Den moglege framtida til menneskeheita (teoretisk og temmeleg idiotisk)

Av Josefine Bru for Saksyndig.

Lat oss seie at det finst ein eksoplanet, altso ein planet som går i bane rundt ei anna stjerne enn Sola. Den planeten er fullstendig dekt av eit hundre kilometer tjukt lag med is. Under isen er det derimot eit hav som er tusen kilometer djupt. Grunnen til at dette havet ikkje er frose slik som overflata, er varme frå kjernen, som er ein raudglødande ball av smelta jarn. I eit belte på hundre kilometer frå kjernen er vatnet for varmt til å innehalde liv, ingenting kan overleve i den varmen, som ved kjernen er fleire tusen grader, men som nokre hundre kilometer lenger oppe er berre nokre hundre grader. Kjem ein nærme overflata, blir vatnet for kaldt. Kort fortalt finst det eit belte på vel seks hundre kilometer der temperaturen er akkurat passe. Det er i dette beltet at liv har utvikla seg.

Livet under dette ugjennomtrengjelege skalet av is består av små dyr på storleik med plankton, og av ei mildt sagt særeigen gruppe vesen. I utsjånad liknar dei menneske, men dei manglar både armar og bein. Berre nokre små utvekstar som liknar finner er å finne på dei menneskeliknande kroppane. I dei mange milliardane av år i fullstendig isolasjon frå universet utanfor, har dei utvikla seg i ei retning som ikkje finst andre stader – sovidt eg veit. Kan hende har dei ein gong i tida vore menneske, og kan hende er dette ei historie frå ei fjern framtid, der mennesket har kolonisert verdsrommet. Kven veit. So menneskeliknande er dei skapningane, at eg vel å klassifisere dei som fjerne slektningar av notidige menneske. Dermed føregår denne historia minst ein milliard år inn i framtida. Kanskje er dei til og med dei siste etterlevningane av menneska.

Dei er berre bleike skuggar av den leiande intelligente skapningen på Jorda. Alt av intellekt har forsvunne via dei nifse krumspringa til evolusjonen. Som livet ein gong i ei fjern fortid oppstod i vatnet og gjekk opp på land, har desse vendt tilbake til vatnet, for vatn er alt som er på planeten. Dei held seg konstant flytande i dette seks hundre kilometer breie beltet. Dei er i konstant rørsle nett som haiar, for dersom dei søkk for langt ned, blir dei kokt av dei høge temperaturane. Flyt dei for høgt opp, frys dei i hel. Difor har dei utvikla evna til å sove med éin hjernehalvdel av gongen, akkurat som mange havdyr på Jorda (haiar inkludert). Biologisk er dei den herskande rasen på planeten, ettersom alle andre dyr er på storleik med plankton. Soleis har dei ingen naturlege fiendar eller konkurranse frå andre artar. Det vil derimot vise seg at deira største fiende er dei sjølve, og kva dei har tillate evolusjon å gjere med seg.

Hokjønnet er verdige, gudinneliknande kvinnevesen som har bryst som utgjer ein tredjedel av den totale kroppsstorleiken. Dei har langt hår i alle slags fargar. Leppene deira er store og sensuelle. Auga tindrande og klåre. Dei utsondrar kraftige feromonar frå sine svulmande kjønn, og verkar å vere konstant ivrige etter seksuell kontakt. Dei flyt rundt i store flokkar på meir enn hundre individ, og fordriv stort sett liva sine med å tilfredsstille lystene til kvarandre, og desse lystene er vesentleg sterkare enn menneska som lever i dag.

Hannkjønnet, derimot, er ei tragisk historie. Ein gong i tida, tidleg i utviklinga på den nye planeten, mista dei evna til å oppnå utløysing og orgasme på eiga hand. I motsetnad til hokjønnet, som utmerka klarer å tilfredsstille kvarandre, kan hannkjønnet berre forløyse sine lyster inne i vaginaen til ei ho som får orgasme. Hoene ser ut til å utskilje eit spesielt hormon under orgasmar som gjev mannen den etterlengta utløysinga. Igjen bøyer eg meg i støvet over dei mange fantestrekane evolusjon har sett i verk, og denne er spesielt djevelsk og utspekulert. Hannkjønnet kan berre få orgasme når hokjønnet får orgasme. Dette er soleis ei hemn frå naturen for alle dei gongene i historia der hannen har fått orgasme etter ti sekund og forlate hoa utilfredsstilt. No er det hannane som flyt rundt utilfredsstilt. Kor ironisk er ikkje det?

Det skjer sjeldan at ein hann faktisk får utløysing og gjer ei ho gravid, og dette sjølv om hoene er i eit overlegent fleirtal. Hannane flyt som regel rundt åleine, og møter på digre flokkar av hoer kan hende ein gong i året om han er heldig. Når han fyrst møter ein hoflokk, vil han følgje etter dei resten av livet i håp om å få sitt livs kanskje einaste utløysing. Soleis er hoflokkar alltid følgde av hannar, på trygg avstand både frå flokken og kvarandre.

Ein hann er eit særeige syn. Sidan dei so å seie aldri får utløysing, har sæden ingen måte å kome seg ut av kroppen. Difor samlar han seg opp i testiklane, som etter kvart blir digre, ofte like store som hannen sjølv. Penisane er konstant erigerte, og struttar digre og dirrande i det varme vatnet. Av di kroppen heile tida prøver å bli kvitt all sæden, er dei heile tida på randa av ein orgasme, men orgasmen kjem aldri – med mindre dei er inne i ei ho som held på å få orgasme.

I snitt skjer det på heile planeten ti fødslar i året. Nokre ville kalle det for lite til å halde arten i live, sidan det finst fleire hundre millionar individ. Desse vesena er derimot ikkje utrydningstruga. For det fyrste har dei – som tidlegare nemnt – ingen naturlege fiendar. For det andre lever dei veldig lenge. Faktisk veit eg ikkje kor lenge dei lever, men mykje tydar på at ein kan rekne alderen i fleire hundre tusen år. Når dei har nådd vaksen alder, ser dei ikkje ut til å eldast nemneverdig. Ser ein på talet fødslar i forhold til talet individ, og ser ein på at det finst hundre hoer for kvar hann, so kan ein konkludere at dei aller fleste hannar døyr utan å nokosinne ha fått utløysing. Ein kan dermed trekkje den heller urovekkjande slutninga at det er storleiken på testiklane som til slutt blir for uhandterleg. Vendepunktet ser ut til å vere dagen der testiklane blir for store til å sikre den naturlege flyteevna til individet. Pungsprengte og miserable søkk dei ned til kjernen og blir kokt levande. Eit liv i ytste liding, konstant på randa av orgasme, endar med endå meir liding.

Dei få hannane som faktisk får utløysing – og som dermed fører genane vidare – opplever det stikk motsette. Når testiklane blir tømde for eit heilt liv med oppdemma sæd (noko som tek opptil ein halvtime i sitt livs orgasme), blir dei for lette til å halde seg i den levelege sona. Då flyt dei uunngåeleg oppover mot islaget ved overflata og frys i hel. Hoene ser ikkje ut til å bry seg nemneverdig om dette. Dei sjølve har det som plomma i egget, og dei treng hannar som dei treng eit hòl i hovudet. Arten må frå tid til anna førast vidare, men det er inga krise.

Det fyrste som må slå ein hann med tømde testiklar som flyt til den sikre død ved det tjukke islaget nær overflata, er den oppsiktsvekkjande mangelen på lik frå andre hannar. Her er jo nesten ingen som har greidd det han kan, snakk om einsemd på toppen! Triumfen blir kortvarig og kald.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s