Av Kevin Hughes, Natural News. Omsett av saksyndig.
Falske forteljingar er designa for å få folk til å kjenne seg makteslause, ifølgje forfattar og politisk rådgjevar Floyd Brown.
«Desse falske forteljingane har som føremål å gjere éin ting: å få dykk til å kjenne dykk makteslause,» sa han til Ann Vandersteel under 5.april-episoden av programmet hennar Right Now with Ann Vandersteel på Brighteon.TV. «Dei vil at vi skal kjenne oss makteslause mot dei slik at vi frys til, slik at vi er skremde og ikkje kjem å gjere noko.»
Brown, som grunnla [den uavhengige nettavisa] Western Journal tilbake i 2008, sa at han måtte jobbe seg gjennom dei ulike falske forteljingane som amerikanarane måtte hanskast med for å hjelpe dei med å forstå kva som eigentleg har skjedd i landet. (Relatert: Dominansen til USA sine falske forteljingar.)
«Vi er midt i ein fargerevolusjon. Faktisk trur eg det fann stad eit kupp; kuppet skjedde 6.januar. Dei påstår at [tidlegare president Donald] Trump prøvde å lansere eit opprør,» sa han til Vandersteel.
«Det er ei falsk forteljing; og faktisk tok dei sjølve del i eit kupp. Som vi no veit, hadde dei ikkje eit quorum [minimumstalet av medlemmer av ein komité som må vere til stade for at ei avgjerd skal vere gyldig; oms.an.] då dei gjorde Joe Biden til president. Av den grunn er der alvorlege spørsmål som må svarast på.»
Brown oppmoda amerikanarar til å involvere seg for å motverke desse falske forteljingane. Han bad òg amerikanarar involvere seg på dei lokale politiske nivåa – om det er i skulestyre, byråd eller sheriff-avdelingar.
«Vi må vere ute med naboane våre. Vi må ta ein kaffi med dei, snakke med dei, kommunisere med dei, fortelje dei kva vi meiner og [finne] ut kva dei meiner,» sa grunnleggjaren av Western Journal.
«Vi må ta plass akkurat der vi er, og det er måten vi endrar USA på. Lat oss beskytte samfunna våre fyrst, før vi deretter tek over landet igjen – småby etter småby, by etter by, fylke etter fylke. Og deretter kan vi bekymre oss for delstatar og Washington, D.C.»
Venstresida har byrja å bruke rettsvesenet som våpen
Brown peikte på at venstresida har byrja å bruke rettsvesenet som våpen, og la til at Trump og millionar av amerikanarar har den same oppfatninga av at det skjer urettferdig straffeforfølging. Vandersteel sa seg einig, og uttrykte den trua at amerikanarar no ser sanninga, og at patriotane er klare til å gå til handling.
Han skrytte òg over Trump sin «fabelaktige» tale i heimen sin i Mar-a-Lago etter tiltalen. Den tidlegare presidenten rørte ved det at Demokratane driv og spionerer på kampanjen hans, Russiagate-bløffen og åtaka på hans venn og nasjonaltryggleiksrådgjevar, general Michael Flynn.
Ifølgje Brown vart Flynn lurt i ei felle av Federal Bureau of Investigation (FBI), der dei prøvde å manipulere han til å erklære seg skuldig i visse siktingar for å beskytte sonen sin. Brown peikte på at det FBI gjorde til den tidlegare generalen, var eit tidleg døme på denne våpenbruken mot folk som er tilknytt Trump – noko som seinare har eskalert.
«Dersom dei kan gjere dette med han, kan dei gjere det med dykk. Dei kan gjere det med meg, dei kan gjere det med alle som lyttar. Dei kjenner dykkar politiske ståstad basert på dykkar sosialmedie-historikk, e-postane våre, når dei les telefonsamtalane våre som dei lyttar til. So dei veit kor vi står,» sa Brown.
«Desse folka er bokstavleg tala fungerande marxistar – og marxistar vegrar seg ikkje for å utslette folket dei står i opposisjon til.»
Intervjuet med Floyd Brown kan sjåast her.