Ektemannen til BBC-programleiar som døydde etter covid-sprøyta seier han ikkje har noko anna val enn å SAKSØKJE AstraZeneca

Av Niamh Harris, The People’s Voice (tidlegare Newspunch). Omsett av saksyndig.

Enkjemannen til ein BBC-programleiar som døydde etter å ha teke covid-«vaksinen», seier at han ikkje har noko anna val enn å saksøkje AstraZeneca.

BBC-radioprogramleiaren Lisa Shaw døydde etter å ha blitt behandla for blodproppar og blødning i hovudet ei veke etter si fyrste covid-sprøyte i mai 2021.

Ektemannen sa at ingen hadde «nådd ut til dei» etter at han hadde prøvd å «kome i kontakt med staten, parlamentsmedlemmer og tre statsministrar».

Han sa at alt som han og andre ønskte, var «ei form for anerkjenning eller erkjenning om at desse dødsfalla har funne stad».

MSN rapporterer: I august det året fastslo Newcastle-obdusent Karen Dilks at 44-åringen hadde døydd av ein sjeldan tilstand assosiert med sprøyta, som inkluderer opphovning og blødning i hjernen, «vaksine-indusert trombotisk trmbocytopeni».

Enkjemannen hennar Gareth Eve sa til BBC: «Eg er vanlegvis ikkje den typen som vender om og seier at eg ønskjer å saksøkje nokon, men i nesten to år har eg prøvd å kome i kontakt med regjeringa, og prøvd å kome i kontakt med parlamentsmedlemmer sidan Lisa døydde, og ikkje ein einaste av dei har teke kontakt eller prøvd å nå ut til oss i det heile.»

«All kontakt er i beste fall flytande, so det er grunnen til at vi ikkje står igjen med noko anna alternativ – dersom staten eller AstraZeneca ikkje vil kome i kontakt med oss, kva anna skal vi liksom gjere?»

Herr Eve sa at han berre ønskte «ei form for anerkjenning eller erkjenning» om at desse dødsfalla har funne stad, og la til: «Vi er ikkje skrullingar eller konspirasjonsteoretikarar, vi er ektemenn og koner og familiemedlemmer som har mist nokon – det er alt det er.»

«Same kor mykje pengar vi får, vil ikkje det få mora til sonen min tilbake.»

På vegner av nesten 75 saksøkjarar, sendte advokatane hans eit varsel til AstraZeneca i november, under Consumer Protection Act 1987. Dei krev utbetaling under eit statleg Vaccine Damage Payment Scheme. Nokre av desse saksøkjarane har hatt pårørande som hadde skadar knytt til «vaksinen», som førde til dødsfall i somme tilfelle.

Advokat Peter Todd i Scott-Moncrieff and Associates, som handlar på vegner av saksøkjarane, sa at «vaksinen» var eit «defekt produkt i og med at den ikkje var so trygg som forbrukarane generelt hadde rimeleg rett til å forvente».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s