Brüssel er fast bestemt på å øydeleggje europeisk landbruk

Dénes Albert på nettstaden Remix News melder:

EU, under den globale eliten sin kontroll, driv systematisk og knuser landbruket gjennom politikken sin, men dette skjer ikkje berre i Europa, men òg elles i Vesten.

Europakommisjonen og medlemsstatane som slavisk følgjer den, slik som Tyskland, iverkset det eine tiltaket etter det andre som ikkje kan få andre resultat enn å gjere tradisjonelt landbruk og avl umogleg, noko som har blitt praktisert i fleire tusen år.

EU-politikken trugar med å øydeleggje det som har gjeve oss vårt daglege brød, og gjer det umogleg for bønder å overleve. Slagordet «ingen bønder, ingen mat» er her passande. Utan dei vil vi alle til slutt svelte ihel.

Danmark har nyleg erklært at dei vil innføre skattar på kveg, grisar og sauer i 2030. Dei seier at (…) desse dyra forårsakar stor skade, sidan dei slepper karbondioksid i atmosfæren. Bak dette er den grøne ideologien, EU sin Green Deal, som er basert på ideen om at global oppvarming blir forårsaka av menneskelege karbondioksid-utslepp – og landbruk er knytt til dette sidan kyr, til dømes, slepper mykje metan ut i atmosfæren.

Tiltaka som EU og individuelle vestlege land set i verk er mangfaldige, men peiker alle i same retning. Fyrst skal dei tvinge bønder til å ikkje dyrke visse område, å klargjere landområde, og stoppe aktivitetane sine for å beskytte klimaet. Dette er det bønder i Nederland vart tvinga til for nokre månader sidan, og tiltaka sette rundt 3000 bønder i ein umogleg situasjon.

Å sleppe ukrainske landbruksprodukt ut på den europeiske marknaden er eit konkret, handgripeleg brotsverk av Brüssel, som utgjer ein direkte, tydeleg og noverande fare overfor europeiske bønder, spesielt dei i Aust- og Sentral-Europa. Det er velkjent at standardane for ukrainske landsbruksprodukt er langt meir laissez-faire og liberale enn dei i EU, og kvaliteten på ukrainske produkt (frå kornprodukt til fôr) er langt underlegen den til europeiske produkt – men det er grunnen til at EU-bønder rett og slett ikkje kan konkurrere med prisane på ukrainske produkt.

Det er av den grunn tydeleg at kvart trekk frå Brüssel og europeiske leiarar som tener den globale eliten i Brüssel, bevisst øydelegg europeisk landbruk. Normale leiarar ville ikkje ha gjort dette.

Bak det står venstreliberale og globalistar-in-spe. Det er dette dei tru på, og det manifesterer seg no i det faktum at global oppvarming aukar på ein øydeleggjande måte, at klimaet på jorda blir uuthaldeleg, men dei trur at dette kjem av éin enkeltårsak: menneskeaktivitet, hovudsakleg og definitivt antropogeniske karbondioksid-utslepp.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget