Saksyndig fyller 3 år

Sjå òg «Saksyndig fyller 1 år», publisert 14.november 2022, og «Saksyndig fyller 2 år», publisert 14.november 2023.

Denne vesle nyheitsbloggen har greidd å kave seg gjennom nok eit år. I dag, torsdag 14.november 2024, er det tre år sidan eg oppretta bloggen under dramatiske omstende medan eg vekependla til ein aude utkantkommune for å hjelpe dei tilsette på ein liten sjukeheim som hadde store bemanningsutfordringar. Dei «takka» meg ved å ikkje forlenge årsvikariatet mitt, slik at eg måtte finne meg ny jobb hausten 2023 på ein privat sjukeheim. Etter konspirasjonen mot meg frå to sjukepleiarar på den private sjukeheimen sommaren 2023, gjekk eg arbeidsledig i lengre tid, men greidde til slutt å finne jobb i ein heilt ny bransje som, i motsetnad til tidlegare arbeidsgjevarar i det norske helsevesenet, faktisk set pris på jobben eg gjer.

Dette stod ikkje på nokon måte skrive i stjernene på denne tida i fjor. Ein kan snakke om ein kombinasjon av råflaks og det å vere på rett stad til rett tid, og ikkje minst med dei rette personane. Dette var ein jordnær, kompetent gjeng som ikkje rigid følgde dei uskrivne reglane for når ein kandidat var «personleg eigna» eller «framstod korrekt» på jobbintervjuet. Av dei vel 40 arbeidsgjevarane eg var i dialog med, var dei dei einaste som ikkje spurde etter referansar. Hjå dei fekk eg jobb bokstavleg tala på timen. Dette kan nok seiast å vere siste rest av det tillitssamfunnet som no er på veg i dass, og det at dei valde å stole på meg var det som redda meg. Flaks for meg og flaks for min noverande arbeidsgjevar.

Den faste lesaren har nok lagt merke til at det har blitt fleire skjønnlitterære tekstar på Saksyndig det siste året. Det har blitt ein del fiktive nyheitsreportasjar og ikkje minst noveller, spesifikt den etter kvart so lange novelleserien med rollefigurar slik som «Morfin-Mona», «Karl» og «Coop-Malin» med fleire. Av og til er rein dikting det enklaste når ein vil formidle ting som elles ikkje ville ha sett dagens lys. Det finst etter mitt syn litt for mange ærekjære personar her i landet, som veit å utnytte rettssystemet til det punkt der det blir brukt som våpen mot personar dei ikkje likar tryna eller meiningane til.

Misforstå meg rett. Her handlar det naturlegvis ikkje om å beskytte æra deira, for dei har inga. Det handlar for dei om å øydeleggje all opposisjon; fysisk, verbal og spirituell. I deira perfekte verd meiner alle det same, seier det same og gjer det same. Og dei sjølve sit som sjølverklærte kongar eller dronningar på tronar av knelande slavar.

Det er eit trist faktum at det finst folk her i Noreg som helst såg at eg ikkje publiserte tekstar i det heile – eller at eg ikkje levde og blomstra som eit fritt, sjølvstendig menneske. I likskap med andre aktørar i bransjen blir Saksyndig av dei sett på som ein trugsel mot verdssynet deira. Det er mange ting ein kan lure på når det gjeld desse mørke elementa i samfunnet, men den enklaste forklaringa er diverre at enkelte rett og slett er nokre rævhol. Vondskap finst, og vondskapsfulle menneske finst definitivt. Dei oppsøkjer maktposisjonar der dei kan dominere og kontrollere, men ein sjeldan gong får dei passa sine påskrivne.

Om eg skal oppsummere perioden mellom 14.november 2023 og 14.november 2024, har Saksyndig meir eller minne funne stilen sin og sin nisje innan alternative media. Og bloggen er viktigare enn nokosinne, for eliten gjev seg ikkje med sine planar om å innføre ei totalitær verdsregjering med overvaking, sensur og avliving av fleirtalet av befolkninga. Det er som Northern Light, ein mykje nytta skribent her på bloggen, skriv: Ein rivaliserande, fiendtleg menneskerase ser ut til å ha infiltrert Jorda med det mål å øydeleggje oss.

For å ta ei optimistisk vinkling, ser det ut til at vi er på veg mot betre tider. Trump har blitt valt til president i USA, og dette har bokstavleg tala ført til samanbrot og terapibehov hjå hans fiendar. Samstundes ser Russland ut til å gå sigrande ut av den NATO-støtta Ukraina-krigen, igjen til stor ergring for dei som vil fjerne stormakta frå verdsbiletet. BRICS og slutten på USA som verdsmakt er ikkje berre ein fjern utopi, det er noko som skjer framfor auga for dei som vil sjå.

Her i håplaust naive Noreg går ting sin skeive gang, men stadig fleire ser ut til å ha innsett at våre styresmakter ikkje vil oss vel. Ein treng ikkje sjå lenger enn til stoda i helse- og undervisningssektoren. Bemanning på sjukeheimar og i ambulerande team er skoren inn til beinet, og skular blir lagt ned trass massiv motstand i befolkninga. Det er ikkje oss dei vil ivareta, men kva enn slags interesser deira herskarar krev at dei skal ivareta. Dei får sine instruksar og les frå sine manus, og fråskriv seg alt personleg ansvar.

Det at stadig fleire ser hykleriet og den destruktive åtferda til «våre» politikarar, håper eg vil føre til ei maktovertaking der våre folk sit med makta og lagar eit betre Noreg. Om det skjer med eller utan våpen og vald, blir heilt opptil våre fiendar, men det beste for oss alle er om det skjer fredeleg og høveleg.

Og i mellomtida utfører Saksyndig si viktige samfunnsoppgåve, som er å opplyse befolkninga om saker som elles ikkje ville ha blitt løfta fram.

5 comments

  1. Gitt det du poster på denne…hva kalte du den….nyhetsbloggen?, er det bare bra du ikke jobber i helse. Ingen grunn til å gratulere denne bloggen her.

    Likar

Kommenter innlegget