Belle Carter i Natural News rapporterer:
Tech-giganten Google har visstnok undertrykt relevante søkjeresultat relatert til attentatforsøket på tidlegare president Donald Trump i autofullføringsfunksjonen sin [i søkjemotoren]. Føremålet er å «kvele» problemet ved å avgrense tilgang til informasjon om hendinga, so vel som etterforsking rundt temaet.
I denne samanhengen har senator Roger Marshall (Republikanar frå Kansas), ein permenent medlem av Underkomiteen for etterforsking, erklært at han leiar ei undersøking rundt forsøk på å «lage minnehol» [engelsk memory-hole] av ein av dei mest alvorlege hendingane i amerikansk politikk på fleire tiår – eit openbert forsøk frå Big Tech og Big Government på samarbeid for å sensurere konservative.
Marshall skreiv til Sundar Pichai, Chief Executive Officer i Google, og kravde svar på påstandar, inkludert at plattforma er i ferd med å bli om til «ei propagandafløy til Biden/Harris-administrasjonen og det radikale venstre». Han bad òg om ei full etterforsking og Kongress-høyring om «sensuren og den openberre partiskheita» til Google.
«Det at Google har mislykkast i å kome med forslag relatert til attentatforsøket mot president Trump 13.juli 2024 som del av sin søkjefunksjon, er nok eit døme på sensur mot konservative røyster, og er i strid med føremålet med Section 230,» byrja senatoren brevet med. «Å utelate søkjeforslag til det mest openberre og nylegaste offeret for eit attentatforsøk viser ei bevisst diskriminering mot president Trump og brukarar av Dykkar søkjemotor.»
Han kommenterte òg Google sin påstand om at «ingen manuell handling vart utført for å effektuere desse resultata», der han argumenterte at tydeleggjeringa er «stakkarsleg utilstrekkjeleg, ureieleg og villeiande». Han siterte tech-selskapet i å seie at dei har retningslinjer for «vern mot autofullførde setningar assosiert med politisk vald» [altso at søkjemotoren automatisk fullfører søkjetekstar som handlar om politisk vald; oms.komm.]. Derimot får folk som søkjer på «mislykka attentatforsøk» opp føreslegne resultat som handlar om dei tidlegare presidentane Ronald Reagan og Gerald Ford, so vel som Bob Marley og til og med erkehertug Ferdinand – men ikkje Trump.
Ifølgje lovgjevaren, dersom autofullfør-funksjonen verkeleg reflekterer dei mest nylege søkjeresultata som er utført på Google, burde dei sjølvlærande algoritmane enkelt ha justert autofullfør-funksjonen i løpet av ein massiv auke i søkjeførespurnader dei siste to vekene. Marshall la til at dersom søkjemotoren heller ønskjer å bli eit publiseringsfirma eller eit redigeringsverktøy, burde Kongressen dermed regulere tilsvarande ved å fjerne dei heilaghaldne Section 230-beskyttelsane som firmaet lenge har brukt for å stilne konservative stemmer.
«Vi har visst om at Big Tech har støtta opp under Biden-kriminalitetsfamilien og Clinton-familien, og at dei no spring Kamala Harris sine ærend, men denne veka har dei vist at det ikkje finst ei grense for kor lågt dei kan søkkje, inkludert sensur av attentatforsøket på president Trump,» la han til. «Dette er valforstyrring – der må skje ansvarleggjering.»
«Med tanke på firmaet Dykkar sitt åtferdsmønster, vil mine kollegaer og eg sjølv setje i gang ei etterforsking rundt korleis Google sensurerer, tek side og hindrar fri flyt av informasjon,» sa han. «Vidare, som medlem av Homeland Security and Governmental Affairs Committee (HSGAC), vil eg gjere alt i mi makt for å oppmuntre mine komitémedlemmer til å tvinge Google til å vitne under eid når det gjeld denne praksisen.»
I tillegg til undertrykking av informasjon, ser Google ut til å ha ein annleis «kampanje-strategi» som heller mot Demokratane. Onsdag [31.juli 2024] sa tech-magnat Elon Musk at eit Google-slk på «Trump rally» i staden gav toppresultat som handla om visepresident Kamala Harris.
I mellomtida snakka representant Matt Gaetz (Republikanar frå Florida) om «autofullføringsfeil og -manglar» på Google og ønskjer at Department of Homeland Security (DHS) kjem med nokon som helst dokument som viser at nok eit tilfelle av hemmeleg samarbeid har skjedd, denne gongen når det gjeld attentatforsøket.
Trump: Google må passe seg, elles vil Kongressen stengje dei ned fordi dei sensurerer
I kjølvatnet av den kontroversielle skuldinga, føreslo tidlegare president Donald Trump at Kongressen burde stengje Google fordi dei vel side og driv og sensurerer innhald, spesielt om den nylegaste trugselen mot livet hans.
På programmet «Mornings With Maria Bartiromo» sa Trump at Google burde bli gjenstand for undersøking frå Kongressen og kanskje nedstenging på grunn av måten dei har handtert politiske tema. «Google har oppført seg særs ille. Dei har vore særs uansvarlege. Og eg har ei kjensle av at Google kjem til å bli stengt snart fordi eg trur ikkje Kongressen vil finne seg i det. Eg trur verkeleg ikkje det,» sa Trump. «Google må passe seg.» […]
Tech-selskapet løyste visstnok «autofullføringsproblemet» om Trump-attentatet tidleg onsdag, og nekta deretter at dei hadde utført sensur av den spesifikke informasjonen i fyrste omgang.
«Autofullfør kom ikkje med forslag til søkjeresultat om attentatforsøket mot tidlegare president Trump. Det er fordi det har innebygt beskyttelse relatert til politisk vald – og desse systema hadde gått ut på dato,» skreiv Google Communications på X. «Etter dei skrekkelege hendingane i Butler, Pennsylvania, burde desse søkjeforslaga ha dukka opp, men det gjorde dei ikkje. So fort problemet vart meldt inn, byrja vi å arbeide med forbetringar, og dei blir allereie rulla ut.»
Den tidlegare presidenten bekrefta òg til Bartiromo at Google ikkje har ringt og bede han om orsaking.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
