The Western Journal rapporterte 28.oktober 2023 at Disney sin kontroversielle film om Snøkvit (engelsk Snow White) ikkje berre har fått premieren sin utsett med eit år – filmen har blitt vesentleg endra, iallfall om ein skal tru bilete som lak frå filmsettet for ei tid tilbake. Bileta, som Disney fyrst nekta for at var ekte, viser dvergar som er mørke i huda, og der berre éin av dei ser ut til å vere ein ekte dverg. Snøkvit sjølv er òg mørk i huda, noko som kan seiast å vere ironisk med tanke på at rollefiguren har fått namnet sitt nettopp fordi huda hennar er kvit som snø. I byrjinga av eventyret ønskjer ei dronning seg ei dotter med hud so kvit som snø, lepper so raude som blod og hår so svart som ibenholt (eit treslag som er svart i kjernen).
Bryan Chai i The Western Journal skriv (mi omsetjing):
«Etter Mikke Mus kan den mest ikoniske figuren i Disney-soga faktisk vere Snøkvit.
Figuren frå Grimm-eventyret som vart om til Disney-prinsesse var den fyrste heilaftans teiknefilmen som studioet laga, og har difor ein spesiell plass i annalane til Disney-historia.
So førestill dykk forferdinga til Disney-tilsette, fans og aksjonærar då den nye versjonen av deira kjære ‘Snøkvit’ i stor grad vart møtt av hån og regelrett avsky – hovudsakleg på grunn av at hovudrolleinnehavaren Rachel Zegler er direkte ufordrageleg.
De skjøner, Zegler følte openbert at den beste måten å vise takksemd for å ha fått denne ikoniske rolla, var å spy over heile figuren for å ikkje vere feministisk nok, eller noko liknande nonsens.
Noko som gav meir hovudpine for Musehuset [Disney], var eit leke bilete frå det tidlege filmsettet som viste at filmen òg føretok ei endring av rollene til Snøkvit sine sju dvergar i namnet til ei eller anna villeia kjensle av ‘inkludering’.
Komisk nok nekta Disney for at desse filmsettbileta var ekte, berre for å seinare innrømme at fotoa faktisk var ekte.
So ja, Disney hadde det tøft på grunn av det reint optiske (for ikkje å snakke om det esande budsjettet og dei ymse streikane som har forseinka filmen), når det kom til denne nyinnspelinga av den ikoniske filmen.
Når det regnar, so høljar det ned, so The Daily Wire kom naturlegvis med sin eigen versjon av den ikoniske filmen i oktober (Snøkvit, trass at ho lenge har vore assosiert med Disney, er teknisk ikkje kopibeskytta [folkeeventyret som fyrst vart skrive ned av brørne Grimm er for lengst offentleg eigedom; oms.komm.]. Disney eig rettane til sin eigen spesifikke estetiske utsjånad av Snøkvit, so vel som namna til dei sju dvergane.
Disney, når dei no står overfor all denne vreiden og den plutselege konkurransen, har openbert teke halen mellom beina og avgjort at her er det betre å vere diskrete – eller i det minste ser det slik ut.
Musehuset kom nyleg med ny informasjon om denne problemfylte nyinnspelinga, der ein del av informasjonen kom ut listigare enn den andre.
Fyrst, den openberre og listige oppdateringa: Filmen har blitt utsett i nesten eit år.
Disney annonserte at filmen kom til å bli utgjeven 21.mars 2025, trass at dei tidlegare annonserte at utgjevingsdatoen ville bli 22.mars 2024. Disney nemnde underleg nok ikkje den originale utgjevingsdatoen.
The Hollywood Reporter spekulerte i om manusforfattar- og skodespelarstreiken som råka Hollywood var grunnen til utsetjinga på eit år, men meir kyniske observatørar på sosiale media gjekk utifrå at Disney strevde med å omskrive og filme om igjen filmen for å mildne nemnde kritikk.
Og dei som antok at filmen vart omskriven og filma på nytt fekk bekrefta mistanken då dei, saman med den nye utgjevingsdatoen, fekk eit nytt glimt av dei ikoniske sju dvergane, som plutseleg såg mykje likare ut sine dvergeopphav.»
Ei samanlikning av dvergane før og etter kritikken kan sjåast her.
Chai skriv vidare at Disney kanskje vart tekne på senga av streiken og trong eit år å tilpasse seg den nye situasjonen. Ein mediestorm av spekulasjonar rundt ein «woke» Disney-film er neppe ein ideell situasjon for dei, spesielt ikkje ein film om ein av deira mest ikoniske figurar. Det kan òg vere reelt at Disney vurderte filmen som for ulik den opphavlege Snøkvit-filmen til at den kunne bli ein suksess.
Kva enn som er sanninga, so er studioet som i si tid skapte figuren Mikke Mus, musestille om saka.

[…] òg «Disney avslører massive interne endringar i kontroversiell, ‘woke’ Snøkvit-film», publisert 30.oktober […]
LikarLikar