Helse-Noreg i eit nøtteskal? Konspirasjon i personalgruppa på privat sjukeheim fekk erfaren helsefagarbeidar oppsagt

Denne artikkelen omhandlar oppseiingssaka mi ved ein privat sjukeheim på Vestlandet, og er eit godt døme på stoda i dagens helsevesen, der kollegaer kan konspirere og få tilsette fjerna utan at dei tilsette har eit reelt stillingsvern, langt mindre moglegheit for å forsvare seg mot skuldingane. Kort fortalt vart eg usakleg oppsagt på grunn av usanne påstandar frå to kollegaer, og min tillitsvalde gjorde ikkje jobben sin på grunn av ferieavvikling. Namnet på sjukeheimen er her anonymisert, men «jungeltelegrafen» vil nok med tid og stunder offentleggjere det.

Sidan eg i juni 2021 inngjekk sluttavtale med kommunaldirektøren i ein større vestlandsby, har eg i praksis hatt yrkesforbod i den kommunale helsesektoren der. Bakgrunnen for sluttavtalen var relatert til kritikk eg kom med til leiinga på sjukeheimen om covid-19-tiltaka og «vaksinane», som eg meinte var skadelege både for bebuarane og arbeidsmiljøet. Som eit resultat måtte eg sjå meg om etter jobb i nabokommunane. Sommaren 2021 jobba eg i heimetenesta i ein nabokommune via eit privat vikarbyrå, og fekk gjennom same byrået oppdrag i ein utkantkommune. Byrået ordna eit lite hus eg kunne bu i der oppe, og eg søkte seinare på og fekk eit årsvikariat i kommunen. Frå oktober 2021 til desember 2022 vekependla eg mellom utkantkommunen og den større vestlandsbyen. I oktober 2022 bekrefta helse- og omsorgsleiaren at dei ikkje kom til å forlenge vikariatet mitt, og eg måtte difor søkje jobb igjen.

I november 2022 hadde eg jobbintervju med ein privat sjukeheim i ein større vestlandsby. Sluttavtalen gjaldt berre den kommunale helsesektoren i den bykommunen, so den var ikkje til hinder for at eg kunne søkje stillingar på private helseføretak. I desember 2022 fekk eg tilbod om og takka ja til ei 50%-stilling som helsefagarbeidar på korttidsavdelinga på den private sjukeheimen. Sjølv om eg allereie hadde avtala jobbintervju med eit anna privat helseføretak som gjaldt ei 100%-stilling, takka eg ja, ettersom den private sjukeheimen låg mykje nærare der eg budde enn det andre helseføretaket. Eg avlyste dermed intervjuet med det andre føretaket.

Etter planen skulle eg ha byrja på opplæringsvakt på sjukeheimen måndag 2.januar 2023. Diverre sklei eg på isen under ein skogstur på sjølvaste julaftan 2022. Eg vart sendt i luftambulanse til Bergen legevakt, der dei konstaterte brot i tibia (skinnebeinet). Eg vart sendt til ortopedisk avdeling på Haukeland, der eg vart operert 27.desember. Eg fekk ei margnagle operert inn i beinet, og vart utskriven 29.desember. Dei neste vekene var eg 100% sjukemeldt, og stelte mellom anna mine eigne operasjonssår. Onsdag 1.mars kunne eg omsider byrje i mi nye 50%-stilling, og hadde mine to opplæringsvakter i korttidsavdelinga.

Eg oppdaga raskt at det å jobbe på korttidsavdeling var vesentleg ulikt det å jobbe på langtidsavdeling. Det var eit stadig gjennomtrekk av pasientar, som dei vart kalla (i motsetnad til bebuarar, som dei blir kalla dersom dei er innlagt på langtidsavdelingar). På grunn av beinbrotet kunne eg berre i avgrensa omfang hjelpe til i tunge stell, og var ikkje fysisk i stand til å ta sengestell åleine. Dette rekna eg med at arbeidsgjevar skulle ta omsyn til. Eg registrerte at fleire kollegaer kommenterte at eg gjekk rundt og halta, og ei av dei påpeikte at ganglaget mitt såg heilt rart ut.

