I mine 17 år i helsesektoren har eg vore i ei eller anna form for konflikt i ti av dei, der ni av dei åra har vore som helsefagarbeidar. Alt etter kva syn ein har på det norske arbeidslivet, vil nok dei fleste «ekspertar» i dag leggje skulda på meg, og ikkje den meir og meir dysfunksjonelle strukturen til arbeidslivet, eller på vondsinna kollegaer. Lat meg ta ei kort oppsummering av konfliktane eg var i mellom 2013 og 2023:
- På ambulerande team 2013-2016: Vernepleiarkollega «Tiril» kom med usanne påstandar om seksuell trakassering til sjefen min, «Carina». Då Carina ikkje trudde ho, og til og med byrja å le, gjekk Tiril til Carina sin sjef, einingsleiaren og fortalde at eg hadde seksuelt trakassert ein av bebuarane. Undersøkingar frå arbeidsgjevar avdekte at påstandane til Tiril var løgn, og bebuaren sjølv nekta himmelfallen for dette. Seinare gjorde Tiril det om til at eg ikkje gjorde jobben min som resultateiningsverneombod, men undersøkingar frå arbeidsgjevar avdekte raskt at Tiril ville at eg skulle levere inn formell klage til hovudverneombodet – på meg sjølv. Til slutt valde einingsleiar å konfliktsanere sidan han og HR rekna konflikten som uløyseleg, og då hadde Tiril byrja å nekte å kome på jobb dei vaktene ho jobba med meg. Historia kan lesast her, her og her.
- I bufellesskapet frå helvete 2016-2017: Djup konflikt med avdelingsleiaren der, sidan eg som resultateiningsverneombod hadde vore med på ein prosess for å forsøke å få ho fjerna som leiar på grunn av openberr inkompetanse. Saka enda med at eg vart tvinga til å erklære meg sjølv som «overtalling» i etaten, og eg vart dermed flytta over til Etat for sykehjem i 2017. Delar av historia, som eg enno ikkje har offentleggjort i sin heilskap, kan lesast her.
- På sjukeheim 2017-2021: Sjefen min, avdelingsleiar «Christine», framstod som meir og meir ustabil og usikker i leiarrolla. Seinare viste det seg at ho hadde alvorlege private utfordringar. Ei av nattevaktene, som kjenner mora til Christine, fortalde meg at mannen til Christine hadde funne seg ny dame og skilt seg frå den 40-årige avdelingsleiaren. Christine detaljstyrte meg og andre kollegaer i stor grad, spionerte på oss gjennom dørene under stell, og ein lærling ho hadde rettleiaransvar for, forlét ein gong sjukeheimen i protest over måten Christine behandla ho på. Covid-19-«pandemien» forverra forholdet mellom Christine og resten av personalgruppa. Etter eit nervøst samanbrot med meg i avdelinga i slutten av januar 2021, vart Christine langtidssjukemeldt. Eg sjølv vart i juni fjerna frå sjukeheimen og truga med avskjed av ein jurist i Byrådsavdelinga på grunn av motstanden min mot dei ulovlege og uvitskaplege «pandemi»-tiltaka. Kommunaldirektøren greip inn med sluttavtale, og eg byrja i vikarbyrå. Historia kan lesast her, her og her.
- På den aude sjukeheimen 2022: Etter at det vart kjent at eg ikkje ville få fast stilling, kalla avdelingsleiar meg plutseleg inn til samtale der eg vart konfrontert med usanne påstandar frå to kollegaer. Sjølv om sakene var reine bagatellane, var dei likevel usanne og meint å skape problem for meg når eg måtte byrje å søkje på nye jobbar og trong referansar. I tillegg viste det seg at helse- og omsorgssjefen ikkje stolte på meg. Han kjende på «uvisse» over at eg ikkje ville bruke referansar frå dei som på den førre kommunale sjukeheimen hadde prøvd å få meg avskjediga. Historia kan lesast her.
