Av Josefine Bru for Saksyndig.
The Post Millennial rapporterer at distriktsstyret for Oakville Trafalgar High School i det kanadiske Halton skuledistrikt i Ontario på eit møte 3.januar i år gjorde einstemmig vedtak om å lage ein kleskode som del av sin «profesjonalitetspolicy». Dette kjem som ein reaksjon på at bilete i september 2022 gjekk viralt av ein mannleg sløydlærar som underviste medan han gjekk i damekle og enorme, falske puppar. Ikkje berre var brysta av ein obskøn, teikneserieaktig storleik, brystvortene var godt synlege gjennom dei tronge kleda han alltid gjekk i. Mannen, som opphavleg heiter Stephen Hanna, byrja i 2021 å identifisere seg som «kvinne», og tok til seg namnet Kayla Lemieux. Halton-distriktet sitt skulestyre gav i oktober 2021 ut nye retningslinjer om kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk i skulane.
Med tanke på tida vi lever i, kom det ikkje som noka overrasking at skulen forsvarte åtferda til denne sløydlæraren. Skulen sendte ein e-post til foreldra der dei forsvarte Lemieux i inkluderinga sitt namn. Dei skreiv at dei var «pliktige til å etablere og oppretthalde eit trygt, omsorgsfullt, inkluderande, likeverdig og velkomande lærings- og arbeidsmiljø for alle elevar og personale». Kvar ei bekymring retta mot Lemieux ville dei sjå på som diskriminering.
Reaksjonane lét ikkje vente på seg. Dei fleste tykte Lemieux sitt antrekk ikkje var sømeleg i ein undervisningssituasjon der barn var til stade. Ein Twitter-brukar skreiv til utdanningsminister Doug Ford i Ontario at det var hans plikt å beskytte elevar frå å bli eksponert for det vedkomande oppfatta som ein «vulgær sex-fetisj». Andre tolka det som ei «høgst pornografisk framstilling av ei dame» og «ei grov umenneskeleggjering av heile [ho]kjønnet». Maud Maron i Human Events gjekk so langt som å skildre situasjonen som at elevar vart tvinga til å ta del i den seksuelle fetisjen til eit lærar-rovdyr. Ho samanlikna dette med ei oppleving ho hadde med ein blottar på T-bana i New York då ho var ungdom. Ho er ikkje nådig i sin dom:
«Han [Lemieux] bruker dei [barna] til å fôre sine seksuelle fantasiar og fetisjar. […] Å gå med dei falske puppane med dei overdrive stive brystvortene er berre éin del av fetisjen, den andre delen er reaksjonen det produserer blant dei som ser han, og som må late som alt er vanleg. […] Kvart barn som kastar eit blikk på dei bisarre brysta eller flirer over kor underleg det er, fôrar fantasien hans og gjer han kåt. Og dei vaksne som sanksjonerer åtferda er medskuldige.»
Maxime Bernier, leiaren av People’s Party of Canada, skjelte ut Lemieux og meinte at denne «pervo-læraren» burde «halde seg heime». I Burlington i Ontario sundag 25.september 2022 deltok han og andre i ein demonstrasjon mot sløydlæraren. To dagar før, 23.september, hadde det i tillegg samla seg hundrevis av elevar og foreldre utanfor Trafalgar High School.
Tucker Carlson i Fox News kalla skulestyret for «avskyeleg» fordi dei ikkje gjorde noko med situasjonen, og han kalla Lemieux for «ein mann som misbruker barn i klasserommet».
Utdanningsministeren i Ontario, Stephen Lecce, då han vart spurt om Oakville-læraren, sa at han hadde bede Ontario sitt lærarkollegium om å «ta ein gjennomgang av retningslinjene relatert til profesjonell åtferd».
På same tid hadde Trudeau-regjeringa uttala at dei ville finansiere LGBT-grupper med 100 millionar kanadiske dollar, dette etter at Canada hadde vedteke ei lov som forbaud sokalla «konverteringsterapi».
No ser altso skulestyret i Halton-distriktet ut til å ha gjort ei heilomvending. Som Post Millennial skriv:
«I ein november-rapport som handla om innføringa av ein formell kleskode for personalet, skreiv superintendent Sari Taha og direktør for utdanning Curtis Ennis: ‘Sjølv om ein kleskode blir innført på grunn av ikkje-diskriminatoriske årsaker, vil den sannsynlegvis vise seg å vere diskriminatorisk der den negativt påverkar ein tilsett eller ei gruppe tilsette på basis av deira kodeks-beskytta grunnlag.»
Tenestepersonane la til: «Til slutt, og viktigast av alt, seier vi at dersom ein arbeidsgjevar ønskjer å leggje grunnlag for ein kultur av profesjonalisme, respekt, utfallslikskap og inkludering, vil ein genuint rimeleg og ikkje-diskriminatorisk kleskode eller grooming-standard mest sannsynleg mislykkast i å føre til dei ønskte resultata.»
Eit forslag til ny policy skal leggjast fram i mars 2023, visstnok i samarbeid med juristar innan arbeidsrett. Det kan ha vore Ontario sin utdanningsminister Stephen Lecce som har teke initiativ til denne nye kleskoden, truleg etter massivt press frå både elevar og føresette.
Det er uvisst om Kayla Lemieux/Stephen Hanna framleis jobbar på skulen.