Arbeidsavtalen opererte med seks månaders prøvetid, slik det vanlege er i slike avtalar. Som del av prøvetida skulle eg ha tre oppfølgingssamtalar med næraste leiar, i dette tilfellet avdelingsleiaren. Vi hadde vår fyrste samtale torsdag 30.mars. Der viste eg avdelingsleiar røntgen-bilete av beinbrotet mitt, og fortalde i detalj om både sjølve ulykka, operasjonen og rekonvalesensen. Eg stussa litt over tilbakemeldingane ho gav meg. Ho sa at eg torsdag 2.mars ikkje hadde levert ut 13-medisinen til ein pasient eg hadde ansvaret for den vakta, og at eg ikkje hadde rydda skikkeleg opp etter meg på rommet. Eg svarte at eg jo hadde blitt pålagt av avdelingsleiar å gå på medisinkurs klokka 12, og at eg difor ikkje kunne dele ut 13-medisin. Ein helsefagarbeidar kan uansett ikkje dele ut medisinar før han har hatt det obligatoriske, interne medisinkurset i eit helseføretak. Eg hadde informert kollegaene om at eg skulle på medisinkurs, men avdelingsleiar sa at dei ikkje hadde fått ei slik tilbakemelding frå meg. Ho sa derimot at dette jo berre var andre vakta mi, og at slike forgløymingar dermed var forståelege. So fort eg hadde godkjenning for medisinutdeling, gav eg alle ordinerte medisinar. At eg ikkje hadde «rydda opp» etter meg kjende eg meg derimot ikkje igjen i. Avdelingsleiar presiserte: Eg hadde ikkje tømt bossbøtta på badet. Eg trekte på skuldrene. Eg jobba jo berre halv vakt den dagen på grunn av nemnde medisinkurs. Kunne ikkje ein annan kollega gjere det? Og var bøtta eigentleg full? Eg tenkte ikkje noko meir på det, sidan eg oppfatta dette som temmeleg uvesentleg.

Mars vart til april, og beinet mitt vart gradvis betre. No kunne eg etter kvart stelle pasientar åleine, inkludert å ta dei i sokalla personløftar (golvheis) frå senga og inn på badet. Ein pensjonistkollega av meg (ein kreftsjukepleiar) gav meg derimot skarp beskjed ei vakt om at eg aldri skulle ta folk åleine i personløftar. Det handla om pasienttryggleiken, og ikkje minst det faktum at dersom noko gjekk gale, var det eg som fekk skulda. Eg retta meg etter rådet ho gav meg, og ringde difor konsekvent på hjelp når ein pasient skulle forflyttast i personløftar. Den einaste på avdelinga som tok pasientar åleine i personløftar, var ein hjelpepleiar som hadde arbeidd der i 25 år.

Eg oppdaga temmeleg raskt at lønna i ei 50%-stilling ikkje var til å skryte av. Eg hadde i løpet av ein månad berre halvparten av vaktene til nokon i 100%-stilling, og dermed tok det lengre tid for meg å lære alle rutinane på den travle korttidsavdelinga. Det kunne gå over ei veke mellom vakter dei gongene eg hadde veker utan vakter i turnus. Eg shoppa difor ledige vakter på kortidsavdelingane og dei to somatiske langtidsavdelingane i etasjane under. Noko paff kunne eg konstatere at eg nesten utan unntak fekk avslag på alle ledige vakter eg shoppa. Eg tok dette opp med kollegaene. Dei vart noko spake, og ei av dei sa at «du har jo valt å søkje på ei 50%-stilling» (underforstått: eg burde ikkje forvente å få ekstravakter). Ei anna spurde om eg ikkje hadde ein annan jobb ved sida av, slik mange av dei hadde. Eg såg i referatet frå vår fyrste oppfølgingssamtale at eg og avdelingsleiar skulle ha vår andre oppfølgingssamtale tysdag 30.mai. Då var planen min å ta opp problemstillinga med sjefen min, slik at vi i fellesskap kunne kome fram til ei gagneleg løysing.

Tysdag 16.mai vinka avdelingsleiar meg plutseleg inn til ein samtale før eg skulle på seinvakt. Ho sa at det hadde kome tilbakemeldingar frå kollegaer om at eg ikkje hadde skifta eit innlegg på ein pasient. Då eg bad ho presisere kva for pasient og kva for vakt det var snakk om, sa ho at ho ikkje hugsa det. Men det var «heilt grunnleggjande ting», og ho sa at eg måtte fokusere på slikt framover. Eg sa at eg ikkje kunne hugse episoden ho snakka om. Ho sendte meg deretter ut frå kontoret. Dette var mi fyrste vakt sidan 11.mai, so det hadde kome fleire nye pasientar i avdelinga. Eg tenkte igjen ikkje noko meir over hendinga.

