Urovekkjande trend: Det blir stadig fleire utlendingar og stadig færre nordmenn i helse og omsorg

Dette har eskalert sopass mykje at eg føler eg må slå alarm. Noko eg som erfaren helsefagarbeidar har lagt merke til, er at det blir stadig fleire utlendingar i helse og omsorg. Dette har vore ein aukande tendens i dei 17 åra eg har jobba i den norske helsesektoren. Kort fortalt blir den norske helsesektoren mindre norsk for kvart år som går. Dette utgjer etter mitt syn fyrst og fremst eit aukande kommunikasjonsproblem, sidan språkkunnskapane til dei utanlandske pleiarane mildt sagt er varierande.

For å ta eit konkret døme frå min eigen noverande arbeidsplass. I 17.mai-veka var det på ei tilfeldig valt dagvakt 43 tilsette på sjukeheimen, og 27 av dei hadde ikkje-norske namn. Éi av dei tilsette kom frå eit anna europeisk land, resten var frå langt meir eksotiske himmelstrøk. Somme av namna greidde eg knapt å lese, langt mindre uttale.

So seint som i 2018 måtte faglærte utlendingar som ville jobbe i kommunale helseføretak ta den sokalla Bergenstesten, som då vart rekna som særs streng. Eg fekk tilbakemelding frå ein filippinsk sjukepleiar om at ho strauk på testen fordi ho – på tjukkaste Vestlandet – sa «ikkje» i staden for «ikke», men bestod likevel etter at ho fekk hjelp til å klage. Om Bergenstesten framleis blir brukt etter at «pandemien» essensielt har rævkøyrt det norske helsevesenet, er usikkert. Ein skulle ikkje tru det med tanke på det språklege nivået mange av dei utanlandske pleiarane ligg på.

Forklaringa kan vere denne: Bergenstesten er ikkje eit krav dersom det er snakk om ufaglært personale, som blir referert til som assistentar, pleieassistentar eller pleiemedhjelparar. Ufaglærte fekk fram til «pandemien» generelt ikkje lov til å dele ut medisinar (sokalla medisindelegering), men dette ser no ut til å bli meir og meir vanleg på grunn av ei ganske so omfattande bemanningskrise. Denne krisa, som har ført til alvorleg personalmangel i helsesektoren, kjem etter mi vurdering som ein konsekvens av «pandemi»-utmatting og biverknader av mRNA-injeksjonane, som feilaktig blir kalla «vaksinar».

Kulturelle utfordringar er ganske so små i forhold til dei reint språklege/kommunikative problema. Bebuarar tolererer som regel ein annan hudfarge eller bruk av religiøse uniformer som til dømes hijab. Mange blir derimot forvirra fordi dei ikkje forstår utlendingane, og utlendingane forstår ikkje bebuarane. I ekstreme tilfelle kan slike misforståingar føre til fare for liv og helse, til dømes om ein utanlandsk pleiar serverer ein bebuar matvarer han eller ho er allergiske mot. Enkelte matvarer kan hjå somme utløyse anafylaktisk sjokk, som er ein potensielt livstrugande tilstand som krev umiddelbar medisinsk intervensjon av faglært personale – ofte òg personale med høgskuleutdanning (sjukepleiar, vernepleiar og liknande).

På min førre arbeidsplass, den aude sjukeheimen, tok dåverande leiar inn to vikarar frå eit austeuropeisk land frå eit vikarbyrå. Etter ein månads tid måtte dei sendast vekk frå sjukeheimen fordi det viste seg at dei kunne verken norsk eller engelsk godt nok til å kommunisere med personalgruppa og bebuarane. Dei var faglærte. Som eg sjølv skildra i fjor, påførde ein muslimsk pleieassistent skade på ein rullestolbrukar då han valde å ikkje bruke tilrådd hjelpemiddel under forflytning frå toalett til rullestol. Av og til måtte dottera hans, som då var i praksis som helsefagarbeidarlærling, fungere som tolk for han overfor bebuarane og kollegaene. Han jobbar so vidt eg veit på sjukeheimen framleis.

I arbeid med eldre vil ein ofte støyte på to utfordringar: dårleg høyrsel og dårleg kognitiv funksjon. Tydeleg tale og kroppsspråk – altso tydeleg verbal og nonverbal kommunikasjon – er difor essensielt for å kunne ivareta bebuaren. Mi vurdering er at slike behov vanskeleg kan ivaretakast når helseføretak nærast ukritisk tilset folk frå visse land og kulturar, som verken forstår bebuarane eller kan gjere seg forstått.

Samstundes som stadig fleire ikkje-vestlege utlendingar byrjar å jobbe helsesektoren, forsvinn nordmennene. Sjukepleiarar brenn seg ut og blir langtidssjukemelde fordi dei har altfor mange oppgåver. Helsefagarbeidarar jobbar ræva av seg og slit seg ut fysisk, og blir etter kvart òg langtidssjukemelde. Leiarar blir skifta ut fort og gale rundt om på helseføretaka fordi dei rett og slett blir overvelda av alle krava som leiinga over dei stiller. Bebuarar og pasientar blir stadig sjukare, og får stadig meir komplekse sjukdomsbilete. Akuttmottak og sentralsjukehus ser ut til å sjå på til dømes korttidsavdelingar som «minisjukehus», der dei kan dumpe alvorleg sjuke pasientar – gjerne langt etter kontortid ein fredag, slik at dei ikkje får visitt av lokal sjukeheimslege før måndag. Dersom det er til dømes påske eller pinse, vil ikkje slikt eit tilsyn skje før tysdag, fire dagar seinare. Pasienten kan faktisk risikere å døy i mellomtida på grunn av manglande kvalifisert helsepersonell på avdelinga.

Tanken min om situasjonen er følgjande: Er dette ein utilsikta konsekvens av «pandemien» og «vaksinane», eller ligg det forsett og vond vilje bak? Eg har gode grunnar til å tru det siste. Eg ser på situasjonen som uforsvarleg, uverdig og farleg. Nokon må trekkje i naudbremsa og ofre seg for den gode saka, og det ser diverre ut til at det blir meg. I skrivande stund vurderer eg sterkt å skifte beite fullstendig. Brannsløkking fungerer dårleg når heile huset står i lys loge. Den norske helsesektoren er rett og slett ikkje trygg, verken for tilsette eller målgruppene.

2 comments

Kommenter innlegget