Sløydlæraren med dei digre, falske puppane vender tilbake: Rektor førebur seg på uunngåeleg mediestorm

Saksyndig dekte i haust og vinter ei ganske so absurd sak: Ein kanadisk, mannleg sløydlærar i Ontario som kalla seg Kayla Lemieux, hadde plutseleg byrja å gå med damekle, blond parykk og enorme, falske puppar medan han underviste elevane. Reaksjonar frå elevar, kollegaer og ikkje minst pårørande lét ikkje vente på seg.

Sjå følgjande Saksyndig-artiklar om Kayla Lemieux:

«Kanadisk mannleg sløydlærar byrjar å gå med damekle og ENORME, falske puppar», publisert 19.september 2022.

«Ungdomsskule i Ontario forsvarer den mannlege sløydlæraren med dei enorme puppane», publisert 21.september 2022.

«Misforstå meg ikkje – den læraren med falske puppar blir kåt av å gjere barn ukomfortable», publisert 25.september 2022.

«‘Vi vil ikkje ha deg på skulen vår!’ Kanadisk politikar kallar mannleg sløydlærar med falske puppar for ‘pervo’», publisert 28.september 2022.

«Reporter trollar skulestyre ved å kle seg som translærar med kolossale falske puppar», publisert 15.oktober 2022.

«Kanadisk distriktsskulestyre vil ha ny kleskode for tilsette etter skandalen med mannleg lærar som går med damekle og falske puppar», publisert 12.januar 2023.

Det er uvisst om Lemieux er genuint transseksuell, om han har ein fetisj, eller om heile greia berre var gjort for å gjere narr av sjølve transrørsla. The New York post meldte 17.februar 2023 at Lemieux vart observert utan sitt uvanlege «arbeidsantrekk» når han ikkje var på skulen. Ein nabo i leilegheitskomplekset Lemieux bur i fortalde til avisa at Lemieux går med dei falske puppane særs sjeldan. Han tok ifølgje naboen berre på seg puppane når han underviste, når han gjekk tur, eller når politiet tok sin jamlege velferdssjekk – sistnemnde på bakgrunn av at Lemieux mottok dødstrugslar – mest sannsynleg på grunn av antrekket.

No rapporterer The Post Millennial at Kayla Lemieux skal byrje å undervise igjen komande haust, nærare bestemt på Nora Frances Henderson Secondary School i Hamilton, Ontario. Rektor ved denne vidaregåande skulen, Tom Fisher, sendte ut ei melding til foreldre og føresette der han la vekt på at distriktsskulestyret er plikta til å «ivareta individuelle rettar og behandle alle med verdigheit og respekt». Som The Post Millennial skriv (mi omsetjing):

«Fisher, som tilsynelatande forventar ein uunngåeleg mediestorm, sa at Lemieux sitt ‘kjønnsuttrykk’ var ‘nyleg gjenstand for offentleg merksemd’. Fisher sa at Nora Frances Henderson som ein konsekvens kunne tiltrekkje seg merksemd frå omverda, og at skulen er forplikta til å kommunisere med foreldre ‘so ope og ofte som mogleg’ om der som ein konsekvens skulle vere nokon ‘forstyrringar eller protestar’.»

Rektoren la i all beskjedenheit fram ein plan over korleis elevar skulle oppføre seg når Lemieux kom til skulen, noko som inkluderer at dei går inn og ut skulebygget gjennom tilviste dører, og at alle elevar og besøkjande bruker eit intercom-system for å gå inn og ut av bygningen. Han kravde i tillegg at foreldre sender e-post eller ringjer før dei kjem til skulen om dei ønskjer å kome på besøk eller snakke med ein tilsett.

Lemieux har tidlegare hevda at ein lege har diagnostisert han med ein sjeldan tilstand der han har to X-kromosom (vanleg hjå menn er eitt X-kromosom, som dermed gjev kombinasjonen XY (kvinner har vanlegvis XX); Lemieux har dermed XXY). Ein hormonell sensitivitet overfor østrogen har fått brysta hans til å vekse ekstra mykje. Han har dermed ingen papir å gje som bevis på diagnosen, som ifølgje han skal ha blitt basert på verbale diskusjonar han hadde med legen.

Både Lemieux og dei gigantiske puppane hans er venta å møte opp til fyrste undervisningsdag 5.september.

Kommenter innlegget