Britar blir åtvara: Berre det å dele innlegg om opptøyar kan vere STRAFFBART

Paul Joseph Watson på nettstaden Modernity.news skriv:

Britiske styresmakter har åtvara folk om at berre det å dele informasjon på sosiale media om opptøyane kan føre til strafferettsleg tiltale.

Ja, faktisk.

Stephen Parkinson, direktør for offentlege påtalestyresmakter [Director of Public Prosecutions] sa til Sky News at folk ikkje ein gong treng å leggje ut innhaldet personleg for å bli vurdert som utøvar av ei straffbar handling.

Parkinson sa at brukarar av sosiale media kan vere skuldige i «oppvigleri til rasehat» om dei legg ut «fornærmande eller krenkjande» innhald som «sannsynlegvis vil nøre opp under rasehat».

«So dersom du retweetar [deler eit allereie publisert innlegg; oms.an.], so gjenpubliserer du det, og då utfører du potensielt eit brotsverk,» la han til, og sa at dedikerte politibetjentar sit og «saumfer sosiale media» etter slikt materiale.

«Folk trur kanskje at dei ikkje gjer noko skadeleg, men det gjer dei, og konsekvensane vil dei få oppleve,» åtvara Parkinson.

Sky News tydeleggjorde at «å dele nett-materiale av opptøyar kan vere eit brotsverk».

Den offentlege tenestemannen forsikra og separat at individ som publiserer protest-/opptøy-stader, slik som dei som finn stad utanfor innvandrings-advokatkontor, kan bli tiltala for terrorisme.

«Det faktum at det er organiserte grupper som kanskje kan bli motiverte utifrå ideologiske grunnar, det faktum at dei fremjar potensielt særs alvorlege brotsverk – det er i slike tilfelle at vi kanskje kjem til å vurdere terrorismetiltale,» sa Parkinson.

Han antyda til og med tidlegare at sosialmedie-påverkarar som for tida er i utlandet, slik som Tommy Robinson, vil kunne utleverast og tiltala for terrorisme i Storbritannia på grunn av vage tiltalar for å ha framprovosert opptøyane.

Som vi [Modernity.news] sette søkjelys på tidlegare, ber fleire prominente menneske i Storbritannia regjeringa om å imitere Kommunist-Kina ved å forby Twitter (X) heilt i landet for å stoppe sivil uro.

Cambridge-professor Sander van der Linden sa at regjeringa kan «geo-avgrense tilgang til ei plattform dersom situasjonen blir so ille», og Twitter kan òg bli «forboden i app-butikken for å vere i strid med retningslinjer».

Keir Starmer erklærte stolt innføringa av ein «ståande hær av opprørspoliti for å handtere det han har kalla «høgreorienterte skurkar», sjølv om statsministeren ikkje har lykkast i å fordømme liknande valdelege åtak og opptøyar utført av muslimske mobbar.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

2 comments

Legg att svar til Derimot: En gang en stormakt, nå en ynkelig skygge av seg selv. I Storbritannia fjernes nå ytringsfriheten. – Derimot – Antiglobalisten Avbryt svar