Christopher Tomlinson på nettstaden The National Pulse rapporterer:
Vest-Europa har opplevd 21 terrorforsøk og sju gjennomførte åtak so langt i år, og ein terrorekspert åtvarar at der kan kome langt fleire åtak dei komande månadene.
Den tyske terrorforskaren Peter Neumann seier at talet forsøk dette året er fire gonger høgare enn i 2022, og ber om danninga av ein Europa-omfattande tråddatabase for å hjelpe styresmakter med å stoppe åtak før dei skjer.
«Vi har framleis ikkje lykkast i å skape ein europeisk database der alle desse folka står i, slik at, til dømes, dersom denne åtakspersonen blir stoppa under ein trafikkontroll i Bayern, dukkar det straks opp eit raudt flagg,» sa han.
Neumann sa at til og med tyske og austerrikske styresmakter ikkje koordinerer saumlaust, noko ein såg etter at ein austerriksk islamist vart skoten ihel i München torsdag [5.september 2024] utanfor det israelske generalkonsulatet.
Etterforskarar trur at mannen kan ha planlagt å gå til åtak på konsulatet på årsdagen for åtaket på det israelske olympiske laget i München, som fann stad i 1972.
Tyskland opplevde nok eit islamiståtak denne veka i Linz i Rheinland-Pfalz-regionen, då ein mann som skreik «Allahu Akbar» gjekk til åtak på ein lokal politistasjon væpna med ein machete.
29-åringen vart overmanna etter å ha skrike at han skulle drepe politiet, og eit handteikna flagg av Den islamske staten vart seinare funne heime hjå han.
Dei to åtaka kjem berre veker etter at tre menneske vart stukne ihel i Tyskland under ein mangfaldsmarknad i byen Solingen. Den mistenkte i saka er ein syrar som hadde fått avslag på asylsøknaden, og som hadde svore lojalitet overfor Den islamske staten.
Slik som den mistenkte i Linz, hadde Solingen-gjerningsmannen ikkje blitt fanga opp for radikalisme i forkant av åtaket.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
