Noreg avsluttar automatisk asyl for alle ukrainarar: «Vi kan ikkje halde fram å ta inn fleire enn andre!»

Thomas Brooke på nettstaden ReMix News rapporterer:

Justisminister Emilie Enger Mehl avslørte at Noreg har teke imot langt fleire ukrainske flyktningar samanlikna med andre skandinaviske nasjonar, og uttrykte bekymring for at eit aukande tal ukrainske flyktningar var «menn i kampdyktig alder».

Den norske regjeringa har erklært at dei ikkje lenger skal gje automatisk asyl til alle ukrainarar som flyktar frå krigen, noko som markerer eit skifte frå politikken rundt «kollektiv beskyttelse» som vart innført etter Russlands invasjon av Ukraina i februar 2022.

Justisminister Emilie Enger Mehl sa i ein pressekonferanse på fredag [27.september 2024] at frå og med no vil ukrainarar som kjem frå seks regionar i vestlege Ukraina få sine asylsøknader vurdert i kvart sitt spesifikke tilfelle.

Desse regionane – Lviv, Volhynia, Transkarpatia, Ivano-Frankivsk, Ternopil og Rivne – blir vurdert som trygge av norske styresmakter fordi dei ligg langt frå frontlinjene til dei noverande konflikten, som hovudsakleg er aust og søraust i landet.

«Vi kan ikkje ta imot ein uforholdsmessig del av folk samanlikna med liknande land, slik som dei nordiske landa,» sa Enger Mehl, og viste til bekymring for belastning på den norske infrastrukturen.

Tilstrøyminga av flyktningar har auka presset på bustader, helsetenester og utdanningssystema, spesielt i visse byar.

Sidan krigen byrja har Noreg, eit land med 5,6 millionar, teke imot 85 545 flyktningar, ifølgje data frå UNHCR.

I kontrast til dette har Sverige, som har dobbelt so mange innbyggjarar, teke imot rundt rekna 72 000, og Danmark med eit liknande folketal [som Noreg] har teke imot 56 000.

Ein annan nøkkelfaktor bak endringane er den skiftande demografien blant asylsøkjarane. Mehl sa at ein veksande del av dei som søkjer asyl var «menn, inkludert mange i kampdyktig alder», som får styresmaktene til å uttrykkje bekymring over tryggleiken og gyldigheita til mange søknader.

Noreg har gradvis stramma inn på asylforholda dei siste to åra, og prøver å oppmuntre ukrainarar til å byrje i arbeid, og avgrense talet nye ankomstar. Det nyaste trekket reflekterer både praktiske og tryggleiksmessige omsyn, der styresmaktene håper å handtere situasjonen meir berekraftig.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

One comment

Legg att svar til Vi har tatt for mange sammenlignet med andre land. Norge stanser mottak av asylsøkere fra Ukraina. - Derimot Avbryt svar