Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
19 år gamle William Whitworth, ein biologisk mann som no identifiserer seg som «Lilly», er den nylegaste mentalt forstyrra transpersonen som planlegg mord på barn ved avgangsskulen hans.
Ifølgje advokatkontoret for det 18. juridiske distrikt, står Whitworth tiltala for drapsforsøk etter ei etterforsking rundt «trugslar som involverer skular i Colorado Springs Academy District 20.»
Sheriffkontoret i Elbert fylke (ECSO) arresterte og sikta Whitworth formelt for straffbart forsøk på å utføre overlagt drap (to tilfelle), trugslar, plaging av personale, fakultet og elevar i utdanningsinstitusjonar.
Whitworth gjekk på skule i Colorado Springs Academy District 20 mellom 2014 og 2016, fortalde ein talsperson frå distriktet til lokale media. Han var både elev på skulen og deltakande i distriktet sitt Homeschool Academy [han fekk heimeundervisning; oms.an.].
Historia til den forvirra unge mannen skapte overskrifter etter at sheriffkontoret i Elbert fylke rykte ut til ei melding om ordensforstyrring i Elbert 31.mars 2023, 19:18 lokal tid. Dei rapporterte at:
- «syster» tilnærma seg rapporterande part på ein valdeleg måte
- «syster» truga med å skyte på ein skule
- «syster» har sinneproblem
- «syster» kom med kommentarar i førgårs der det vart referert til skuleskyting
«Syster» refererer til Whitworth, som sjølvidentifiserer seg som «hokjønn» på grunn av LGBT-trans-programmering.
(Relatert: Whitworth si historie er nifst lik den til Nashville-transskyttaren Audrey Hale.)
Kvifor driv plutseleg so mange transpersonar og planlegg skuleskyting?
Då dei fekk tilgang til heimen hans, oppdaga politibetjentar nokon inne som var «svært sint og slo hol i veggane». Den personen var «Lilly», som bruker ho og hennar-pronomen heller enn han og hans-pronomen, som matchar hans biologiske kjønn.
Medan dei prøvde å få ei forklaring frå Whitworth, la betjentane merke til at han «såg ut til å vere svært trøytt og kunne ikkje halde seg vaken», og småsov medan betjentane spurde han ut om han faktisk planla å skyte på skulen. Whitworth responderte bekreftande på spørsmålet, noko som antyda at han verkeleg hadde planar om å skyte på Timberview mellomskule i District 20 «av ingen spesiell grunn».
I ein månad eller to hadde Whitworth planlagt overfallsåtaket, komplett med ei oversiktsteikning av skulen, aktiv skytevåpenførebuing, og skapinga av eit manifest. Etterforskarar fann dette manifestet, so vel som ei tavle med tekniske teikningar av skulen og ei liste av namn i ei notatbok.
Betjentar hevda òg at dei hadde funne ein kopi av Det kommunistiske manifest i heimen til Whitworth, saman med handskrivne notat inni om «måtar eg ønskjer å døy på». Når det gjeld manifestet, inneheldt det visstnok detaljar slik som:
- Ei liste av skytevåpen og korleis skrive dei ut på 3D-skrivar
- Detaljerte lister over individuelle namn som skulle slaktast ned
- Informasjon som legg ut i detalj om korleis ein skaper improviserte bomber
- Fullføringa av stader, inkludert Timberview mellomskule, Prairie Hills grunnskule og Pine Creek ungdomsskule
Ei anna notatbok inneheldt ein slags hyllest til andre fortidige masseskyttarar, seriemordarar, politikarar og underhaldarar, saman med kommentar til kvar av dei. Under er ei liste namn slik dei vart rapporterte i affidaviten:
- Eric og Dylan: taparar
- Adam Lanza: for smart
- Israel Keyes: tilbakeståande
- Lauren Southern: patetisk
- Vaush: terrorist
- Donald J. Trump: lurendreiar
- Vonde politifolk: ubrukeleg søppel
- Stockholm, Name: Liam K.
Ifølgje rapportar skal ei innleiande høyring for Whitworth finne stad 5.mai 2023. Kausjonen ligg for tida på 75 000 dollar.
«Uheldigvis, når det gjeld ei kriminalsak, er det svært lite vi kan seie. Den høyrer ikkje til oss, den høyrer til distriktadvokaten sitt kontor. Men det vi kan gjere er å dele informasjonen som vi får lov til å dele, og forsikre familiane våre at vi gjer alle dei rette tinga,» sa ASD20 Chief Communication Officer Allison Cortez om desse utviklingane.