Av Mike LaChance, The Gateway Pundit. Omsett av saksyndig.
Tidlegare New York-guvernør Andrew Cuomo står overfor eit nytt søksmål på grunn av dødsfalla til bebuarar på sjukeheimar under covid-pandemien.
Søksmålet hevdar at Cuomo handla utifrå grådigheit og hadde meir merksemd retta mot boka han dreiv og skreiv på den tida, enn på dei sårbare menneska som døydde under hans post.
Søksmålsbegjæringa vart levert av ektemannen til Fox News-meteorolog Janice Dean, som miste begge sine gamle foreldre til covid medan dei var bebuarar på ein sjukeheim.
Fox News rapporterer:
«Eks-guvernør Andrew Cuomo står overfor nytt søksmål som hevdar at ‘grenselaus grådigheit’ bidrog til dødsfall på sjukeheimar
Tidlegare New York-guvernør Andrew Cuomo står overfor nok eit søksmål på grunn av sjukeheimsdødsfalla i delstaten under covid-19-pandemien, der saksøkjar hevdar at Cuomo si stoltheit og ‘grenselause grådigheit’ hadde ført til unaudsynte dødsfall.
Søksmålet påstår at Cuomo og andre topp-embetsfolk hadde framvist ‘bevisst likesæle’ overfor bebuarar på sjukeheimar og forårsaka 15 000 unngåelege covid-19-dødsfall, rapporterer New York Post.
Søksmålsbegjæringa vart levert av Sean Newman i ein føderal distriktsdomstol i Brooklyn. Newman er gift med Janice Dean, som arbeider for Fox News-kanalen som ein leiande meteorolog. Newman sine foreldre døydde i byrjinga av 2020 på sjukeheimar i delstaten under covid-19-utbrotet.
Cuomo var i sentrum av ein pågåande skandale på grunn av delstaten si handtering av sjukeheimar på byrjinga av covid-19-pandemien. Kontroversen fokuserte på ein delstatsordre som kravde at sjukeheimar tok imot pasientar som hadde blitt behandla for covid-19.
Politikken vart seinare trekt tilbake, men dukka opp igjen i 2021 då regjeringsadvokat Letitia James erklærte at dødstalet hadde blitt undertalt med so mykje som 50%. Cuomo kom seinare til å trekkje seg frå embetet på grunn av ikkje-relaterte anklagar om seksuelt upassande åtferd.
Det nye søksmålet hevdar: ‘Det var ikkje berre guvernør Cuomo si stoltheit som førde til tusenvis av unaudsynte dødsfall, men òg hans grenselause grådigheit’.»
Hugsar de den gongen folk trekte denne fyren fram som ein potensiell presidentkandidat? Dei dagane er over. Cuomo si framtid ser ikkje særleg lys ut.