Mac Slavo på nettstaden SHTFPlan.com skriv:
Ukrainas herskar, Volodymyr Zelensky, held fram med å terge Vesten i eit forsøk på å forlenge den noverande konflikten med Russland. Zelensky påstår at Vesten er altfor «bekymra» for eskalering av krigen mot tidlegare Sovjetunionen.
Dette er heller ikkje ein ny ståstad for Zelensky. Kiev har lenge drive press mot sine vestlege støttespelarar, som inkluderer at North Atlantic Treaty Organization (NATO) skal bli meir involvert i konflikten med Moskva og byrje å skyte ned russiske dronar og missil over ukrainsk territorium. Derimot har forsøka deira blitt avvist av utanlandske makter som vegrar seg for å gå inn i direkte militær konfrontasjon mot Russland.
Medan Russland har avstått frå å setje i verk direkte handling mot Ukrainas vestlege støttespelarar, har dei truga med å gjere dette ved fleire høve.
«[Vestlege nasjonar] er alltid bekymra for mogleg eskalering. Vi kjempar mot det. Vi arbeider framleis med det,» sa Zelensky til journalistar sundag [4.juli 2024]. Regjeringa i Kiev vurderer «tekniske moglegheiter for at nabonasjonar kan bruke militærfly mot missil som råkar Ukraina» etter å ha floge i generell retning av NATO-land, la han til.
Om Russland nokosinne bestemmer seg for å gjere alvor av trugslane sine, vil ein global krig nesten heilt sikkert bryte ut. Uheldigvis er Russland si beherska åtferd det einaste som hindrar denne konflikten å vere utløysar til Tredje verdskrig.
«Zelensky har kravd etablering av ei flyforbodssone over Ukraina sidan fiendtlegheitene mot Russland braut ut i februar 2022. Militærekspertar peiker på at kvar ei realistisk handheving av ønsket til Kiev vil krevje at NATO-medlemmer går til åtak på russiske fly i lufta, og på flyplassar i Russland. Ideen om eit mindre ambisiøst skjold over Vest-Ukraina vart lufta førre månad, i det Kiev signerte ein tosidig tryggleiksavtale med Warszawa og skrudde opp intensiteten på sine lobbyforsøk i forkant av eit NATO-leiartoppmøte i USA.» RT.
Russland har valt seg ut som mål ukrainske militærressursar, so vel som enkelte nøkkel-infrastruktur-stader, slik som kraftstasjonar, som dei ser på som kritisk viktige for Kievs krigsinnsats. Ifølgje russiske tenestepersonar, er konflikten ein USA-leia stadfortredarkrig der ukrainske soldatar tener som «kanonføde» for vestlege geostrategiske interesser. Og det er ikkje so langt frå sanninga.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