Klokka 15:34 måndag 22.mai fekk eg plutseleg innkalling til drøftingsmøte frå avdelingsleiar. Møtet skulle finne stad torsdag 25.mai. Dei vurderte å avslutte arbeidsforholdet, men dei skreiv ikkje kvifor, eller kva slags episodar som gjorde at dei hadde teke denne dramatiske avgjerda. Det ville eg ikkje få vit på før under sjølve drøftingsmøtet. Eg tok ein telefon til avdelingsleiars private telefonnummer og kravde ei forklaring på denne åtferda. Ho hadde sendt trugsel om oppseiing etter kontortid, og det på ei vakt der eg og ho hadde vore i same etasje heile dagen (der ho hadde hatt rikeleg høve til å levere denne sjokkbeskjeden). Etter mykje om og men gjekk ho med på eit møte med ho og den nytilsette HR-leiaren dagen etter, tysdag 23.mai. Møtet fann stad klokka eitt, like etter at eg hadde gjennomført og bestått det obligatoriske brannkurset alle tilsette måtte ha.

Seinare den ettermiddagen, igjen lenge etter kontortid, sendte avdelingsleiar meg ei skriftleg oppsummering av punkta som gjorde at dei ville avslutte arbeidsforholdet. Det kokte ned til «manglande tilpassing til arbeidet» og «manglande fagleg dyktigheit», som er legitime grunnar til å avslutte eit tilsetjingsforhold i prøvetida, jf. Arbeidsmiljølova §15-6. Onsdag 24.mai kontakta eg min tillitsvalde i Fagforbundet. Ho ville ikkje gje meg sitt privatnummer, so eg ringde ho på vakttelefonen. Eg forklarte ho situasjonen, og vi bad om at drøftingsmøtet måtte flyttast, slik at vi rakk å setje oss inn i saka. Det gjekk avdelingsleiar og HR-leiar med på, og møtet vart flytta til onsdag 31.mai.

30.mai møttest eg og tillitsvalt på kontoret hennar etter arbeidstid. Vi gjekk gjennom «tiltalepunkta», som mellom anna handla om at eg skulle ha ignorert alvorleg tungpust hjå ein pasient, skal ha late vere å skifte tilgrist innlegg, og handtert avføring utan bruk av hanskar. Eg kjende meg ikkje igjen i nokon av punkta, som var vagt formulert og ikkje viste til konkrete datoar eller konkrete romnummer. Det heile bar etter mitt syn difor eit anekdotisk preg. Utan fleire detaljar var det ikkje mogleg for meg å nytte meg av kontradiksjonsretten, rett og slett fordi eg ikkje ante kven dette skulle ha skjedd med, eller når det skal ha skjedd. Tillitsvalt stilte seg òg undrande til at leiinga kunne finne på å kalle ein tilsett inn til drøftingsmøte utan å seie kvifor; dette gjorde det jo umogleg for den tilsette å setje seg inn i kva saka gjaldt.

31.mai fann drøftingsmøtet stad. Til stade var eg, tillitsvalt, avdelingsleiar og HR-leiar. Avdelingsleiar gav meg utskrift av ein e-post som var skriven av to sjukepleiarkollegaer. Den var datert måndag 8.mai, og sendt til avdelingsleiar i 14-tida, medan eg framleis var på jobb. Datoen gjorde at eg omsider fann ut kva slags pasient dette var. Eg og tillitsvalt bad om å få konferere saman i einerom, noko avdelingsleiar og HR-leiar etterkom. Eg forklarte til tillitsvalt at påstandane i e-posten var usanne og oppdikta. Eg visste nøyaktig kven det var snakk om, og faktum var at eg var heilt åleine i rommet under stellsituasjonen. Ingen av dei to sjukepleiarane var på noko tidspunkt til stade i rommet. Eg stilte òg store spørsmålsteikn ved «alvorleg tungpust», ettersom verken eg eller den pårørande som var på besøk store delar av vakta hadde registrert slik andenaud. Pasienten var skrøpeleg og hadde høg alder, men var klar og orientert. Hadde det skjedd slik omsorgsforsømming, ville han utan tvil ha formidla dette.

Andre tilbakemeldingar gjekk på at eg framstod som «engsteleg, usikker og usjølvstendig» i stellsituasjonar. Dette var relatert til dei fyrste to månadene mars og april, der eg på grunn av beinbrotet ikkje var fysisk i stand til å utføre tunge stell åleine. Dei tok òg opp at kollegaene hadde reagert negativt på at eg «støtt og stadig» ringde på hjelp når eg skulle forflytte nokon i personløftar. At eg hadde fått streng beskjed av ein erfaren kollega om å gjere det, såg dei ikkje ut til å ta til etterretning.

