallause avgjerder som vi kollektivt har gjort dei siste tiåra.

Akkurat no bryt lov og orden saman over heile landet, og kriminelle blir frekkare enn dei nokosinne har vore. Til dømes, berre sjekk ut kva ein gjeng innbrotstjuvar akkurat gjorde i Seattle-området:

«Innbrotstjuvar som kom seg fekk med meir enn 400 gjenstandar frå ein Apple-butikk i Alderwood Mall, kom seg inn ved å skjere seg gjennom toalettveggen til ein espressomaskin-butikk som låg vegg i vegg, bekrefta Lynnwood Police Department.

Eigaren av naboforretninga sa at han er takksam for at ingen vart skadde, fordi tjuveriet til ein verdi av 500 000 dollar fann stad medan butikken var stengt.»

Det er unaudsynt å påpeike at kriminalitet har blitt eit massivt problem òg på austkysten.

I the Big Apple [New York] gjekk biltjuveri «opp oppsiktsvekkjande 32% i fjor»:

«Biltjuveri steig i taket under pandemien og har ikkje vendt tilbake til før-pandemiske nivå, seier reporten. Tjuveri av køyretøy i New York gjekk opp oppsiktsvekkjande 32% i fjor, meir enn noko anna brotsverk. Ifølgje Sewell finn dei fleste tjuveri stad i Bronx og nordre Manhattan.»

Vart ikkje [ordførar] Eric Adams valt for at han skulle få kontroll på kriminaliteten?

Tydelegvis fungerer det ikkje so langt.

Men denne krisa kjem naturlegvis ikkje til å bli løyst ved å sparke ut éi gruppe korrupte politikarar og få inn ei anna gruppe av korrupte politikarar for å erstatte dei.

Tragisk nok går problema våre mykje djupare enn det.

Sanninga er at fleire millionar unge amerikanarar har eit fullstendig forvride bilete av røyndommen på dette punktet. Mesteparten av dei bruker fleirfaldige timar kvar einaste dag på mobilane, på PC-ane eller ved å sjå på TV. So godt som all «programmeringa» som dei forbruker har lært dei opp til å sjå på verda på ein spesiell måte, og det får ofte ekstremt tragiske resultat.

Berre nokre dagar etter den fryktelege masseskytinga som vi var vitne til i Nashville, dreiv ein annan ung person og planla «å gå til åtak på tre skular og kyrkjer i Colorado»:

«Ein trans-tenåring er i politiets varetekt etter at styresmakter sa at dei fann eit manifest som la ut i detalj om hennar planar om å gå til åtak på tre skular og kyrkjer i Colorado, berre fire dagar etter Audrey Hale drap seks menneske på Covenant School i Nashville.

William Whitworth (19), som går under namnet Lilly og som er referert til med kvinnelege pronomen i arrestasjonsdokument, vart pågripen 31.mars.»

Vi burde vere takksame for at politiet greidde å intervenere i tide.

Men generelt, under dei tre fyrste månadene av dette året, gjekk valdelege åtak på kyrkjer i USA opp med 288% samanlikna med dei same tre månadene i 2022:

«I alt gjekk gjerningspersonar til åtak på kyrkjer 69 goner dei fyrste tre månadene av 2023, samanlikna med 24 slike handlingar under same perioden i fjor, ein auke på 288%. Det veksande tempoet på anti-kristne åtak – som inkluderer mordbrannar, bombetrugslar, vandalisme og krenking av heilagdommar – har råka gudsdyrkingsstader i 29 delstatar.»

Trist nok er dette berre byrjinga.

No når «verdiane» i samfunnet vårt held fram med å forvandle seg, er meir kaos uunngåeleg.

Og dei største drapspersonane er ikkje dei valdelege rovdyra som ferdast i gatene våre.

Dei største drapspersonane av dei alle er dei som ferdast i maktas hallar over heile denne nasjonen.

Frå den høgste topp til den lågaste botn har heile samfunnet vårt blitt gjennomsyra av formidabel vondskap.

Lat oss håpe at USA vel å endre kurs snart, for dersom vi forblir på noverande veg, vil ikkje ting ende godt for oss.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s