- På den private sjukeheimen 2023: Over sommaren vil eg kome med ei utreiing om kva som skjedde her, ettersom eg framleis har eit arbeidsforhold på sjukeheimen.
Ser ein på tida 2013 til 2023 isolert sett, kan det framstå som om eg har ei eineståande evne til å hamne i konflikt med både kollegaer og leiing. Ser ein på tida 2006 til 2013, derimot, trer det fram eit heilt anna bilete. I seks år jobba eg i eit bufellesskap for psykisk utviklingshemma. Fagbrev som helsefagarbeidar tok eg fyrst i 2014, etter at eg hadde slutta i bufellesskapet. Altso jobba eg som assistent der. I røynda var eg ein altmoglegmann som i praksis kunne brukast til kva som helst. Våren 2008 vart eg til og med sett inn som vikar for å måle soverommet til ein bebuar.
Ein av kollegaene sa at eg var som poteta, eg kunne brukast til alt. Dermed byrja eg og andre i personalgruppa å referere til meg som «høgtfungerande potet».
Mi fyrste vakt i bufellesskapet fann stad på ein vakker, solbada dag i mai. Dåverande avdelingsleiar kom og henta meg ved busstoppet i sin private bil, ettersom ukjende erfaringsmessig hadde store problem med å finne bufellesskapet, som låg oppi ein ås der det var reine labyrinten av små- og sidevegar. Bebuarane godtok meg nesten med éin gong. I fyrste omgang fekk eg ei 60%-stilling som kvilande nattevakt, som perfekt kunne kombinerast med studiar på universitetet (eg jobba våren 2006 med bachelor-oppgåva mi i nordisk, levert og bestått i byrjinga av juni det året).
Hausten 2006 byrja eg på pedagogikk og hadde sterke ambisjonar om å bli lærar. Diverre viste pedagogikken seg å vere for krevjande, ei kjensle mange av mine medstudentar hadde. Kunnskapsløftet hadde essensielt snudd læraryrket opp-ned, og gjort jobben om til eit skjemavelde av ei anna verd. Tavleundervisning vart sett på som avleggs, gammaldags og direkte i strid med ønska til dei på toppen, sjølv om tavleundervisning var den undervisningsforma som erfaringsmessig fungerte best. Utan å gå for mykje inn i detalj, måtte eg til slutt trekkje meg frå pedagogikk-kurset våren 2007. På den tida hadde eg sagt opp nattevaktsstillinga for å få meir tid til pedagogikken, men då pedagogikken ikkje lenger kunne gjennomførast, informerte eg at eg kunne vere rein ringjevikar.
Hausten 2008 byrja eg igjen på universitetet – denne gongen på mastergrad. Eg hadde då greidd å karre til meg ei helgestilling, og supplerte den med ekstravakter. Etter kvart jobba eg langt fleire vakter enn stillingsprosenten, typisk jobba eg seinvakt måndagar og tysdagar, tidlegvakt onsdag, og so nesten alltid ei eller fleire vakter i helgane. Det at eg var mykje brukt som vikar var ikkje fordi leiinga tykte eg gjorde ein god jobb. Faktisk var det eit stadig skifte av leiarar i bufellesskapet dei åra eg jobba der. Med unntak av den fyrste sjefen, var dei alle inkompetente til merg og bein, og deira fyrste reaksjon når namnet mitt var nemnt var, «kven er han?».
I motsetnad til seinare arbeidsplassar, hadde eg i dette bufellesskapet ein kjerne av fem personalmedlemmer som gjorde ein formidabel jobb med å snakke meg opp til alle leiarfjolsa som rota seg opp i bufellesskapet. Ved eit høve måtte eg jobbe trippelvakt (seinvakt, nattevakt og dagvakt) fordi nattevakta hadde «dobbeltbooka» seg til eit anna bufellesskap og gløymt å seie ifrå. Leiaren sin reaksjon var ikkje å gje reprimande til den distré nattevakta – ho ville faktisk fjerne meg frå vikarlista fordi eg ikkje hadde ringt ho og sagt ifrå. Då tordna fleire i personalgruppa at det skulle ho sovisst ikkje gjere. Situasjonen var ikkje min feil, og sjølv om eg hadde sagt ifrå til leiar (som var småbarnsmor og hadde eksplisitt sagt at vi ikkje skulle ringje ho når ho hadde fri), hadde enderesultatet likevel blitt ei trippelvakt.
