Ethan Huff i Natural News rapporterer:
Ein person som prøvde å frakte mat og andre forsyningar inn i den øydelagde fjellregionen i Nord-Carolina med sitt private helikopter, vart arrestert av Biden-regimet for å forstyrre ein «statleg operasjon».
Etter at mannen landa fartøyet sitt, la styresmaktene han straks i jarn med den orsakinga at han kom i vegen for deira eigen redningsinnsats – bortsett frå at ingen redningsinnsats faktisk fann stad.
«Han landa og vart arrestert, og [dei] sa at han forstyrra ein statleg operasjon, men der går ikkje føre seg nokon operasjonar,» forklarer mannen i denne videoen, der han seier at han var del av redningsoperasjonen til orkanen Helene.
«Eg er no i Asheville, Nord-Carolina, der selskapet mitt utfører katastrofetryggleik for eit dialyseselskap, og vi driv òg og leitar etter og rettar pasientar for å frakte dei til dialyse slik at dei ikkje døyr. Denne staden er ei krigssone og militæret er ikkje her.»
(Relatert: Orkanen Helene øydela straumnettet i vestlege Nord-Carolina og delar av Sør-Carolina – det kan ta månader før straumen er heilt tilbake.)
Kjem Asheville nokon gong til å kome seg heilt?
Mannen i nemnde video, som hugsar korleis ting gjekk under [orkanen] Katrina, forklarer at trass at han var stasjonert i San Diego på den tida, vart han ringt og frakta til Louisiana innan 96 timar, som ikkje er tilfellet for Helene.
Der er so mykje øydelegging etter Helene, men folk flest er ikkje klare over det fordi der er ingen nyheitsteam i dei påverka områda og rapporterer om det. I staden har staten teke kontroll over situasjonen, men gjev ikkje den bistanden folk treng.
«Det amerikanske folket burde vere sinte på det som staten vår gjer mot denne byen,» seier han, og viser til Asheville. «Folk lid der. Der er so mange som døyr.»
«Eg køyrde forbi barn rundt fem til sju år gamle. Dei var bror og syster, og dei leita etter foreldra sine. Vi frakta dei til ei kyrkje. Desse unge barna veit ikkje kor deira mamma og pappa er.»
Den største hindringa for naudhjelp til Nord-Carolina akkurat no er Forsvarsdepartementet (DOD), der leiarane har lagt føringar på militæret, ifølgje mannen. Og mannen som har skulda er ingen ringare enn Alejandro Mayorkas, Biden-regimet sin leiar for Department of Homeland Security (DHS).
«Dersom de er sinte, so burde de vere det,» seier han, «fordi dette er det staten tykkjer om oss. Dei er ikkje der for å hjelpe oss. Vi må sjølv ivareta kvarandre.»
Lokalpolitiet opererer ikkje lenger slik det gjorde før Helene, som tydar at mange lokale sjølv må ta på seg rolla som politi. Alle som veit noko om medisinsk naudhjelp prøver òg å gjere det han eller ho kan for å hjelpe, i staden for at der faktisk er naudmedisinsk personale der.
«De er ikkje der, det er særs ille,» seier han. «Vi treng vatn. Vi treng mat. Vi treng kle. Eg ligg på eit billeg hotell og er særs takksam, og eg føler meg litt skuldig over at eg har tak over hovudet og ein dusj. Og det er rett i nærleiken av flyplassen.»
Éin ting er sikkert: folket i Nord-Carolina og delar av Sør-Carolina har litt av ein ryddejobb framfor seg.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
