No prøver dei seg igjen: WHO ber kinesarar gå med munnbind og halde sosial avstand på grunn av utbrot av mystisk lungebetennelse

The People’s Voice skriv at helseekspertar i Verdas helseorganisasjon (WHO) åtvarar at folk i Kina burde gå med munnbind, halde sosial avstand og halde seg heime dersom dei føler seg sjuke. Landet skal vere midt i eit utbrot av ein mystisk luftvegssjukdom. Tilfelle av «udiagnostisert pneumoni» (lungebetennelse) har førekome på sjukehus i Beijing og Liaoning. Helseføretak blir «overvelda av sjuke barn», og skular står i fare for å stengje ifølgje lokale nyheitsreportasjar.

Dersom du synest dette høyrest kjent ut, var det dette som skjedde då det byrja å dukke opp rapportar frå Wuhan i slutten av 2019 om eit «nytt og ukjent» koronavirus. Mars året etter stengde den vestlege verda ned etter instruksar frå den overnasjonale djupstaten, og folk fekk liva og karrierane sine nådelaust og brutalt øydelagde. No gjentek eliten denne farsen, berre for å sjå kor mange underdanige sauer som bit på denne gongen.

WHO oppmodar det totalitære kommunistregimet Kina om å vere meir opne overfor dei om denne nye luftvegssjukdommen, og å dele «detaljert informasjon» med WHO om utbrotet. Kinesiske tenestepersonar rapporterte fyrst om ein auke i luftvegssjukdommar på ein pressekonferanse 13.november, og dei la skulda for auken på at dei hadde letta opp restriksjonar rundt nedstengingar.

I 2022 vart Kina berykta i den frie verda på grunn av den langvarige nedstenginga av den viktige hamnebyen Shanghai. Kina-eksperten Steve Mosher gjekk i april det året ut og åtvara om at nedstengingane ville forårsake langt fleire dødsfall enn covid. På same tid rapporterte Natural News at heile byen gjekk til helvete: covid-nedstengingane utløyste unntakstilstand, arrestasjonar og sjølvmord. Folk vart sperra inne i sine eigne høgblokker, og mange kan ha svelta i hel fordi dei ikkje fekk mat.

(Sjå òg «Innbyggjarar i Shanghai: ‘Vi svelt i hel!’ Styresmaktene: ‘Hald kjeft og kontrollér sjelene dykkar sitt ønske om fridom!’», publisert 22.april 2022.)

Grunnen til at nedstengingane var spesielt brutale i Kina, kom av at den totalitære leiinga i landet hadde bestemt seg for ein lagnadstung null-covid-politikk – positive tilfelle skulle unngåast for ein kvar pris, om dei so måtte ta livet av sine eigne innbyggjarar for å oppnå det. I juni 2022 vart restriksjonane letta, og innbyggjarar valde då å flykte frå byen i hopetal. Det kinesiske styresmakter gjorde mot sine eigne innbyggjarar, er vanskeleg å sjå på som noko anna enn massemord.

Det som skil denne nye «pneumonien» frå covid, er at det for det meste ser ut til å vere barn som er råka. Barna har lungebetennelse og høg feber, men ikkje hoste eller andre symptom som ein finn ved RS-virus, som er ein sjukdom som berre rammar barn. Overvakingssystemet ProMed har slått alarm, på same måte som dei gjorde seint i 2019.

Det er av rein nysgjerrigheit vi følgjer med på situasjonen i Kina, for dei trur vel ikkje vi er so dumme at vi lèt oss lure ein gong til?

Kommenter innlegget