Russlands spionsjef seier at Storbritannia og USA er «direkte involvert» i Nord Stream-sabotasjen

Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice melder:

Leiaren i den russiske utanlandsetterretningstenesta (SVR) har hevda at amerikanske og britiske sabotørar stod bak eksplosjonane som uskadeleggjorde Nord Stream 1- og 2-røyrleidningane.

Sergej Naryshkin seier at dei amerikanske og britiske etterretningstenestene var direkte involverte i sabotasjen av nøkkel-røyrleidningane.

RT rapporterer: Nøkkel-energisambandet, bygt for å levere russisk gass til Tyskland og resten av Vest-Europa, vart riven i stykke av eksplosjonar på botnen av Austersjøen i september 2022.

«Det har lenge vore kjent at Vesten bruker internasjonal terrorisme som eit verktøy for å oppnå sine geopolitiske mål. Derimot nøler heller ikkje dei vestlege etterretningsbyråa med å bruke terrorist-metodar i kampar mot sine motstandarar,» sa Naryshkin til leiarane av tryggleiksbyrå og etterretningstenester frå tidlegare sovjetrepublikkar tysdag [26.november 2024].

Ifølgje den russiske spionsjefen var sabotasjen av Nord Stream-røyrleidningane eit døme på slike metodar.

«SVR sit på informasjon om ei direkte involvering av profesjonelle sabotørar frå dei angloamerikanske spesialtenestene i dette terroråtaket,» sa han.

Naryshkin sa at Nord Stream var eit felles prosjekt mellom selskap frå Russland og andre europeiske land, med den intensjonen å gje «ei uavbroten forsyning av billeg russisk gass til Europa».

«Noko som tydar at Russland bygde den saman med konstruktivt tenkjande europearar, og angloamerikanarane sprengde den i lufta,» sa han.

SVR-leiaren insisterte at «det å øydeleggje Nord Stream var ein besettelse, ikkje berre hjå den Demokratiske, men òg hjå den Republikanske administrasjonen i USA.»

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

2 comments

Kommenter innlegget