Påstandane frå dei to sjukepleiarkollegaene var heilt klart dei mest alvorlege – sjølv om dei jo var usanne. Eg og tillitsvalt forklarte dette til avdelingsleiar og HR-leiar, men alt tyda på at dei ikkje trudde meg. Kvifor skulle to sjukepleiarar med spesialutdanning konspirere for å lyge om ein relativt nytilsett kollega?

To dagar seinare, fredag 2.juni, vart eg i all hast kalla inn til samtale på HR-leiars kontor. Avdelingsleiar sprang bokstavleg tala opp fire etasjar for å hente meg ut av avdelinga. På det tidspunktet sat eg på vaktrommet med verneombodet og var oppteken med ei sokalla screening av ein pasient (der vi mellom anna utarbeider kosthalds- og tiltaksplanar). Verneombodet oppdaga at avdelingsleiar var andpusten, og spurde ho om ho hadde sprunge opp etasjane – på det svara avdelingsleiar ja. Ho gav meg fem minutts varsel på å avslutte arbeidsoppgåvene mine, og følgje med ho ned til HR-leiar. Eg forlét avdelinga og eit noko forvirra verneombod. Nede på HR-leiars kontor fekk eg levert referat frå drøftingsmøtet, og ei skriftleg oppseiing med 14 dagars oppseiingstid. Dei hadde ikkje lagt min versjon av hendingane til grunn i det heile – det var som om eg ikkje hadde vore til stade på drøftingsmøtet i det heile.

Dei hadde derimot ei mellombels stilling å tilby meg, slik at eg hadde jobb over sommaren. Eg, ein helsefagarbeidar med 17 års erfaring som til og med hadde vore rettleiar for lærlingar, vart i all hast flytta over til sjukeheimens vaskeri. Tillitsvalt i Fagforbundet hadde akkurat då gått ut i ferie, og var utilgjengeleg. Eg fekk ikkje kontakt med ho før onsdag 7.juni. Det var under drøftingsmøtet tale om å omplassere meg til ei somatisk langtidsavdeling, so ho lurte på om eg hadde høyrt noko om det frå leiinga. Eg informerte ho om stoda, at eg hadde blitt gjenstand for det som i praksis var ei endringsoppseiing og ei degradering der eg gjekk betydeleg ned i lønn. Eg ønskte at ho skulle hjelpe meg å få til eit forhandlingsmøte med arbeidsgjevar. Ho svarte ikkje. Då eg nokre dagar etter etterlyste svar og handling frå hennar side, svarte ho med fleire etterropsteikn at ho hadde ferie, og at ho då ikkje kom til å gjere noko. Eg fekk omsider til eit møte med ho onsdag 21.juni, då ferien hennar sannsynlegvis var over, og då la eg fram mine teoriar om kvifor dei to sjukepleiarane hadde konspirert mot meg.

Den eine sjukepleiaren hadde tidlegare jobba på den kommunale sjukeheimen eg vart fjerna frå i juni 2021, og hadde jamleg kontakt med kollegaer frå den arbeidsplassen. Dette hadde ho sjølv fortalt meg ved eit tidlegare høve, men nekta pussig nok å fortelje kven ho hadde kontakt med. No hadde ho byrja å jobbe på sjukeheimen igjen. Sjukepleiaren hadde fått servert kva eg gjorde på sjukeheimen, og dermed konkludert at eg måtte fjernast fordi eg visstnok var ein «fare» for pasientane. Ho hadde so alliert seg med ein likesinna kollega. Avdelingsleiar hadde fått e-posten med dei usanne påstandane frå dei 8.mai, men ikkje presentert e-posten for meg før 31.mai, lenge etter at nemnde sjukepleiar hadde slutta i stillinga – og lenge etter at vedkomande pasient var død, og journalen hans sletta frå rapportprogrammet. Bevis som støtta min versjon var dermed utilgjengelege, og dette mistenkjer eg var tilsikta frå leiinga si side.

Tillitsvalt verka sterkt mistruisk til denne teorien. Ho skulle derimot presentere den overfor avdelingsleiar, i tillegg til å forsøke å løfte saka opp eit nivå i Fagforbundet. Etter eiga utsegn hadde ho seinare i veka eit møte med avdelingsleiar, før ho kontakta sjukeheimen sitt lokale kompetansesenter. Ho gav den tilbakemeldinga eg frykta: Ettersom fristen for å krevje forhandlingsmøte hadde gått ut, kunne dei ikkje gjere noko. Og det var heilt uaktuelt for meg å nokosinne jobbe i pleieavdelingane på sjukeheimen igjen. På grunn av løgnene til dei to sjukepleiarane sat altso leiinga med det inntrykket at eg var udugeleg i ein jobb eg hadde hatt i 17 år. Avdelingsleiar sa til tillitsvalt at alt var riktig gjort, og tillitsvalt tok dette for god fisk.

