Russland skuldar NATO for å openlyst førebu seg på konflikt

Russia Today (RT) rapporterer:

NATO skjuler ikkje lenger at dei rustar seg til ein potensiell konflikt mot Russland, har vise-utanriksminister Aleksandr Grushko sagt, og viser til dette årets Steadfast Defender-øvingar, den største manøveren til blokka sidan slutten på Den kalde krigen.

Den USA-leia militærblokka har utvida austover i fleire tiår, trass forsikringar gjevne til Sovjetunionen i forkant av den tyske gjenforeininga i 1990 at dei ikkje kom til å gjere det. Russland har gjentekne gonger skildra utvidinga mot grensene deira som ein trugsel mot tryggleiken deira.

I ein samtale med RIA Novosti tysdag [8.oktober 2024] sa Grushko: «no har NATO-representantar slutta å skjule at dei førebur seg på eit potensielt væpna samanstøyt mot Russland.»

«Regionale forsvarsplanar har blitt godkjende, konkrete oppgåver for militærkommando-strukturane i heile blokka har blitt formulert. Moglege alternativ for militærhandling mot Russland blir stadig utarbeidd,» la diplomaten til.

Han viste til Steadfast Defender-øvinga som varte frå januar til slutten av mai, og sa at «for fyrste gong var ikkje fienden ein fiktiv stat, men Russland».

Medan NATO ikkje nemnde Russland spesifikt i formidlinga si om øvingane, kalla dei førebuingsøvinga for ein konflikt med ein «nær, likeverdig» motstandar. Hovud-tryggleiksdokumenta til NATO identifiserer Russland som den største trugselen mot blokka.

Øvingane, som vart utført nær den vestlege grensa til Russland, inneheldt rundt 90 000 soldatar frå alle dei 32 medlemsstatane til NATO.

Ifølgje Grushko «blir militærbudsjett pumpa fulle [med pengar], og [vestlege] økonomiar blir militariserte».

Vise-utanriksministeren insisterte at «det var ikkje Russland men den nordatlantiske alliansen som tok konfrontasjonens sti» ved å nekte å ta del i dialog med Moskva. Han konkluderte at NATO ber ansvaret for ei «større europeisk tryggleikskrise».

Den tyske avisa Die Welt, rapporterte på laurdag [5.oktober 2024] at som førebuing på ein potensiell konflikt med Russland, planlegg militærblokka å dramatisk auke talet kamp- og luftforsvarseiningar – dei viste til eit konfidensielt planleggingsdokument frå NATO.

I løpet av dei siste månadene har fleire NATO-medlemsstatar påstått at Russland han sitje med planar om å gå til åtak på blokka.

I ein prat på sidelinjene til St. Petersburg internasjonale økonomiske forum (SPIEF) i juni, avviste den russiske presidenten Vladimir Putin skuldingar om at Moskva planlegg å gå til åtak på NATO som «nonsens» og «bullshit».

I september åtvara derimot den russiske leiaren at om Ukraina sine vestlege støttespelarar skulle tillate Kiev å bruke sine missil til å råke mål djupt inni Russland, «vil det tyde ingenting anna enn den direkte deltakinga av NATO-land, USA og dei europeiske landa, i Ukraina-konflikten».

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget