Dr. Vernon Coleman skriv, her henta frå nettstaden The Exposé:
Følgjande essay er med løyve teke frå Jack King si bok Why They Want to Kill Us, med stor takk til dr. King. Ingen innan politikk eller media ønskjer å debattere eutanasi. Som ved covid, blir sanninga undertrykt. Ingen andre ønskjer å publisere argumenta som blir presentert i boka til dr. King.
- Der er ingen kjent måte å drepe menneske på ein fredeleg, smertefri og verdig måte.
- I alle land der ei lov som legaliserer eutanasi blir vedteken, har grensene stort sannsyn for å bli flytta temmeleg snart i etterkant. So, til dømes, dersom ei lov blir vedteken som legaliserer drap av pasientar heilt på slutten av livet deira, vil lova bli utvida til òg å gjelde pasientar som ikkje er dødeleg sjuke. Og so vil lova bli utvida til å gjelde psykisk sjuke, i tillegg til å inkludere barn.
- Der er bevis for at pasientar som ikkje er klare til å døy, vil bli mobba til å akseptere eutanasi.
- Fattige og dei som er avhengige av trygd og statlege velferdsytingar vil truleg bli mobba eller pressa til å akseptere eutanasi.
- Slektningar som ønskjer å dra nytte av arven til ein eldre person vil arrangere eutanasi av pengerelaterte grunnar.
- Sjukehus som ønskjer å frigjere sjukesenger vil føle seg frie til å drepe pasientar.
- Der er òg ein risiko for at dei som kjem til eit sjukehus i ambulanse, der dei gjerne har fått kraftige smertestillande, vil få direkte invitasjon til å akseptere eit legeassistert sjølvmord. Og, fordi dei er redde og forvirra, vil dei ta imot tilbodet utan å skikkeleg forstå konsekvensane. Legar involvert i pasientomsorg burde aldri nokosinne vere involvert i fremjing, sal eller til og med diskusjon av eutanasi.
- Enkelte forkjemparar for eutanasi hevdar at kandidatar for sjølvmord må ha ein dødeleg sjukdom. Og enkelte eutanasiprogram byrjar å seie at ein pasient må vere venta død innan seks månader. Tilhengjarar seier at dette ekskluderer pasientar som kan leve vidare i årevis. Dei tek naturlegvis feil. Dei tek feil fordi prognosar er subjektive, og dei tek feil oftare enn dei har rett. Eg [dr. King] kunne ha fylt opp London med folk som har blitt bedne om å førebu seg på ein snarleg død, men som har levd i mange år. Forkjemparar av eutanasi går utifrå at det er mogleg å avgjere at ein sjukdom er dødeleg. Alle (lege eller sjukepleiar) som erklærer ein sjukdom for dødeleg er ein tosk. Eg tviler på at eg er åleine i å sjå pasientar som har blitt fortalt at dei ikkje kunne kurerast, kome seg og nyte eit langt liv – og ikkje sjeldan har dei levd lenger enn legen som sa til dei at dei var døyande. Diagnostiske feil er langtfrå so sjeldne som legar likar å førestille seg. Dr. Vernon Coleman har skildra korleis han uriktig vart diagnostisert med nyrekreft og fekk seks månader å leve. Dette var nesten 40 år sidan. Faktisk tok radiologane som sette diagnosen feil. Politikarar ser ut til å anta at det er mogleg å spå når ein pasient kjem til å døy. Det er det ikkje. Titt og ofte vil ein pasient passande døy slik det vart spådd, men dette mistenkjer eg er meir på grunn av voodoo eller negativ-placebo-faktoren enn på grunn av nokon som helst briljans frå den som spår. Legar, som heksedoktorar, kan ha ei vesentleg påverknadskraft på utfallet at ein sjukdom dersom dei gjev pasienten ein tydeleg prognose som høyrest profesjonell ut. Med andre ord, dersom ein lege seier til ein pasient: «Du kjem til å døy innan seks månader», er der ein sjanse for at pasienten faktisk kjem til å døy innan seks månader fordi legen sa det. Det er sjeldan at pasientar døyr før ein lege spår at dei skal det, men det skjer ofte at pasientar lever betydeleg lenger. Å velje ut ein pasient som passande for eutanasi på bakgrunn av ein prognose er alltid farleg og kan ikkje rettferdiggjerast. Døme på feildiagnosar og feilaktige prognosar er ikkje vanskelege å finne.
