Var polio allereie på grensa til utrydda då poliovaksinen kom?

Det har i fleire generasjonar vore barnelærdom at poliovaksinen utrydda ein farleg og invalidiserande sjukdom i Vesten. Bilete av barn med poliolammingar, der dei mest alvorlege tilfella hamna i sokalla jarnlunger resten av livet, var nok til å skremme dei aller fleste foreldre til å godta vaksinasjon med poliovaksinar på sine barn – og ei rekkje andre vaksinar som var og er del av vaksinasjonsprogramma i Vesten.

Men er det verkeleg sant at poliovaksinen utrydda polio, eller var sjukdommen allereie i ferd med å bli utrydda då vaksinen dukka opp og visse krefter ønskte å tene pengar på den? Dette skriv S.D. Wells om i ein artikkel publisert 4.mars 2025 på Natural News. Tittelen på artikkelen seier haldninga vedkomande har til poliovaksinen:

«POLIO was 98% eradicated BEFORE THE VACCINE was ever invented and put into circulation, beginning the BIGGEST MEDICAL FARSE in history

(«Polio var 98% utrydda før vaksinen i det heile teke vart oppfunnen og sett i omløp, noko som byrja den største medisinske farsen i historia.»)

Historiske data frå medisinske tidsskrifter og bøker avslører at nedgangen i smittsame sjukdommar, inkludert polio, byrja lenge før innføringa av vaksinar, dette på grunn av forbetra levevilkår og oppdaginga av vitamin som styrkar immunforsvaret. Det var i det medisinske etablissementet sine interesser at vaksinar dukka opp, og dei tok del i skremselspropaganda for å fremje vaksinasjon – og dei ignorerte gladeleg sanninga om vaksinetryggleik og -effektivitet, noko som førte til ei misforståing rundt baby- og barneimmunitet. Media spelte naturlegvis ei betydeleg rolle i å spreie frykt om sjukdommar slik som polio, meslingar og (no på 2020-talet) covid-19. Dei brukte og bruker sensasjonsprega bilete for å skremme livet av folk, slik at dei godtek at barna deira får minst 12 vaksinar i løpet av kort tid (vaksinasjon mot 12 ulike sjukdommar er til dømes grunndelen i det norske vaksinasjonsprogrammet).

Som S.D. Wells skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Polio-propaganda er dei mest frykta falske nyheitene i verda. Viktig historisk informasjon manglar frå dei allopatiske ‘ordbøkene’ og legemunnar rundt om i USA. Fakta og tal må bli diskuterte og tekne med i betraktninga, frå lenge ignorerte medisinske tidsskrift og bøker, inkludert myteknusande grafar som avslører massenedgangen av smittsame sjukdommar før vaksinar kom, og før antibiotika og farmasøytiske legemiddel kom inn i biletet i det heile.

Den medisinske profesjonen er trena opp til å ignorere sanninga. Levande virus-vaksinar mot lammande poliomyelitt ber med seg den ibuande vansken med å kontrollere levande virus når dei fyrst er plasserte i ein levande person. I dag har vestleg medisin skremt foreldre til å tru at barna deira sannsynlegvis vil døy unge om dei ikkje blir vaksinerte med eit regime av meir enn 30 injeksjonar innan seksårsalderen, og som byrjar frå den dagen barnet blir født. Meslingar, koppar og polio er ikkje pesten. Kvart eit velnært barn som får tilstrekkjeleg med vitamin A og D vil normalt kome seg.»

Wells skriv vidare at der frå og med midten på 1800-talet var ein jamn nedgang i dødsfall frå alle smittsame sjukdommar, og at det gjekk ned til ganske små nivå innan byrjinga på 1900-talet. Grunnane til dette var at samfunnet gjekk over til sunnare levevanar, samstundes med at vitamin som aukar immunitet, slik som vitamin D, vart oppdaga. I skuggane konspirerte mellom andre American Medical Association, mellom anna ved å forfalske testresultat i kliniske forsøk med vaksinar.

Som Wells skriv vidare:

«Uheldigvis har spedbarnsimmunitet blitt misforstått av immunologar. Å forstyrre normal immunitet med injeksjonar med aluminium, kvikksølv, formaldehyd og kombinasjonar av levande virus som kan arbeide i tandem kan vere fullstendig uføreseieleg. Pro-vaksine-legar viser ofte til «fagfellevurdert litteratur» for å bevise poeng, men ein nærare titt beviser det motsette, som ofte avslører ei sjuk befolkning av vaksinerte barn som desse same pro-vaksine-legane visstnok bryr seg om.

Frå og med byrjinga av 1800-talet var der ein jamn nedgang i dødsfall frå alle desse smittsame sjukdommane, som på midten av 1900-talet gjekk ned til særs låge nivå. Innan 1920- og 30-talet hadde legar ei svært avslappa haldning til dei same sjukdommane som våre massemedia i dag presenterer som om dei var pesten. Dei fleste smittsame sjukdommar var rett og slett fridagar frå skulen for barn som hadde normale immunforsvar som ikkje var slegne sunde av kreftframkallande ‘legemiddel’ og som leid av betennelse etter nevrologisk hemmande tungmetall-forgifting.

Den sanne historia om polio involverer vaksineindusert lammande polio forårsaka av Salk-vaksinane. Faktisk held dr. Albert Sabin si utgåve av den orale poliovaksinen (OPV) fram med å forårsake lamming hjå vaksinemottakarar no, i 2015 [artikkelforfattaren meiner nok 2025; oms.an.]. Historia kan bevise at det frykta viruset som gjorde våre forfredrar til krøplingar, vart injiserte i folk som del av eit sjukt medisinsk eksperiment. Det er sanninga som massemedia aldri kjem til å publisere.»

Lesaren blir her oppfordra til å gjere eigne undersøkingar. I Noreg og andre land var utbrot av polio ein vanleg affære, og den siste polioepidemien i Noreg var frå 1950-54. 4.oktober 1956 landa det ifølgje norsk Wikipedia eit SAS-fly på Fornebu med den fyrste leveransen av poliovaksine til landet. Under ein internasjonal konferanse i 1954 vart det konkludert – temmeleg kontraintuitivt – at førekomst av polio auka ved forbetra hygieniske forhold, «og ekspertene synes å ha blitt stående fast ved denne teorien». Samstundes hevdar ein i dag at Noreg har vore «poliofritt» i over 30 år, naturlegvis på grunn av omfattande vaksinasjon. Poliosmitte i dag kjem fyrst og fremst frå utlandet. Det ser ut til at noko har utrydda polio i Noreg, og at forbetra hygieniske forhold – i strid med moderne helsefaglege prinsipp – ikkje er ei av årsakene.