Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice melder:
Dr. Anthony Fauci fekk tårer i auga då han vitna i kongressen måndag etter at han vart fortalt at han høyrer heime bak murane, og skal sone i framtida.
Fauci møtte føre House Select Subcommittee om covid-pandemien, ein komité som har prøvd i over eit år å avgjere det grumsete opphavet til pandemien.
Representant Marjorie Taylor Greene (republikanar, delstaten Georgia) sa rett ut til Fauci at han «høyrer heime i fengsel» og at ho veit at vitnesbyrdet hans var proppfullt av løgner.
«Vi burde tilråde at du blir straffeforfølgt… for brotsverk mot menneskeheita,» sa Georgia-republikanaren til Fauci.
Ho hevda òg at den tidlegare NIH-direktøren sin «fråstøytande, vondsinna vitskap» førde til at skuleelevar måtte halde ut timar med munnbind, noko som fekk øydeleggjande verknader på barn. Sjå denne videoen [i originalartikkelen].
Kort etter MTG sine kraftige skuldingar, byrja Fauci å få tårer i auga og hevda å vere offer for ei heksejakt som har involvert familien hans.
«Eg sjølv, mine tre døtrer, dei har motteke truverdige dødstrugslar som har ført til arrestasjon av tre ulike individ,» sa han. «Truverdige dødstrugslar tydar at nokon tydeleg hadde tenkt å drepe dei.»
«Det er særs problematisk for meg,» heldt han fram. «Det er desto meir problematisk fordi dei involverer kona mi.» [Video av Fauci i originalartikkelen.]
Lekne data frå National Institutes of Health avslører at teamet til Anthony Fauci håva inn utrulege 710 millionar dollar i vederlag under pandemien.
Digre pengesummar vart sendt til Fauci sitt team av Big Pharma – og ikkje overraskande nektar det fanga hovudstraumsmedia å dekkje historia.
Fauci har brukt heile karrieren sin på å dra nytte av beskyttelsen frå hovudstraumsmedia, som har vore medskuldige i brotsverka hans.
Lika til tusenvis av barn drepne av dr. Anthony Fauci i ulovlege medisinske eksperiment vart avdekte i Hawthorne, New York, noko som styrkar saka om å få den tidlegare NIH-direktøren tiltala for brotsverk mot menneskeheita og brotsverk mot barn.
På same måte som nazisten dr. Josef Mengele sine brotsverk sjokkerte verda då alt det fælslege han hadde gjort vart eksponert etter Andre verdskrigen, får omfanget og rekkjevidda til Fauci sine skrekkelege eksperiment på dyr og barn etterforskarar til å sitje der med hakeslepp.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
