Saksyndig tek ein titt på «Prosjekt 22.juli»

Det har i lengre tid versert rykte på alternative media om at Anders Behring Breivik ikkje var den som stod bak 22.juli-terroren, og at han ikkje lenger sit i fengsel etter at han inngjekk «avtale» med den norske djupstaten tilbake i 2011. 22.juli 2021 publiserte Nyhetsspeilet ein artikkel der det blir vist fram eit brev som visstnok skal handle om eit strengt hemmeleg prosjekt under Justis- og politidepartementet og Kongen i statsråd ved namn «Prosjekt 22.juli». Sjølve brevet kan lesast her. Saksyndig skriv om dette brevet i artikkelen «Ny serie: Saksyndig tek ein titt på konspirasjonsteoriar», publisert 8.juni 2022. Der skriv Saksyndig-redaktøren:

«Den alternative nettavisa Nyhetsspeilet har sine eigne teoriar om kven som eigentleg stod bak 22.juli-terroren, og kva intensjonane deira var. Den offisielle forteljinga hevdar at berre Anders Behring Breivik stod bak 22.juli-terroren. Enkelte hevdar at det i røynda var andre aktørar som var skuld i denne hendinga, og at Breivik, mot eit klekkeleg honorar, tok på seg rolla som den skuldige. I 2019 fekk ein av skribentane i Nyhetsspeilet eit brev frå ei anonym kjelde. Brevet er datert 23.mars 2011, og antydar at tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland, tidlegare statsminister Jens Stoltenberg, noverande statsminister Jonas Gahr Støre og ei rekkje andre prominente maktpersonar i Noreg, inkludert Torvald Stoltenberg, Trond Giske og John Fredriksen, skal ha inngått avtale med Breivik om å få utbetalt svimlande 55 millionar norske kroner for å ta på seg ansvaret for ugjerningane. Breivik skulle etter åtte år i fengsel «døy» og få ny identitet. Om dette stemmer, er det kan hende ein av noregshistoria sine største konspirasjonar. Det er derimot større sjanse for at dette brevet er forfalska. Kva trur du? Er det framleis Breivik som sit fengsla, eller berre ein dobbeltgjengar-skodespelar i filmkulissar som skal etterlikne fengselet der han sonar?»

Saksyndig-artikkelen «Kva ville DU ha gjort for 55 millionar kroner?», publisert 17.august 2023, tek òg føre seg dette «prosjektet», sjølv om Breivik der ikkje blir nemnt med namn. Der står det å lese:

«Djupstaten treng å gjennomføre ei sokalla djupstrukturell hending for å styrke posisjonen til det politiske partiet som representerer fronten til nemnde djupstat: Arbeidarpartiet. Denne hendinga er eit direkte terroråtak, og mange uskuldige vil misse livet. Du får instruksar om å installere deg på ei lita øy i Buskerud der Arbeidaranes ungdomsfylking (forkorta AUF) skal ha sin årlege sommarleir. Alt du treng å gjere, er å søkje dekning medan ein liten skvadron går rundt og skyt ungdommar, for so å overgje deg når politiet omsider får somla seg ut til øya.

Du skal altso ta på deg rolla som den einaste gjerningsmannen til den verste terrorhandlinga på norsk jord i nyare tid, åtaket som vil ta livet av 77 menneske og jamne sjølvaste regjeringskvartalet med jorda.

I byte mot å ta på deg skulda for denne djupstatsoperasjonen, som vil bli utført 22.juli 2011, vil du få utbetalt 55 millionar norske kroner, i tillegg til å bli eskortert med ny identitet til ei valfri adresse i eit skatteparadis. Pengane vil du få utbetalt etter åtte års soning, sjølv om du naturlegvis vil bli dømt til lovas strengaste straff, 21 års forvaring.»

Av ymse årsaker er det framleis umogleg å vurdere sanningsgehalten i dette dokumentet, og det dukkar med jamne mellomrom opp som tema innan alternative media. Sist ut no er den uavhengige journalisten Mona Wikøren, som 20.november 2024 publiserte artikkelen «Sannsynligvis er Anders Behring Breivik fri som fuglen og søkkrik» på sin Substack. Der tek ho ein gjennomgang av den tilgjengelege dokumentasjonen som visstnok skal finnast, der det blir påstått at 22.juli var eit topphemmeleg prosjekt som vart godkjent av Kongen i statsråd.

Eg vil på det sterkaste oppfordre lesaren til å ikkje ta dette for god fisk, men gjere sine eigne undersøkingar og trekkje sine eigne konklusjonar. Vi påstår ingenting, og peiker ikkje fingeren på nokon aktørar i den norske djupstaten.

Wikøren byrjar artikkelen sin med følgjande tankevekkjande ord:

«Hvis du reflekterer logisk og rasjonelt, har vi kun myndighetenes ord på at han sitter fengslet, ISOLERT. Det at han er «isolert», betyr i klartekst at vi ikke har noen uavhengige kilder som kan bekrefte myndighetenes påstander om at han faktisk er fengslet.»

I nemnde brev står det følgjande:

«AVGJØRENDE VEDTAK AV DOK 21.1-3-008JD

De undertegnede, samt navngitte og medvirkende parter er enige om at man jmf. Dok 21 3-008JD «Prosjekt 22. juli» skal settes ut i live samt at de impliserte holdes utenfor ved hemmelighetsstempling av samtlige dokumenter i henholdsvis 60-120 år med andre ord til evig tid, etter destruksjon.

Den «utvalgte» som påtar seg ansvaret for ugjerningene denne datoen erkjennes kroner 55.000.000.00 i kompensasjon, samt gode soningsforhold og ID etter hans iscenesatte «død» 8 år etter at hendelsene finner sted.

Det er full samtykke fra involverte og informerte.

Gro Harlem Brundtland

Jens Stoltenberg

Jonas Gahr Støre

Eskil Pedersen

Trond Giske

Torvald Stoltenberg

Grete Faremo

Janne Kristiansen

Einar Aas

Odd Reidar Humlegård

John Fredriksen

Torgeir Hagen

Tor-Aksel Busch»

Artikkelen tek vidare føre seg dei namngjevne enkeltpersonane. Mellom anna er det for Saksyndig-redaktøren påfallande at Jens Stoltenberg no er valt til sjef i elitenettverket Bilderberg. Eskil Pedersen, han som flykta frå Utøya for å redde sitt eige skinn, har i ettertid hevda at han på eit eller anna vis visste at han var hovudmålet til Breivik på Utøya, og at Breivik hadde studert han. Korleis visste han at Breivik var ute etter han, når han visstnok ikkje ante at det kom til å skje eit terroråtak på Utøya?

Ein annan aktør som òg stakk frå Utøya før terroråtaket, var ingen ringare enn Gro Harlem Brundtland. Visste ho òg at noko kom til å skje på den vesle øya på den lagnadstunge julidagen?

Artikkelen nemner òg eit føredrag med Ole Dammegård, der han går gjennom dei tekniske bevisa i saka. Den to timar og 27 minutt lange videoen kan sjåast her.

Lesaren blir her oppfordra til å lese både Wikøren sin artikkel, og nemnde artikkel i Nyheitsspeilet. Begge artiklane stiller ubehagelege spørsmål om Noregs 11.september som nokon ikkje vil skal bli stilte.

2 comments

  1. «Dokumentet» er forlengst avslørt som et falsum. «For å redde sitt eget skinn». Det skulle vært en ørefikpatrulje, for bare rasshøl kan få seg til å skrive sånt. Kryp tilbake under steinen deres, nedrige «truthers». Fysj.

    Likar

Legg att svar til HT Avbryt svar