Grunnleggjaren av Natural News og Brighteon.com, Mike Adams, har fått ei rekkje bilete og ein video frå journalist Michael Yon, som har oppdaga det som skal vere ein FN-sponsa leir for innvandrarar (migrantar) frå heile verda. Artikkelen antydar at denne masseforflytninga av innvandrarar skal vere gjort med det føremål å få alle opp til USA, kanskje med føremål om å destabilisere økonomien. Leiren skal visstnok liggje i området som blir kalla Tapón del Darién, «Darién-hinderet» (på engelsk Darien Gap). Det er eit uframkomeleg område med fjell, regnskog og myr, og den einaste staden langs den panamerikanske hovudvegen som ikkje har veg. Geriljagruppene ELN og FARC skal seiast å operere i området. Området kan kryssast til fots, med motorsykkel eller terrengkøyretøy, sidan der finst eit omfattande nettverk av stiar og køyrevegar.
Sitat frå artikkelen (mi omsetjing):
«Brighteon.com-grunnleggjar Mike Adams intervjuar krigskorrespondent Michael Yon, som er på staden til ein FN-innvandringsleir (San Vicente) ved Darién-hinderet i Panama, der både FN og USA finansierer masseinnvandringsaktivitetar for å frakte innvandrarar frå heile verda inn i USA.
Innvandrarar som går gjennom denne FN-leiren inkluderer folk frå Midt-Austen, Europa, Haiti og Kina, blant mange sør-amerikanske borgarar. Som del av intervjuet var eg i stand til å snakke med eit kinesisk par (på mandarin), og bekrefte opphavslandet deira (fastlands-Kina) og destinasjonen deira (USA).
Dersom de lurer på kvifor kinesiske statsborgarar strøymer gjennom Darién-hinderet i Panama, er de ikkje åleine om det. Særs få amerikanarar er klare over denne bomba av ei historie, og Michael Yon presenterer nyheita til eit globalt publikum, via Brighteon.com.
Ei massiv utviding av leiren er for tida undervegs, og vil hjelpe til med å frakte fleire innvandrarar gjennom Darién-hinderet, der dei vil bli transportert til den amerikanske grensa for å ulovleg ta seg inn i USA, alt dette med hjelp frå US Department of Homeland Security og Biden-administrasjonen.»
Intervjuet kan sjåast her.
Adams skriv vidare:
«Eit FN-program som vil overfløyme USA med ulovlege innvandrarar frå heile verda
FN-organisasjonen som driv alt dette blir kalla «IOM», med sloganet «Making migration work for all. Sjå: IOM.int
IOM kjem med pressemeldingar om masseinnvandringa som går gjennom San Vicente-leiren. Sjå denne artikkelen som eit døme.
Michael Yon vart med meg på Brighteon Broadcast News [tidlegare Situation Update-podcasten] og gav meg ein guida tur av fasilitetane, som inneheld bussar, telt, eit pengeoverføringspunkt for Western Union, valdtektssett delt ut til kvinner av IOM (med til dømes P-piller, angrepiller og annan kjemisk kontrasepsjon), pluss rapportar om massevaldtekter, vald og mange andre døme på menneskeleg liding.»
Mike Adams meiner at logoen til IOM inneheld ei «knust / delt verd», der ein familie er «fanga i eit surrande mønster som indikerer planeten Jorda. Bodskapen er klar: bruk familiemigrasjon for å knuse verda». Det at kvinner får utdelt «valdtektssett» meiner han indikerer at USA og FN forventar at desse kvinnene kjem til å bli valdtekne. Michael Yon fekk av lokalt militære og politi høyre at det lokale militæret måtte jakte på og skyte colombianske valdtektsmenn som forfølgde kvinner gjennom jungelen og «valdtok dei nådelaust».
Om innhaldet i artikkelen stemmer, tydar dette altso at FN og USA med forsett fraktar hordar av ulovlege innvandrarar frå heile verda via San Vicente-leiren (og kanskje òg andre liknande leirar) inn i USA, med det føremål å destabilisere økonomien gjennom å få veldferdssystemet til å kollapse. Dette vil skape kaos, uorden og eit hat mot innvandrarar. I tillegg vil dalande fødselsrate blant den kvite befolkninga på grunn av vaksineskadar på sikt føre til at befolkninga blir skifta ut med folkeslag som er meir lydige mot totalitære regime.
Vi får håpe dette berre er nok eit døme på Mike Adams sin bombastiske dramaturgi.