Nederlaget var eit faktum, men eg ville ikkje gje meg riktig enno. Eg tok kontakt med Foreningen lov og helse og forklarte dei situasjonen. Eg fekk tilbakemelding om at dei ikkje ville gjere noko, sidan saka mi (visstnok) ikkje var pandemirelatert. Dei sendte saka vidare til Norsk hjelpefond. Der fekk eg beskjed frå Rune Hansen at dei heller ikkje ville gjere noko. Den einaste løysinga var å leige ein privat advokat og saksøkje sjukeheimen. Etter å ha sjekka timesatsen for advokatar og kor mykje ei rettssak ville koste meg, gav eg opp heile greia. Eg sendte derimot ein formell klage på tillitsvalt til Fagforbundet sentralt, sidan ho trenerte saka so lenge at fristen for å krevje forhandling gjekk ut. Etter mitt syn var ho delvis ansvarleg fordi ho på grunn av «feriemodus» ikkje hadde gjort jobben sin som tillitsvalt. Eg sendte informasjon om personalsaka mi til assisterande leiar, og administrerande direktør i føretaket. Til adm.dir. skreiv eg at eg vurderte å gå til media med saka. Verken han eller assisterande leiar har svart meg, over ein månad etter at eg skriftleg informerte dei om situasjonen.

Tysdag 4.juli kollapsa eg i vaskeriet etter ein månads arbeid der. Eg fekk ordna meg hastetime hjå fastlegen min, og vart sjukemeldt på ubestemt tid. Jobben i vaskeriet var for tung for meg, sjølv om eg i byrjinga var optimistisk: Andre veka i juni spurde eg min nye sjef, teknisk leiar, om det var mogleg å få ekstravakter for å auke stillingsprosenten min (50%-stilling i vaskeriet med reinhaldsassistentlønn utgjorde i mitt tilfelle tusen kroner mindre i månaden enn bustadlånet mitt, so det var langt ifrå noko å leve på). Han sa bestemt nei. Dette var eit kompromiss han med godvilje hadde gått med på, fram til eg fann ny jobb. I tillegg var det sårt for meg å kvar dag møte tidlegare kollegaer frå korttidsavdelinga på veg til og frå jobb. Eg møtte veggen so det ljoma, og er i skrivande stund framleis sjukemeldt. I skrivande stund (midten av august) er eg òg arbeidsledig, sidan kontrakten min i vaskeriet gjekk ut 11.august. Eg reknar det per dags dato som usannsynleg at eg nokosinne finn meg ein ny jobb i helsesektoren.

Min eigen teori om kvifor dei to sjukepleiarane valde å konspirere mot meg, handlar om at eg som ny frå utsida såg den kritikkverdige behandlinga deira av pasientane, og at dei to ikkje tolte at det kom ein «simpel helsefagarbeidar» og stilte spørsmål ved deira modus operandi. Eg reknar det ikkje som urimeleg at dei to tilårskomne damene (som eg erfaringsmessig veit har eit temperament), hadde ein eller fleire dialogar der dei skremde vatnet av leiinga, og der leiinga fekk det føre seg at det beste for alle partar var at eg måtte vekk. Det er nok ikkje tilfeldig at avdelingsleiar og HR-leiar valde å seie meg opp i all hast ein fredag ettermiddag, like før min tillitsvalde gjekk ut i ferie og dermed var særs motviljug mot å hjelpe meg.

4 comments

  1. God bedring.
    Universet har helt åpenbart sagt fra at du skal på ny vei. Bruk dine erfaringer positivt og ikke la sette ødelegge deg. Da har «de» vunnet.

    Likt av 1 person

  2. Motbydelig å lese det her, Saksyndig.

    Håper at, (hvis det fins «rettferdighet» igjen?), at avdelingsleder, såkalt HR-leder og tillitsvalgt er stappfulle av corona «vaksine». Minst fire doser.😉Og at de snart ligger rett ut.

    Ta vare på helsa så godt det lar seg gjøre framover og tenk; BARE PÅ DEG SELV!! LENGE!!
    Snakker av solid erfaring selv.

    Jobben du gjør med å «rapportere» det nesten ingen tør å snakke/skrive om; galskapen i «arbeidslivet», er unik. Men selv dette skal heller ikke koste helsa.
    Og som Felicia skriver over; prøve å bruke disse erfaringen positivt – etter hvert. Det er ikke lett, men mulig på lengere sikt.

    All støtte.👍👍

    Likt av 1 person

Kommenter innlegget