Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Reserve Bank of Australia (RBA), som liknar den private Federal Reserve [den amerikanske sentralbanken], har lansert 14 ulike pilotprogram for sentralbankstyrt digitalvaluta (CBDC) i eit forsøk på å flytte heile landet over til eit fullstendig kontantlaust samfunn.
Australia and New Zealand Banking Group (ANZ) inngjekk visstnok partnarskap med Grollo Carbon Ventures (GCV) for å lansere handelen av sokalla Australian Carbon Credit Units (ACCU-ar), som er bongar støtta av «naturbaserte og ekteverds-aktiva», ifølgje Reclaim the Net.
Der finst allereie ein «stablecoin» [«stabil-mynt»] ved namn A$DC som er para med desse ACCU-ane, som GCV no kan kjøpe direkte gjennom ANZ sin smartkontraktsplan.
Ein formell transaksjon fann allereie stad med denne dollar-backa stabil-mynten i eit offentleg og løyvelaust [permissionless] blokkjede-system ved hjelp av ein pilot-CBDC som støtte for denne utstadinga.
«Når ein anvender det på karbonmarknadene, har bongifisering [tokenization] potensialet til å forbetre effektiviteten og transparensen, redusere risiko og ivareta dei unike karakteristikkane til underliggjande prosjekt for å incentivere investering i klimaløysingar,» erklærte ANZ sin banktenesteleiar Nigel Dobson om føretaket.
(Relatert: Føremålet bak ein sentralbankstyrt digital valuta er å slavebinde alle i digitale konsentrasjonsleirar.)
Vil Australia bli det fyrste landet i verda som slepper laus ein CBDC?
To universitet er visstnok del av planen òg. Det blir sagt at dei køyrer eit forsøk med offline-CBDC-betalingar, medan eit anna pilotprosjekt testar effektiviteten til tilsette som bruker CBDC-ar som eit alternativ til å betale sine tilsette med normale pengar.
RBA skal òg seiast å vere i ferd med å fase inn bruken av ein digital australsk dollar ved namn eAUD.
I ei felles erklæring med Australia sitt Digital Finance Cooperative Research Center, sa RBA at dei inviterte ei handfull selskap, inkludert ANZ og Mastercard, for å hjelpe dei med å utforske 14 ulike brukstilfelle for eAUD.
«Brukstilfella går frå å gjere det enklare med offline-betalingar, til bongifiserte fakturaer for føretak, og til og med husdyrauksjonar,» rapporterte Decrypt førre månad.
I ei eiga erklæring sa RBA Assistant Governor Brad Jones at pilotprogrammet og ein «vidare forskingsstudie» skal utførast parallelt med den, som «vil tene to føremål – den vil bidra til læring på staden av industrien, og vil gjere det enklare for lovgjevarar å skjøne korleis ein CBDC potensielt kan vere til nytte for det australske finanssystemet og økonomien.»
Canvas Digital, eit layer-2 nettverk bygt på toppen av kryptovalutaen Ethereum, er òg inkludert i prosjektet. Det nettverket, som vart bygt saman med det Israel-baserte firmaet StarkWare, bruker Circle sin USDC-stabil-mynt og aAUD, og vil gjere det enklare å utføre utanlandske transaksjonar.
«Vi ser at der er store fordelar med å bruke CBDC-ar og digitale valutaer slik som USDC i utanlandshandel og internasjonale pengeoverføringar,» sa medgrunnleggjar og adm.dir. i Canvas Digital, David Lavecky til Decrypt.
«Når du utfører utanlandshandel er den ikkje synleg på Etherscan […] for alle. So du får alle fordelane til ein offentleg blokkjede og ingen av bakdelane knytt til privatliv.»
Eli Ben-Sasson, medgrunnleggjar og president i StarkWare, la til at selskapets involvering i pilotprosjektet til RBA sin CBDC vil «vise folk at nye digitalvalutaer ikkje er oppskrytt vare», men heller tener eit føremål som passar inn i folks «normale liv».
«For berre nokre år sidan var dette konseptet høgst kontroversielt; no speler dei ein del av prosjekt som desse,» er Ben-Sasson sitert på å seie. «Dette er spennande tider.»
Ulikt andre kryptovalutaer som blir utstada av private selskap og oppretthaldne på desentraliserte nettverk, er CBDC-ar som eAUD fullt støtta og oppretthaldne av sine respektive nasjonalstatar.