Svindyre energikostnader får franske bakeri til å stengje i hopetal

Alle som har vore i Frankrike over eit lengre tidsrom veit at det lokale bakeriet i gata er staden folk møtest for å snakke saman, eller det franskmennene sjølv kallar bavardage. Dette er ei etterleivning frå gode, gamle dagar, då so å seie alle lokalsamfunn hadde eit bakeri, eit slakteri, ei skjenkjestove, ein kafé og liknande samlingspunkt. Dette fenomenet såg ein òg her i Noreg, men takka vere store handlesenter med kjedebutikkar, har småbutikkane slik som bakeri no blitt ein utdøyande rase. Ingen er lenger spesialistar, alle er blitt generalistar som er middelmåtige i beste fall.

Ein artikkel frå Tell Me Best skriv om eit urovekkjande fenomen: franske bakeri stengjer i hopetal. Det er ikkje fordi franskmenn ikkje lenger vil ha desse små, koselege bakeria. Grunnen er dei svindyre energikostnadene. Ifølgje artikkelen har energikostnadene gått opp med 500% nyleg, og dette tvingar bakeria til å stengje dørene for godt. Dette er ein katastrofe for landet, for, som det står i artikkelen (mi omsetjing):

«Frankrike er sett på som den kulturelle heimen til brødbaking. Faktisk er franske bakeri slik ein essensiell del av nasjonens historie at den franske presidenten Emmaniel Marcon sikra seg at bagetten vart gjeven UNESCO-arvstatus i 2022. Uheldigvis knuser himmelhøge kostnader småbedrifter slik som bakeri i heile Frankrike.»

Og vidare:

«Franske bakeri er sjølve livsnerven til mange byar, småbyar og landsbyar, og gjev næring til folk på kvart eit punkt på det sosioøkonomiske spekteret. Difor har tapet av eit elska bakeri ein sterk effekt når det skjer. Men kostnadene til energi og råvarer doblar og tredoblar seg i slik ein fæla fart at mange bakeri rett og slett gjev opp og stengjer.»

Elodie Chavret er ein bakerieigar i den vesle byen Millery. I eit intervju med CNN seier ho at ho ikkje lenger kan betale straumrekningane. Prisen gjekk frå 900 euro til heile 7500 euro i januar. Støtte frå staten kan lågne rekninga med rundt 3000 euro i månaden. Sjølv med straumstøtte seier Chavret at det er ein auke ho ikkje maktar. Som det står vidare i artikkelen:

«Det er ikkje berre straumrekninga som har skote i vêret for mange franske bakeri. Chavret fortalde CNN at kostnadene til råvarer og bensin har blitt ‘uuthaldelege’. Ho har òg måtte auke lønna til sine seks tilsette, og er på randa av å måtte stengje.»

Ein annan bakerieigar, Nicolas Amate i byen Lons-le-Saunier, sa at alt har stige i pris. Til dømes hadde smørprisen dobla seg på to år, medan mjølprisen hadde tredobla seg berre i løpet av dei siste 12 månadene. Monsieur Amate og kona hans, som er medeigar, har måtte auke prisane, men seier at kundane forstår vanskane som dei opplever. Sjølv om prisane på ingrediensar har auka vesentleg, er det fyrst og fremst energikostnadene som utgjer den største trugselen mot bedriftene. Til dømes fekk krigen i Ukraina europeiske naturgassprisar til å auke markant i fjor, til rekordnivå. Straumprisane følgde etter, og franske bakerieigarar har aldri sett på maken:

«Franske bakeri betaler no minst tre gonger so mykje snittpris som dei gjorde før Russland invaderte Ukraina. Prisane vart òg påverka av ei nedstenging av nesten halvparten av landet sine atomkraftverk i 2022. Nedstengingane vart gjort for vedlikehaldsarbeid, men dei stengde av nesten 70% av kraftforsyninga til nasjonen.»

Støtta frå den franske staten er ifølgje bakerieigarane ikkje nok. Det som blir kalla ei «sjokk-absorberar-utbetaling», utgjer berre eit kutt på 20% av dei årlege energikostnadene til eit fransk bakeri – og det er ikkje akkurat ei sæl trøyst når straumrekninga har auka med meir enn 500%:

«Alle bakerieigarane som CNN snakka med, har måtte auke prisane for å dekkje inn ein del av kostnadene, men der finst ei grense for kor mykje franskmenn er viljuge til å betale for sin daglege bagett.»

Bakerieigarar har gått saman og danna kampanjegrupper på nettet, der dei ber staten om meir økonomisk støtte for bedriftene sine. Faktisk demonstrerte ei Facebook-gruppe for bakarar i Paris no i januar. Bakarar har måtte seie opp tilsette for å spare, og etter noko slikt er kroken på døra neste steg.

Som eg nemnde i byrjinga av artikkelen, handlar ikkje berre dette om at ei gate misser eit bakeri:

«Bakarar er ikkje berre redde for å misse levebrødet, men for å misse det menneskelege bandet som franske bakeri tilbyr. ‘Dersom bakeria stengjer, kjem vi til å misse den menneskelege sida, den sida av kommunikasjon, av gjensidig bistand,’ sa Chavret. ‘Det er ikkje i store butikkar at folk tek seg tid til å snakke.»

Det skal her seiast at franske handlesenter er enorme, og typisk ein del av digre kjedar som er å finne i andre europeiske land. Slike stader oppmuntrar til pengebruk, men ikkje til den gode samtalen som småbedrifter er kjende for. Kor mange bakeri som vil overleve denne planlagde agendaen frå den vondsinna eliten, gjenstår å sjå. I mellomtida vrir franske bakerieigarar seg i sengene om nettene medan straumrekningane veks og staten ikkje kunne ha brydd seg mindre.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s