Sjå òg «Saksyndig-redaktøren med oppsiktsvekkjande informasjon frå førre arbeidsplass: Kvite hattar, motstandsrørsle og drap», publisert 5.januar 2023.
At Donald Trump igjen er president i USA og prøver å «drenere sumpen», har falle visse mektige, skjulte aktørar tungt for brystet. Korrupsjon og løynde alliansar skal ryddast opp i, og makta bak makta skal forsøkast fjerna ein gong for alle. Ein viktig støttespelar til Trump er Elon Musk, som har blitt leiar for DOGE, eit slags amerikansk svar på ein sløserikommisjon som skal effektivisere statleg sektor og eliminere dei som eigentleg ikkje har nokon funksjon.
Den pensjonerte offiseren Roy Tore Ottesen, som har erfaring frå internasjonale operasjonar, fekk 26.februar 2025 publisert ein artikkel om kampen mot djupstaten i nettavisa UtenFilter. Han nemner på ein ganske so subtil måte den skjulte motstandsrørsla i USA mot den amerikanske (og dermed overnasjonale) djupstaten, og meir enn antydar at Trump og Musk er dei mest synlege aktørane av desse sokalla «kvite hattane».
Å fortelje om denne kampen er ekstra utfordrande, sidan djupstaten eig stort sett alt som finst av media, medan motstandsrørsla er heilt avhengige av å operere i det skjulte for å løyne sin identitet. Ein motstandsmann som blir avslørt, vil møte den sikre død.
Målet til det djupstatseigde propagandapparatet har heilt sidan byrjinga vore å villeie og indoktrinere befolkninga, slik at regelrette løgner blir akseptert som udiskutable sanningar. Døme på dette er «klimakrisa», covid-19-plandemien og at Russland er vår fiende, som starta ein «uprovosert fullskala-invasjon» av Ukraina. Ei skremd og hjernevaska befolkning er langt lettare å kontrollere, noko ein ser manifestasjonar på både i dag og i nær fortid: det faktum at «alle» køyrer el-bil trass vesentlege utfordringar med lading og kort rekkjevidd, det faktum at alle underkasta seg meiningslause og uvitskaplege retningslinjer under covid-tida, og det faktum at alle slukte rått løgna om at Putin var den store, stygge ulven og at den kokainavhengige, fallerte komikaren Zelensky er vår tids store helt. Gjentek ein ei løgn ofte nok, vil folk til slutt godta den som sanning.
Ottesen oppsummerer stoda i følgjande sitat:
«Hodeløse beslutninger fra norske regjeringer bekrefter at en rekke av den dype statens psykologiske operasjoner har vært vellykket, og oppnådd sin sluttilstand for måloppnåelse. Departementer, direktorater, institutter og akademia, og følgelig en stor del av befolkningen, er nå overbevist om at jordkloden enten koker eller er i full utvikling mot ny istid.
Uansett skal enhver i det minste være bekymret, stole på myndighetene, begrense feriereiser, akseptere økte kostnader og velsigne vindmøller, solcellepaneler, batteridrift og elektrifisering, selv om de er upålitelig i drift og har høy kostnad.
En like stor andel av befolkningen er overbevist om at det sirkulerer et mystisk virus, som riktignok har mindre dødelighet enn influensa, men som krever vaksinering og nedstengning.
Overbevisningen er likeledes stor for at en stor del av den 6 milliarder store befolkningen i det globale sør er så truet av forfølgelse, uverdige levekår og krig, at de snarest mulig må forflyttes til et vestlig land. Overbevisningen omfatter også illusjonen om Russland er ondskapens dynasti, som ønsker å invadere både Europa og deretter resten av verden.»
Djupstaten sin psykologiske operasjon har med andre ord vore vellykka, men dette prøver no motstandsrørsla å rette opp i. Men kven er medlem i denne sokalla motstandar-alliansen? Ottesen antydar at Trump er ein av hovudaktørane, sidan han har myndigheit til å setje saman «aksjonsgrupper» frå executive branch (den utøvande greina). Han kan ha utstada ordrar som kverrsette (bokmål beslagla) formuane til aktørar i djupstaten som har vore skuldige i landssvik, brotsverk mot menneskeheita, elitepedofili og valfusk.
Noko liknande kan vere i ferd med å skje i Noreg. Jens Stoltenberg, den tidlegare NATO-sjefen som nesten vart Bilderberg-leiar, er no plutseleg finansminister. Nyleg trekte flyvertinne-Peggy seg som leiar i LO. Det har plutseleg blitt føreslege ein fastpris på straum, som like gjerne kan bli om til eit formelt krav om makspris på straum. Det blir reagert med lettare panikk i det norske djupstatsapparatet at Trump prøver å gjere covid-«vaksinar» ulovlege i USA. Det blir antyda at norske politikarar og sjølve den norske medierøyndommen no står utan manus etter den politiske omveltinga i USA.
For å sitere Ottesen avslutningsvis:
«Potensialet for utviklingen er historisk, med terminering av den dype statens udiskutable innflytelse, konstruert over lang tid, blant annet ved hjelp av korrupte overnasjonale og statlige institusjoner, rettsvesenet, massemedier og ubegrensede finansielle ressurser, der ansvar vil gjøres gjeldene og omorganisering eller avvikling av dagens institusjoner vil sikres av pålitelig og kompetent personell.»
Djupstaten er utan tvil under åtak, kanskje det største åtaket sidan Andre verdskrig. Det blir spennande å sjå kva slags løgner som no blir forsøkt spreidd.

LOOOOL! BULL. SHITT! HAHAH
Norge kopierer all USA disinfo propa dritten og lager en light versjon her av det meste de gjør over der.
Er dette noe cuntrollert oppo kopiforsøk av Q anon ruka?!
LikarLikar