Desse fem personalmedlemmene heldt meg ikkje berre unna konfliktar med alle dei svimete nauta som vart installert som leiarar i tide og utide, dei skaffa meg ekstravakter i hopetal. Under ferieavvikling jobba eg 100% og vel so det, og hadde gjennom heile året nærast garanti på å få vakter måndag, tysdag, onsdag, laurdag og sundag. Forklaringa var enkel: «ingen» ville jobbe laurdag og sundag, so «sjukdom» hadde ein tendens til å dukke opp torsdag. Eg fekk nesten alltid telefon frå ei av dei i løpet av torsdag om eg kunne jobbe i helga, og eg takka i åtte av ti tilfelle ja. Etter kvart fekk bufellesskapet sin eigen leasingbil, og eg fekk då køyreoppdrag sidan fleire av dei halvgamle kjerringane ikkje hadde førarkort. Måndag var det trening på eit senter for utviklingshemma, i tillegg til symjing. Sidan eg hadde livvaktkurs og køyrde bil, vart eg teken inn på seinvakter måndagane. Tysdag var det fritidsklubb på det lokale handlesenteret, og igjen var det praktisk å ta inn nokon på kveldsvakt som køyrde bil, ettersom alternativet var buss, taxi eller apostlanes hestar. Onsdag hadde ein av bebuarane handledag, og sidan varer for ei heil veke skulle handlast inn, var det ein fordel å ta inn nokon som køyrde bil.
Eg fekk raskt kontoroppgåver sidan dei oppdaga at eg var over snittet intellektuell (eg studerte jo på universitetet). Brått sat eg med ansvar for leasingbilen, og privatøkonomien til nokre av bebuarane. Eg var òg fast referent på personalmøte. Medan kollegaene mine var nærast overbegeistra av å ha meg der oppe, var leiinga uforklarleg lunken. Det byrja å kome stadig strengare krav til at tilsette skulle vere faglærde, mellom anna fordi det hadde vore fleire medieoppslag om grov forsømming og til og med mishandling av psykisk utviklingshemma. Ei venninne av meg hadde fått 75% fast stilling i eit butiltak endå ho var ufaglært. Då eg bad einingsleiar om ein auke i stillingsprosenten min, sa han at dette berre var aktuelt for faglærde. Eg responderte med å melde mi interesse for å ta fagbrev.
Hausten 2012 byrja eg å ta ekstravakter på eit ambulerande team. Venninna mi hadde òg jobba på det teamet, og anbefalte meg til «Carina», som var leiar der. På same tid hadde eg byrja på helsearbeidarfaget og gjekk på skule kvar måndag. Eg vart framleis teken inn som vikar måndag ettermiddag, so måndagane gjekk eg fyrst på skule heile dagen, før eg hasta i veg til seinvakt i bufellesskapet. I byrjinga av 2013 ringde Carina meg medan eg var på skulen, og gav meg tilbod om eit 60% vikariat på teamet. Eg takka opprømt ja. Etter seks år i eit fredeleg bufellesskap utan konfliktar og med ei personalgruppe som lika meg og støtta meg, skulle eg no – fullstendig uvetande og i god tru – byrje å jobbe ein stad der det motsette diverre var tilfelle. Og i framtida skulle både fred til å gjere jobben min, og støttande kollegaer fullstendig forsvinne.
Men det låg i framtida som mørke skyer i horisonten. Eg hadde mi siste vakt i bufellesskapet ein laurdag våren 2013. Då køyrde eg og bebuarane «mine» til ein pizzarestaurant og hadde det særs koseleg. Ein månad seinare byrja leiken og spetakkelet.