Ei 45 år gammal tobarnsmor vart fortalt at ho hadde ein ikkje-opererbar svulst på levera. Utan at nokon i familien var til stade med ho, vart ho fortalt at ho hadde mellom to månader og to år å leve. (Korleis nokon lege kan kome med slik ein bisart brei diagnose er vanskeleg å begripe.) Faktisk hadde ho ein godarta leversvulst. Ho vart ikkje fortalt om feilen på ein månad. Det tok eit år før kvinna hadde kome seg etter traumet frå feildiagnosen. Men kva om ho hadde blitt overtala til å akseptere eutanasi?
Ei anna kvinne som vart fortalt at ho hadde dødeleg kreft, viste seg å lide av sarkoidose. Igjen hadde det skjedd feildiagnostisering, og denne gongen vart pasienten behandla med skadeleg cellegift og blitt utsett for mange CT-scanningar og medisinske gjennomgangar. Feildiagnosen stod der i fire år.
Ei tredje kvinne som hadde ei historie med brystkreft vart fortalt at kreften hadde kome tilbake og spreidd seg til lungene. Ho gjennomgjekk behandling, inkludert stråleterapi. Etter fem år der ho trudde ho kunne døy når som helst, vart kvinna fortalt at sjukehuset hadde teke feil, og at ho eigentleg hadde bronkiektasi.
Ein 51 år gammal mann vart fortalt at han hadde langt framskriden amyotrofisk lateral sklerose (ALS). Ein andre lege var einig med diagnosen, som hadde blitt gjort på grunnlag av ein 10-minutts eksaminasjon. Mannen vart fortalt at han aldri kom til å kome i arbeid igjen, og at han snart ikkje ville vere i stand til å gå. Han vart kontakta av ein terapeut angåande medisinsk assistert død og byrja å planleggje musikk til gravferda si. Mannen stengde føretaket sitt og fortalde vennene og familien dei skrekkelege nyheitene. Han vart fortalt at han ikkje kom til å leve innan jula var der. Til slutt konsulterte mannen ein tredje lege som sa til han at han hadde blitt feildiagnostisert, og faktisk hadde nevropati forårsaka av diabetes.
Ein 65 år gammal mann vart diagnostisert med motornevron-sjukdom, og fortalt at han var dødeleg sjuk med seks månader igjen å leve. Han vart fortalt å velje ein omsorgsinstitusjon. Han fann seinare ut at symptoma hans faktisk kom frå dei kolesterolseinkande legemiddela som han gjekk på. Då han vart fortalt at han var dødeleg sjuk, slutta han å ta dei, og symptoma hans forsvann.
Desse casus-historiene er på ingen måte uvanlege. I land der assistert drap blir gjort vil der utan tvil vere tilfelle der feildiagnostiserte pasientar vil velje eutanasi og døy temmeleg unaudsynt. Ei av hovudinnvendingane mot dødsstraff (ein prosess som ofte tek mange år og stadig gjennomgang av bevismaterialet), fryktar ein at feil vil bli gjort og at ein uskuldig person vil bli drepen. Den same innvendinga kan og bør kome når det gjeld medisinsk assistert død.
Endeleg, for å oppsummere, burde du vere motstandar av eutanasi dersom:
- Du er over 60 år eller håper eller forventar å bli over 60 ein dag.
- Du nokosinne kjenner deg nedfor, opprørt, bekymra, redd eller lei av livet.
- Du gløymer ting eller ikkje er heilt til stade mentalt.
- Du har nokon helseproblem (diabetes, artritt, pustevanskar, hjarteproblem, dårleg syn, dårleg høyrsel eller inkontinens, berre for å nemne nokre få.)
Alle dei problema og situasjonane kan få legar og sjukepleiarar til å drepe deg for «din eigen komfort», og gjere det utan å be deg om lov.
Omsett og noko forkorta av redaksjonen i Saksyndig.
